søndag 24. februar 2013

Familietur Berg - Brennsteinen

Denne søndagen tok vi oss ein tur til Berg for at ungane skulle prøve akebakken. Men det var hardt og isete i akebakken, så vi gjekk litt lenger østover på marka og prøvde oss der. Men det var ikkje ideelle forhold for aking i dag, så etter ei stund fann vi ut at vi kunne prøve å gå stien ut til Brennsteinen. Satte igjen akebretta på Berg og gjekk lengst øst på Bergsmyra. Såg at det hadde gått folk i stien til Brennsteinen, så det var ingen problem å gå den i joggesko sjølv om det var litt snø. Eg hadde Silje i bæremeis på ryggen. Det var første turen med Silje i bæremeis, men ho såg ut til å like det. Vi gjekk ut til Brennsteinen og tok oss ei lengre matpause der med medbragt kaffe og varme pølser på thermos. Ungane fekk varm kakao. Kosa oss og nytte utsikta heimover mot Havnevika. Det var ein fin tur der også sola kom fram mens vi gjekk attende til Berg. Denne flotte, men korte turen anbefales til både gammel og ung.

Anne Torill og Silje på Berg.

Martin i farta i bakken på Berg.

Ida på tur med Silje. Dette er på Bergsmyra.

No har vi gått stien frå Berg via Aasen til Brennsteinen. Fin tur i variert skogsterreng.


Matpause på Brennsteinen, Nesjestranda.

Og her er utsikta mot Nesjestranda.
Ida på Brennsteinen.
Martin og Ida på Brennsteinen.

Med Silje på Brennsteinen.

På tur tilbake frå Brennsteinen.

Spennende sti frå Brennsteinen mot Aasen, her har orkanen "Dagmar" dreve med skogsdrift.

Vi passerer over markene til den gamle garden Aasen.

På Aasen.

På stiens høgaste punkt var det utsikt mot Litle Skåla. Sola kom også fram.

Martin har klatra opp i ei gammel rot. Vi ser markene på Nør Berg til venstre.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar