Brukte denne flotte fredagen til å starte med Stikk UT turer i sesongen 2013. Hovedmål for turen var 2 nye turmål på fastlands-Aukra, nemlig Eidskremsetra og Eidskremheia. Hadde også tenkt å gå over til Storheia i Molde Kommune viss tida strakk til. Grensa mellom Molde og Aukra kommuner går over Eidskremheia.
Startpunkt for turen er på Eidskrem, der vegen til nokre utleigehytter tek av frå hovedvegen. Starten på stien og Stikk UT skiltet er godt gjemt i skogkanten rett overfor krysset der eg parkerte bilen. Stien er svært bratt opp lia. Det er ein interessant sti som slynger seg opp inne i stor granskog og deretter i lauvskog til terrenget flater ut. Langs stien veks det massevis av aurikler (kusymre).
Link til turen i kart : http://kart.gulesider.no/m/n52eL . Utmålt distanse i kart ca 8 km.
![]() |
Stikk UT skilt ved vegen på Eidskrem. |
![]() |
Bratt sti i granskog opp frå Eidskrem. |
![]() |
Utsikt ned mot vegen forbi Eidskrem. |
![]() |
Aurikler eller Kusymre, flotte blomster langs stien. |
Gjekk til eg kom til stidele for vegen til Eidskremheia. Gjekk først vidare rett fram i retning Eidskremsetra. Det var kun ca 5 min gange til eit nytt skilt viste veg til Stikk UT posten på Eidskremsetra. Her var det ingen seterhus, kun steinmurer etter gammel bebyggelse. Litt lenger opp var det ei nyare hytte.
![]() |
Her deler stien seg, fortsett rett fram mot Eidskremsetra, gå til høgre for Eidskremheia. |
![]() |
Stikk UT post på Eidskremsetra. |
![]() |
Bloggeren på Eidskremsetra. |
Frå Eidskremsetra er det fordelaktig å gå tilbake til stidelet for å fortsette turen opp på Eidskremheia. Det tok kun 3 minutt å gå ned igjen. Stien til Eidskremheia går her over Eidskremelva og opp ryggen mellom Eidskremdalen og Heilidalen. Denne ryggen følges heilt til ein møter stien frå Fangholsetra lenger oppe.