søndag 10. februar 2013

Skitur Berg - Skålsetra 10-Feb-2013

Søndag 10-Feb-2013 var det klart for årets første skitur for min del. Snøen hadde endeleg komme etter ein svært lang periode med barfrost.  Det var overskya ver og derfor ikkje så kaldt. Det var likevel kuldegrader og  gode snøforhold med typisk "blått" føre. Fekk med meg Ida og Martin på skitur frå Berg. Ida var ivrig etter å prøve nye ski. Ho fekk ny skipakke på lørdag med ski som skal smøres. Ho har før kun brukt smørefrie ski. Vi prøvde no eit  nytt opplegg for å sleppe arbeidet med skismøring. Har aldri likt å smøre ski, det heng sikkert igjen frå barndommen med minner om våte treski og mykje klabbeføre. Kjøpte derfor no ein Rex TapeGrip universaltape for ski med festesmøring som dekka området +5 til -20 grader. La på festetapen  i går kveld, så no skulle skiene vere OK. Smurde også dei smørefrie skiene til Martin og meg med Swix Glider som forhåpentligvis skulle gi bedre gli.
Skåla IL har i år anskaffa ny tråkkemaskin og det var kjempefin skiløype innover Skålsetervegen frå Berg. Det var stor utfart til Berg denne søndagen og eg var heldig som fann ledig parkeringsplass. Her må det nok bygges større parkeringsplass. Mange gjekk på ski og mange småbarnsfamilier var i akebakken på Berg.
Vi starta skituren frå Berg ca 12:20 og gjekk oppkøyrt løype på Skålsetervegen.  Skålsetervegen var forøvrig brøyta frå Vikdalen til lunningsplassen i vestenden av Vikvatnet. Her var det muleg å hente tømmer med tømmerbil. Resten av Skålsetervegen var kun køyrt med tråkkemaskin. Fortsatte vidare på setervegen. Passerte Bergsviksetra og fortsatte til Skålsetra. Her var det obligatorisk pause med Kvikk Lunsj ved ei gammel seterbu.
Ida hadde ingen klager på nyskiene med festetape. Ho hadde bedre glid enn våre smørefrie ski. Sjølv om veret var overskya vart det ein bra skitur i flott vinterføre.
Sidan det var overskya og dårleg fotolys brukte eg blitz på nokre av bildene. 
Turen Berg - Skålsetra - Berg langs Skålsetervegen er ca 8.6 km. Her er nokre bilder frå turen :
På tur i fin skiløype på Skålsetervegen.  Dette er ved Vikvatnet.
Kort stopp ved Bergsviksetra.
Ved gammel seterbu (saufjøs) på Skålsetra.
Martin har funne fram ein Kvikk Lunsj.
Ida på Skålsetra.
Pause ved ei gammel seterbu på Skålsetra.
På tur ned igjen. Passerer granskogen ved Løkan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar