søndag 29. juli 2012

Tur til Tafjord Friluftsbad 29-Jul-2012

Sommaren 2012 har ikkje vore spesielt bra, mykje regn og gråver og lave temperaturer. Søndag 29-Juli var det derimot meldt bra vær, og vi bestemte oss for å køyre til Tafjord og sjekke ut Tafjord Friluftsbad. Turen gjekk over Trollstigen til Valldal og deretter innover fjorden til Tafjord. Vi kom fram til Tafjord Friluftsbad ca kl 13:45. Det var sol og strålande sommervær. Det var mykje folk allerede på Tafjord Friluftsbad. Vi fann oss ein ledig plass ved bassenget og installerte oss på medbragte campingsenger. Hadde med eit lite "soltelt" til Silje. Ida og Martin var ikkje seine om å hoppe ut i bassenget. Ein familiebillett kosta kun kr 175 og det var ikkje så ille.
Tafjord Friluftsbad er eit resultat av at Tafjordkraft fekk bygge sin kraftstasjon der den einaste brukbare stranda i Tafjorden låg. Som kompensasjon for å ødelegge stranda vart dermed Tafjord Friluftsbad bygd og konsesjonsvilkåra tilseier at badet skal vere åpent om sommerhalvåret. Hovedbassenget er på 25 x 12 m og er oppvarma til 24 - 28 grader. Denne dagen var temperaturen i bassenget 27 grader.
Leste ein artikkel om Tafjord Friluftsbad i RB og var glad for at vi bestemte oss for å dra denne fine dagen. Ein treng ikkje reise til Syden så lenge ein har dette flotte friluftsbadet i nærleiken. Det var også eit lite plaskebasseng for småunger, men vi brukte kun det store bassenget. Ungane likte seg godt og prøvde også den lille sklia. Silje fekk seg også ein tur opp i bassenget og såg ut til å like det godt.
Det var kiosk og mulighet for å kjøpe seg is, pølser, kaffe og andre kioskvarer.

Tafjord Friluftsbad.
Martin i bassenget.

Ida i bassenget.
Martin i bassenget.

Hadde med eget "telt" til Silje. Denne er laga av eit stoff som beskytter mot UV-stråling.

Tafjord Friluftsbad i flotte omgivelser.

Tafjord Friluftsbad.
Barnebassenget til Tafjord Friluftsbad,
Tafjord Friluftsbad.
4 stk i bassenget.
Tafjord Friluftsbad i flotte omgivelser.
Tafjord Friluftsbad.
Ungane slapper av etter badinga.
Ida i farta i sklia.
Martin prøver sklia og hopper ut i bassenget.



Etter å ha avslutta i bassenget tok vi oss ein biltur opp til Zakariasdammen lengst oppe i Tafjorden. Her var det no ein flott foss. På grunn av all nedbøren i sommar var Zakariasvatnet fullt og det rann over kanten på Zakariasdammen. Ein triveleg søndagstur vart avslutta med middagsbuffet på Lupinen Kafe ved Muritunet i Valldal før retur over Trollstigen.
Flott naustrekke innerst i Tafjorden.
Parti frå Tafjord med brua over Storelva.
Zakariasvatnet. Bildet er tatt frå P-plassen der vegen slutter.
Zakariasdammen.
Zakariasdammen.
Fossen med regnbue.

Zakariasdammen.

Martin, Silje og Ida.
Utsikt frå Zakariasdammen nedover dalen mot fjellgarden Øyna.
Zakariasdammen.

1 kommentar: