torsdag 19. juli 2012

Cirkus Zorba på Vågsetra

19-JUL-2012 :

Cirkus Zorba hadde forestilling på grusbanen ved Vågsetra Skole den 19. juli. Dette er eit lite sirkus som besøker masse småsteder i Norge. Sirkuset er stasjonert på Frei på Nordmøre og vart starta av Thor Gujord. No er det hans datter Ronja Gujord som er sirkus-direktør og sirkus-prinsesse. Årets forestilling er ei Jubileumsforestilling sidan sirkuset feirer 20-årsjubileum i år.
Hadde med Ida og Martin til Vågsetra midt på dagen og då var sirkusteltet satt opp og alt utstyr, biler, campingvogner etc på plass. Ida og Martin ville sjå på dyra og vi fann nokre dyr som gjekk ute og beita mellom skoleplassen og kunstgrasbanen. Her var det esel, shetlandsponnier og geiter som fann god mat i det lange graset. Forestillinga skulle starte kl 18 med start på billettsalg 90 minutter før det. Her er nokre bilder frå første turen.

Cirkus Zorba ved Vågsetra Skole 19.07.12.
Cirkus Zorba ved Vågsetra Skole 19.07.12.
Cirkus Zorba ved Vågsetra Skole 19.07.12.
Cirkus Zorba ved Vågsetra Skole 19.07.12.
Eselet "Murphy"
Ida med ein av Shetlandsponniene til Circus Zorba.
Martin har funne ei geit i det høge grasset ved Vågsetra Skole.
<><><><><><><><><><><><>>
Sirkusplakat på Skålasenteret.


Vi dro bortover til Vågsetra Skole igjen ca 17:30. Heile familien på fem var med. Det var lite folk å sjå ved sirkuset. Skuffende lite oppmøte frå lokalbefolkninga på Skålahalvøya. Talte ca 60 stk publikum inkludert svært mange barn. Forestillinga varte i 2 timer med 15 minutter pause. Kjempeflott underholdning for store og små med koselige klovner og halsbrekkende innslag frå luftakrobater og andre flotte sirkusnummer med både artister og dyr. Martin og Ida fekk klappe ein ilder som var med i eit sirkusnummer. Sirkusdirektør Ronja Gujord avslutta med å seie at sirkuset hadde planer om å besøke Vågsetra neste år og ho håpa på større oppslutning neste gong.
Bildene inne i sirkus er tatt utan blitz og kvaliteten er derfor ikkje like bra på alle bildene der folk og dyr er i bevegelse. Men håper at nokon av bildene faller i smak.



På veg til Sirkus, Anna, Elias, Martin og Ida.

Martin på første rad i Sirkus Zorba.
Sirkusprinsessa Ronja Gujord ønsker publikum velkommen.
Luftakrobatikk av Ekaterina frå Russland.
Cowboyen Thor Gujord med sine Shetlandsponnier.
Klovnen Gennadijs fekk hjelp av Malin.

Flink sirkusartist.

Klovnene Gennadijs og Ekaterina med eit morsomt hundenummer.
Thor Gujord med sine flinke geiter.
Thor Gujord hadde også med ein ilder i programmet sitt.
Fantastisk stige/balanse-nummer av Duo Stauberti.
Fantastisk stige/balanse-nummer av Duo Stauberti.
Klovnefamilien Gennadijs frå Latvia og Ekaterina frå Russland og deres datter Paliina med sine duer.
Flott duenummer.
Hårhengingsnummer av den eine halvparten av Duo Stauberti, her som sommerfugl.
Hårhengingsnummer med jonglering.
Klovnen Genadijs hadde stor suksess som sterk mann.
Til slutt må eg seie at til å vere eit lite sirkus, så var årets forestilling av topp kvalitet. Både barn og voksne hygga seg over flotte prestasjoner under den 2 timer lange forestillinga. Håper berre at fleire vil ta turen til Cirkus Zorba neste år. Alle klager over at det ikkje skjer noko på Skålahalvøya, men når det først skjer noko gidder dei fleste ikkje gå og sjå på. Husker forestillinga til Cirkus Løwe på marka til gården Flatheim på Hovdenakken (hos Toril Hovdenak) på 70-tallet. Meiner å huske at det var mykje meir lokale folk på sirkus den gongen.

1 kommentar:

  1. Så flott at dere trivdes! Vi kommer nok tilbake neste år og håper på bedre oppmøte:))

    SvarSlett