lørdag 25. mai 2013

Åndalsnesløpet 2013

Lørdag 25.05.13 vart Åndalsnesløpet arrangert og vi stilte med 2 deltakere frå Skåla IL. Dette løpet er kjent som "Løpet for alle" og det var klasser frå 0 - 100 år. Dei minste 0 - 10 år sprang ei fin 600 m løype utan tidtaking. Jenter og gutter 11 - 12 år sprang også 600 m, men med tidtakinng. Deretter var det klart for det store Åndalsnesløpet på 5 km, med mosjonsklasse og klasser for aktive. 
Været vart heilt flott med sol og blå himmel. Dagen starta med overskya vær, men meldingane om at det skulle klarne opp om ettermiddagen stemte. Løpet starta kl 15 for dei minste. Martin sprang i klasse 9-10 år og han skulle starte kl 15:30.  Ida i klasse jenter 11 - 12 år skulle starte rett etterpå kl 15:35.
Alle deltakerne fekk flotte T-skjorter og alle fekk deltakermedalje etter endt løp. I klassen til Ida som var med tidtaking var det også anne premiering.
I 5 km-løpet var også den lokale landslagsløperen Karoline Bjerkeli Grøvdal med. Det var flott at ho prioriterte dette lokale løpet på heimebane i opptreningsperioden før starten på løpssesongen. Karoline vart kun slått av vinner i herreklassen Johan Bugge frå Eidsvåg IL. Karoline er som kjent på det norske landslaget i friidrett og var deltakar under OL i London i 2012.
Dette vart ein flott dag for både gammel og ung. Synd at det var så liten deltagelse frå Skåla IL. Observerte kun 3 stk som sprang for Skåla IL, Martin , Ida og Jørill Gjeitnes som sprang 5 km. Arrangøren Å.I.F kan vere svært fornøyd med årets Åndalsnesløp.
Martin og Ida har fått T-skjorter og startnummer og er klar for Åndalsnesløpet 2013.

Martin [84] på startstreken i klasse 9-10 år.

Martin [84] klar til start.

Full fart frå start i klassen 9-10 år.
Martin på veg til mål etter snart 600 m.
Jenter 11-12 år har akkurat starta. Denne klassen sprang 600 m med tidtaking. Ida er øverst til venstre.
Ida på veg til mål.
Mykje folk ved startområdet ved Øran Stadion, Åndalsnes.
Flott utsikt mot Romsdalshorn frå fotballbanen på Øran.
Silje er ute og rusler på fotballbanen.
Karoline Bjerkeli Grøvdal ved start på 5 km i Åndalsnesløpet 2013.
Trangt om plassen på startstreken i klassen for aktive.
Startskuddet har gått, 5 km til mål.
Karoline Bjerkeli Grøvdal på veg mot mål på Øran.
Vinnerne av Åndalsnesløpet 2013 vart Karoline Bjerkeli Grøvdal på tida16.23.9 og Johan Bugge på tida 15.35.6.
Premieutdeling i klassen Jenter 11-12 år. Ida vart nr 3 av 5.

Ida får premie av Terje Hole frå ÅIF.

Her er alle jentene i klassen 11-12 år samla på pallen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar