søndag 21. juni 2015

Villblomster 2015

Vil her presentere nokre nye ville blomster som eg har tatt bilder av sidan forrige innlegg Villblomster - 2013.  (Sjå i bloggarkivet under Oktober 2013)
Bildene er lagt inn kronologisk med dei siste bildene sist (øverst) i innlegget.


21-Jun-2015 :  SNØMURE  (Potentilla Nivea) 

Snømure (Potentilla Nivea) ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Snømure (Potentilla Nivea) ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Snømure (Potentilla Nivea) ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.


21-Jun-2015 :  REINROSE  (Dryas Octopetala)

Reinrose  (Dryas octopetala)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Reinrose  (Dryas octopetala)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Reinrose  (Dryas octopetala)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.


21-Jun-2015 :  LAPPROSE  (Rhododendrum Lappponicum)

Lapprosa er ein flott liten rhododendrum som liker seg i fjellet og er å finne langt mot nord. Det er ein liten unnselig blomst som lett overses ute i naturen. Den trives best på kalkholdig grunn.
Lapprosa er nok litt på hell på desse bildene, så den har nok vore endå vakrare tidlegare i juni.

Lapprose  (Rhododendrum Lapponicum)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Lapprose  (Rhododendrum Lapponicum)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Lapprose  (Rhododendrum Lapponicum)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

Lapprose  (Rhododendrum Lapponicum)  ved Bøvertjønnin, Lom Kommune 21.06.15.

fredag 19. juni 2015

Cruiseskip på Åndalsnes 2015

I år kom det nokre nye cruisekip til Åndalsnes. Trenden dei siste åra har blitt større skip, men færre anløp. Molde og Åndalsnes samarbeider om cruiseskipanløp slik at eit skip kan anløpe begge havnene og kun betale ei havneavgift.  Nokre av dei mindre cruiseskipa benytter dette tilbudet.
Dei største skipa ligg heile dagen enten på Åndalsnes eller i Molde. Kaia på Åndalsnes er under utbygging, men vart ikkje ferdig i tide til anløpet av sommerens første skip "Britannia". Dermed måtte den ligge ute på "reden".
I år hadde Åndalsnes 6 vinteranløp (Nordlys-cruise frå Storbritannia). Det var skipene "Saga Pearl II", "Marco Polo" og "Saga Sapphire" som stod for desse anløpa i februar og mars  (21.02 - 24.03).
Skipet "Azores" kansellerte sitt anløp den 9. mars.
Sommersesongen vart starta med anløp av det heilt nye skipet til P & O, "Britannia" som kom den 19. mai på det første av 3 anløp i år. "Britannia" vart overlevert til P & O i februar og kom i tjeneste den 14.03.15. "Britannia" er det nest største cruiseskipet som har anløpt Åndalsnes, kun "Queen Mary 2" er større i tonnasje (148258 grt) og lengde (345 m).  "Britannia" har størst passasjerkapasitet med 4324 passasjerr mot "Queen Mary 2" som tar max 3090 passasjerer.
Bildene er her presentert etter dato for anløp med det siste anløpet øverst i innlegget. Dette er naturlegvis kun eit selektivt utvalg av anløp på Åndalsnes, sidan eg ikkje tar turen dit for kvart anløp.



19-Jun-2015 :  "COSTA PACIFICA",  Costa Cruises

Passerte Åndalsnes den 19.06 på veg til Lom, så fekk tatt nokre bilder av dette store skipet også.
Costa Cruises er ein del av amerikanske Carnival Group.
Info om "Costa Pacifica" :
Bygd i 2009 ved Fincantieri Marghera, Italia for Costa Cruises, Italia. Levert 02.06.09.
Tonnasje : 114288 GRT,
Lengde : 289.6 m.
Fart : 21.5 knop.
Passasjerkapasitet : 3780 passasjerer.

"Costa Pacifica" på reden, Åndalsnes 19.06.15.  Bildet er tatt frå Brevikstranda.
"Costa Pacifica",  Åndalsnes 19.06.15.
"Costa Pacifica",  Åndalsnes 19.06.15.



19-Mai-2015 :  "BRITANNIA",   P & O Cruises

"Britannia" er eit heilt nytt skip satt i tjeneste den 14. Mars 2015. Det er P & O's største skip og dermed også flaggskipet til P & O. Det har P & O's nye farger med flagget Union Jack på baugpartiet. På "Britannia" er dette flagget 94 m langt. Skipet vart bygd på verftet Fincantieri Monfalcone i Italia. Det dro frå verftet den 27.02.15. Skipet vart døpt av Dronning Elizabeth II i Southampton den 10.03.14 og satt i tjeneste den 14.03.15.
Andre data :
Tonnasje :  143730 GRT
Lengde / Bredde : 330 m  / 40 m.
Fart :  21.9 knop.
Passasjerkapasitet : 4324 passasjerer.
Crew : 1398 offiserer og crew.

"Britannia" fotografert i fart frå bussen på Brevikstranda 19.05.15.
"Britannia" på reden. Fotografert i fart frå bussen.
"Britannia" på reden utenfor Åndalsnes 19.05.15.
"Britannia" på reden utenfor Åndalsnes 19.05.15.
Nærbilde av "Britannia" sine 2 skorsteiner.  Åndalsnes 19.05.15.
"Britannia", Åndalsnes 19.05.15.  Flagget i baugen er 94 m langt. 
"Britannia" på reden utenfor Åndalsnes 19.05.15. Bildet er tatt frå sentrum.
"Britannia" på reden utenfor Åndalsnes 19.05.15. Bildet er tatt frå sentrum.
Store livbåter vart brukt til å frakte passasjerane i land på flytebrygga i Åndalsnes 19.05.15.
P & O Cruises har tatt over flytebrygga på Åndalsnes med egen innsjekking. 19.05.15.
"Britannia" på Åndalsnes 19.05.15.
"Britannia" på reden, Åndalsnes 19.05.15. Eit siste bilde tatt i fart frå bussen på Brevikstranda.




lørdag 6. juni 2015

Skåla - Fiksdal/Rekdal 6 - 0, Jubileumskamp 06.06.15.

Dette var dagen for feiring av Skåla IL's 100-årsjubileum. På Vågabanen var det først showkamp mellom dame og herre-trenarane. Kl 15 var det seriekamp for A-laget mot Fiksdal/Rekdal. Ser at det har blitt lagt ut mange fine bilder frå denne kampen allerede, men vil her presentere nokre av mine bilder.  På grunn av dårleg vær med lyn og torden  og kraftige regnbyger i 2. omgang vart det tatt færre bilder enn tenkt. Det var eit relativt stort publikum som såg kampen, men dei fleste rømte under det kraftige regnværet i 2. omgang.
Resultatet av kampen vart 6 - 0 til Skåla. Kjempebra resultat som godt kunne ha vore større i favør Skåla etter alle dei store sjansene laget hadde. Det var også mange stolpeskudd og eit brent straffe-spark.  Dette laget ser ut til å gjere det bra i serien og spillemessig var det ein god kamp. Fiksdal/Rekdal vart nok litt overkøyrt mot slutten og var nok glade dei slapp å få fleire baklengsmål mot seg.  Her er nokre av bildene :

Detalj frå Vågabanen, 06.06.15.

Lagene hilser før kampen. Fiksdal/Rekdal i lyseblå drakter.

Lagkapteinane klar til å velge banehalvdel.

Martin feirer sitt første mål i kampen.

Martin feirer sitt andre mål i kampen.

Lasse og Thomas i angrep blant mange lyseblå.

Utspill frå keeperen til Fiksdal/Rekdal.

Klart til straffespark for Skåla.

Bildet viser at Pål sklir i det han skal ta straffesparket.

Straffesparket blir redda. 

Nytt keeperutspill i solskinn. Vi ser at paraplyane fortsatt er oppe blant publikum.

Eit stort publikum holdt ut heilt til regnet kom.

Innlegg frå høgre. Telt med speakertjeneste i bakgrunnen.

Corner frå høgre.

Lasse (7) frå Skåla og Dag Nakken (9) frå Fiksdal/Rekdal. Sistnevnte har over 800 seriekamper.

Fiksdal/Rekdal tar telling etter eit av dei siste måla til Skåla.