søndag 28. oktober 2012

Tur til Heian - Søndag 28-Okt-2012

Etter 3 dager med snøvær vart det kjempefint vær med sol og blå himmel denne søndagen. Det var tid for å prøve å ga ein tur opp Kamvegen for å sjå kor langt det gjekk an å komme seg til fots. Det hadde komme meir enn 15 cm nysnø nede i bygda, så snømengden til fjells var nok betydeleg større. Det var trakka sti opp til postkassa på Kammen, men etter siste snøvær i går var det kun ein person som hadde vore oppe på Kammen før meg denne dagen. På turen ellers møtte eg ein jeger og eit par spreke kvinnfolk som tok turen som joggetur. Frå Kammen og opp på Heian var det ikkje spor etter folk og det vart vaspasamt i nysnøen som målte 30 - 35 cm. Kom meg opp siste berget og opp på Heian.  Snødybden målte eg her oppe til minst 42 cm og det var langt over støvlane mine. Hadde med tommestokk for nøyaktig måling av snødybde. Det var berre å snu for det kom til å bli kaldt og vått med snø i støvlane og svært tungt å fortsette oppover mot toppen av Horja. Turen vart såleis ein test av Fjellvettregel nr 8 "Vend i tide, det er ingen skam å snu".Tok meg i alle fall ei velfortjent pause på kanten av Heian og kunne nyte den flotte utsikta i solvarmen. Turen ned gjekk naturlegvis raskare enn opp ga ekstra god balansetrening ved å gå/jogge ned ein svært smaltrakka sti. Her er nokre bilder frå turen :

Flott snølandskap oppover Kamvegen.
Snøen kom tidleg i år og bjørka har ikkje felt lauvet endå. Blir det meir blaut snø, kan det bli store skader på lauvskogen.
Kamsetra i vinterdrakt.
Myra øverst i Kamvegen.
Flott furugrein på Kammen.
Postkassa øverst på Kammen med utsikt mot Molde by.
Stien vidare frå postkassa var ubrukt etter at snøen kom 25-Okt-2012.
Ustikt frå kanten av Heian.
Utsikt mot Horja frå Heian.
Hit men ikkje lenger. Oppe på Heian målte eg 42 cm nysnø. Vaspa i snø til langt over støvlane, så det var mest fornuftig å snu.
Pause i solvarmen på kanten av Heian.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar