mandag 5. januar 2015

Hurtigbåtrute Bolsøya - Molde

Den 5. januar 2015 vart det starta opp hurtigbåtrute mellom Bolsøya og Molde. Første avgangen gjekk kl 18:15 i regnvær. Det er korrespondanse med buss frå / til Sølsnes på alle avganger. Dette tilbudet skal vare ut året eller så lenge som nødvendig i forbindelse med renovering av Fannefjord-tunnelen. Tunnelen skal vere stengt mellom kl 18 og 06 alle dager unntatt natt til søndag.
Båtruta starter opp frå Bolsøya kl 18:15 og siste retur frå Molde er kl 2300 med ankomst Sølsnes med buss kl 23:30.
Vil her samle informasjon og presentere bilder tatt i forbindelse med hurtigbåtruta.

05-JAN-2015 :

"Westcruise" ved hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.15.

"Westcruise" ved hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.15. Båten er blitt blåfarga sidan eg tok bilde av den i Stavanger i juni 2006.

Den første bussen frå Veøy Buss som køyrde passasjerer til hurtigbåtkaia på Bolsøya 05.01.14.
Reg nr UR 90044.

"Westcruise" har lagt ut på sin første ordinære tur frå Bolsøya til Molde i regnværet mandag kveld 05.01.15 kl 18:15. Blitzen skaper inntrykk av snø, men det er regn som vises på bildet. Måtte bruke blitz for å få til bilde i bekmørket på Bolsøya.



Ruteplan for Molde - Bolsøya frå FRAM.



Rederiet RS Maritme AS, Ålesund er tildelt kontrakta, og det er hurtigbåten M/S "Westcruise" som skal trafikkere ruta Molde-Bolsøya frå 5. januar 2015. "Westcruise" vart kjøpt av Ålesundsrederiet frå Bergen i 2013. Dette er samme rederiet som har køyrt båtrute til Grip dei siste åra.


MS "Westcruise" i Stavanger 20.06.06. Det er denne hurtigbåten som skal trafikkere Molde - Bolsøya frå 5-Jan-2015.

 

17-DES-2014 :

Slik blir passasjerbåtkaia på Bolsøya. Det er ein lekter med gangbro til land og sannsynlegvis venterom og toalett. Det er også opparbeidd stor parkeringsplass på marka før bakken ned til gamle Bolsøya fergekai der pendlarar og andre kan parkere sin privatbil. Det blir ca 400 m å gå ned til båten. Bussen skal køyre heilt ned til båten.


Passasjerbåtkaia ved den gamle fergekaia på Bolsøya, 17.12.14.

fredag 26. desember 2014

Vinter på Romsdalsmuseet

2 juledag var vi i Molde og gjekk Julemarsjen. Vi gjekk då forbi Romsdalsmuseet og etter mykje snø siste natta var det eit heilt fantastisk vinterlandskap der. Mesteparten av området var heilt uberørt etter siste snøfallet. Vaspa meg ein tur inn på området og fekk tatt nokre flotte vinterbilder som vist nedenfor.


Martin og Ida i bygata på Romsdalsmuseet 26.12.14.

Bygata på Romsdalsmuseet, Molde 26.12.14.

Dette er Lassebua, butikken til LasseVik, Nesjestranda, Romsdalsmuseet 26.12.14.

Hammervoll-løa, Romsdalsmuseet 26.12.14.


Hammervoll-stua, Romsdalsmuseet 26.12.14.


Stabbur frå Ytre Eide, Eidsbygda, Romsdalsmuseet 26.12.14.

Stabbur frå Åsen på Nesjestranda,  Romsdalsmuseet 26.12.14.


Vistdalssmia, smie frå Meland, Vistdal,  Romsdalsmuseet 26.12.14.




søndag 9. november 2014

Trimtur Stensådalen - Kråna med retur om Flovikdalen

Har i dag gått endå ein tur som er merka i regi av Skåla Helselag. Denne gongen gjekk turen stort sett på lettgåtte skogsveger med litt sti mellom. Starta turen på RV64 og gjekk skogsvegen til Stenså-dalen. Passerte stidele til stien om Knuthytta der Stensåbakken låg (hoppbakken som no er revet). Fortsatte langs skogsvegen til Kråna. Der er det god blå merking vidare på sti opp gjennom tett granskog. Kryssa etter ei kort stund Stensåelva og fortsatte på stien opp til skogsvegen i Flovikdalen. Derifra gjekk eg ned igjen etter denne skogsvegen og endte opp ved Skyttarhuset "Glåmå".
Turen kan naturlegvis gåes i begge retninger. Dette er vel ein typisk trimtur, for her mangler den flotte utsikta vi har ellers på turane i dette området. Ellers håper eg Helselaget vil ordne med postkasse og navneskilt også i Kråna som er omtrent halvvegs på turen. Kråna kan vere eit turmål i seg sjølv som ikkje er for langt å gå ( mindre enn 30 min gange ). Heile turen tar i underkant av ein time i vanleg gangfart. Denne turen passer også fint til jogging for her er det stort sett fint terreng og gresskledd skogsveg i motsetning til Kamvegen som no er berre stein og røtter.

Start på skogsvegen til Stensådalen ved RV 64.   09.11.14.

Kort tid etter start passeres dette stidelet ved hoppbakken. Fortsett rett fram i retning Stensådalen.

Her stopper skogsvegen i tett granskog i Kråna. Følg blå merker på sti vidare oppover. 09.11.14.

På sti opp gjennom granskogen i Kråna. 09.11.14.

Stien passerer her Stensåelva.  09.11.14.

Stien frå Kråna kjem opp på skogsvegen i Flovikdalen. Her kan ein fortsette oppover Flovikdalen til Floviksetra og Horja, eller gå ned igjen etter skogsvegen slik som eg gjorde.  09.11.14.

På skogsvegen i Flovikdalen. 09.11.14.

Utsikt nedover skogsvegen i Flovikdalen. Vi ser Nord-Nesje rett fram. 09.11.14.

Her starter skogsvegen til Flovikdalen ved Skytterhuset "Glåmå" på Nesjestranda. Skytterhuset tilhører Nesjestranda & Skåla Skytterlag.  09.11.14.

Helselaget har også merka starten på denne skogsvegen nede ved Skytterhuset. 09.11.14.
 
Kartutsnitt som viser turen Stensådalen - Kråna - Flovikdalen. Total lengde i kart var 3.6 km.