fredag 31. mai 2013

Stikk UT tur til Eidskremsetra, Eidskremheia og Storheia.

Brukte denne flotte fredagen til å starte med Stikk UT turer i sesongen 2013. Hovedmål for turen var 2 nye turmål på fastlands-Aukra, nemlig Eidskremsetra og Eidskremheia. Hadde også tenkt å gå over til Storheia i Molde Kommune viss tida strakk til. Grensa mellom Molde og Aukra kommuner går over Eidskremheia.
Startpunkt for turen er på Eidskrem, der vegen til nokre utleigehytter tek av frå hovedvegen. Starten på stien og Stikk UT skiltet er godt gjemt i skogkanten rett overfor krysset der eg parkerte bilen. Stien er svært bratt opp lia. Det er ein interessant sti som slynger seg opp inne i stor granskog og deretter i lauvskog til terrenget flater ut. Langs stien veks det massevis av aurikler (kusymre).

Link til turen i kart : http://kart.gulesider.no/m/n52eL  . Utmålt distanse i kart ca 8 km.

Stikk UT skilt ved vegen på Eidskrem.

Bratt sti i granskog opp frå Eidskrem.


Utsikt ned mot vegen forbi Eidskrem.

Aurikler eller Kusymre, flotte blomster langs stien.

Gjekk til eg kom til stidele for vegen til Eidskremheia. Gjekk først vidare rett fram i retning Eidskremsetra. Det var kun ca 5 min gange til eit nytt skilt viste veg til Stikk UT posten på Eidskremsetra. Her var det ingen seterhus, kun steinmurer etter gammel bebyggelse. Litt lenger opp var det ei nyare hytte.


Her deler stien seg, fortsett rett fram mot Eidskremsetra, gå til høgre for Eidskremheia.

Stikk UT post på Eidskremsetra.


Bloggeren på Eidskremsetra.

Frå Eidskremsetra er det fordelaktig å gå tilbake til stidelet for å fortsette turen opp på Eidskremheia. Det tok kun 3 minutt å gå ned igjen. Stien til Eidskremheia går her over Eidskremelva og opp ryggen mellom Eidskremdalen og Heilidalen. Denne ryggen følges heilt til ein møter stien frå Fangholsetra lenger oppe.

 
Utsikt frå stien til Eidskremheia og over til Eidskremsetra. Ser den nye hytta.


Passerte denne lille hytta ved stien opp til Eidskremheia.
Stidele der stien frå Eidskrem møter stien frå Fangholsetra. Ser oppover mot Eidskremheia i bakgrunnen.

Utsikt utover Eidskremheia mot den største varden med Stikk UT post.

På Eidskremheia, 493 m.o.h.

Utsikt frå Eidskremheia mot Gossen.
Utsikt frå Eidskremheia mot Julsundet og Otrøya. Tautra ses midt i bildet. Garden nederst i bildet er Julbøen.

Utsikt mot Ormen Lange anlegget på Nyhamna. Gassfakkelen er godt synleg. Ein lastebåt er på veg inn skipsleia mot Bud.

Smiler pent til fotografen på Eidskremheia.

Rett sør for Eidskremheia ligg Lomtjønna, kjent blant anna frå innslag i "Ut i Naturen" på NRK.
 
Lomtjønna

I staden for å gå rett ned igjen la eg turen vidare sørover frå Eidskremheia. Passerte dei to vatna Lomtjønna og Skartjønna. Gjekk så over ein liten dal og opp til Storheia som også er Stikk UT post i år.


Flott utsikt mot Kryssvatnet og Langvatnet. Bildet er tatt før eg kryssa dalen mot Storheia. I bakgrunnen ser vi masta på Tusten og telemasta ved Varden.
Storheia sett frå nord.

Ved Stikk UT posten på Storheia, 525 m.o.h.
Utsikt frå Storheia mot Molde.
Utsikt frå Storheia nordøstover mot Elnesvågen. Vi ser dei tre vatna Tverrlivatnet (nærmest), Åndalsvatnet og Hestadvatnet.

Utsikt nordover mot Skartjønna. Jendemsfjellet i bakgrunnen.

Passerte øst for Lomtjønna på returen. Her låg det ein einslig snøflekk igjen og kjempa mot sol og 26 grader.
Multeblomster ved stien på Eidskremheia.

På stien ned til Eidskrem. Passerer ei bratt ur.

På turen heim frå Eidskrem tok eg med ein tur til Stikk Ut posten på Julneset. Det vart altså 4 stk Stikk UT poster på meg denne dagen.

Stikk UT # 4 for dagen på Julneset.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar