lørdag 7. juni 2014

Stikk UT tur - Megårdsdammen, Isterdalen, Rauma Kommune

Tok oss ein tur opp i Isterdalen og gjekk tur til Megårdsdammen. Dette var eit av årets Stikk UT turmål i Rauma Kommune. Parkerte ved Trollstigen Camping og Gjestegård oppe i Isterdalen og gjekk ca 700 m tilbake langs vegen. Tok av på skogsbilveg ved sommerfjøset i Isterdalen. Ca 1 km gange fram til Megårdsdammen, ikkje langt frå Isterdalssetra. Denne lille dammen låg på vestsida av elva Istra som renn ned Isterdalen. Dette var eit fint og nytt turmål som var lett tilgjengeleg med barnevogn. Her var det laga til for grilling og det var ein gapahuk til ly for nedbør. Det skulle vere ørret i dammen, men vi såg ingen, ikkje eit lite vak eingong. Retur samme vegen. Stoppa ved Istra der ungane prøvde å vaspe i det klare vatnet. Men det var visstnok svært kaldt, Istra kjem frå fjellet og kaster seg utfor Trollstigen i Stigfossen. Elva kjem frå Alnesvatnet på 742 moh og der oppe var det snø og is i vannkantene fortsatt.
Total turlengde var 3.5 km, overkommelig for dei fleste.

Start på tur til Megårdsdammen ved sommerfjøset i Isterdalen, 07.06.14.

På Isdalsbrua over elva Istra, 07.06.14.

Martin kjenner på det kalde vatnet i Istra, 07.06.14.

Ida hilser på ei kvige i Isterdalen, 07.06.14.


Det gjekk ein flokk kviger her oppe i Isterdalen. Nokre av dei var nysgjerrige på oss.

Martin mater ei kvige.  07.06.14.


Ida og Silje på ei lita brygge i Megårdsdammen, 07.06.14.

Smil til fotografen. Megårdsdammen 07.06.14.

3 stk på brygga, Megårdsdammen 07.06.14.

Mange sitteplasser ved Megårdsdammen. Ingen fisk å sjå i dammen. 07.06.14.

Grillplass og gapahuk ved Megårdsdammen, 07.06.14.

Martin vasper i det kalde vatnet i Istra, 07.06.14.

Martin vaspa, mens Ida syntest det var svært kaldt i Istra. 07.06.14.

fredag 6. juni 2014

Barlind på Nesjestranda

Har i mange år høyrt om ei stor barlind i Hegnes-marka. Bestemor mi som kom frå Malones-garden, fortalte om denne barlinden som ho kjente til frå barndommen. Ho var fødd i 1909.  Den skulle vere synleg frå setervegen frå Malo om Brekkå og vidare forbi Brekkevatnet til Skålsetra. Bestemor Jenny hadde vore mykje på Skålsetra som budeie i yngre år og hadde gått setervegen frå Malo til Skålsetra mange gonger.  Eg var ikkje heilt sikker på lokasjonen til barlinden, men etter konsultasjon med kjent-mann visste eg så omtrent kor den var å finne.
Tok turen mellom regnbygene i kveld. Sykla Bjørnelihaugvegen opp til Brekkå / Hegnesskaret og gjekk så på skogsvegen i retning Malo. Gjekk ikkje så veldig langt før eg tok av vegen på sti som førte opp i Hegneslia. Der fant eg barlinden. Det var ein stor "kjerr", nærmest ei stor buske med mange stammer. Hadde vel sett for meg eit stort tre, men her var det mange tre og dei høgaste kunne vel vere ca 10 - 12 m.
Litt fakta om Barlind (frå Wikipedia) :
Barlind (Taxus baccata) er eit svært saktevoksende bartre i barlindfamilien. Treet har flate, myke og mørkegrønne nåler som er glinsende på oversiden og matte på undersiden. Barlind finnes som tre med ei stamme og også som her med mange stammer, nærmest som ein busk. Vanligvis blir ikkje barlind meir enn 10 m høgt, men kan nå opp mot 20 m. Barlind er eviggrønn. Den har spesielle frukter som er bærlignende slik som hos einer. Bærene blir røde. Heile barlinden er giftig. Barlind er eit svært fleksibelt tre som tåler hard beskjæring. Det er derfor velegnet som hekkplante. Treet kan bli svært gammelt.
Dette treet er også svært gammelt og må vere mykje over 100 år.  Det blir sagt at folk på gardane Hegnes og Malo skifta på å hente ned barlind-greiner til å pynte med på 17- mai.
Barlind har sin verdensnordgrense ved Kryssvatnet vest for Molde. Den er svært sparsom i utbredelse nord for Romsdalsfjorden, men meir vanleg på Sunnmøre og vidare sørover i landet. På Nesjestranda finnes vel eit par andre plasser med vill barlind, men med mindre tre enn i Hegneslia. Hegneslia er på kart avtegna som lia sørøst for Bjørnelihaugen, avgrensa av Brekkå / Hegnesskaret i øst.
Her er ein del bilder av barlinden. Det var ikkje heilt enkelt å ta bilder av heile barlinden sidan det var mange andre tre rett ved siden av.

Ved barlinden i Hegneslia, 06.06.14.

Barlinden i Hegneslia, sett frå øst, 06.06.14.

Barlinden i Hegneslia, sett frå vest, 06.06.14.


Barlinden i Hegneslia, 06.06.14.
 
Barlinden i Hegneslia, Svært mange trestammer i ei klynge. 06.06.14.


Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Grein av Barlind, Hegneslia, 06.06.14.

Trestamme, Barlinden i Hegneslia, 06.06.14.

søndag 1. juni 2014

Naturbilder - Nesjestranda

Gjekk ein runde over Løkan og til Langvatnet. Dette er i området mellom Bergsviksetra, Hegnesfjellet og Skålsetra og er eit stort myrområde med fleire vatn.  Langvatnet er eitt av dei. Myra var snøkvit av myrull på denne tida. Bukkeblad stod i flott blomst langs bredden av Langvatnet.
 
Kvitt av myrull på Løkan, 01.06.14.

Utsikt frå Løkan mot Litle Skåla, 902 moh.  01.06.14.

Bukkeblad ved Langvatnet, 01.06.14.

Bukkeblad i vannkanten på Langvatnet, 01.06.14.