tirsdag 25. juni 2013

Vassfaret Bjørnepark, Flå, 25-Jun-2013

Vassfaret Bjørnepark var eit av våre turmål for ferieturen i år. Eg har vore i Bjørneparken før, men det er så lenge sidan at det kun var bjørner der. Etter at Olav Thon begynte å støtte parken har den blitt utvida og det er no mange fleire dyrearter der. Det er også masse andre aktiviteter for store og små, men det er sjølvsagt bjørnene som er hovedattraksjonen. Ved mitt første besøk i Bjørneparken i 1998 var hannbjørnen Rugg hovedpersonen. Rugg lever fortsatt i beste velgående. Han er no 18 år gammel og er far til alle bjørne-ungene i parken. Det er no totalt 8 bjørner i parken.
Andre ville dyr i parken er Elg, Hjort, Rådyr, Gaupe og Pinnsvin. I tillegg er det mange forskjellige husdyr.
Olav Thon har også bygd eit stor kjøpesenter og hotell like ved Bjørneparken. Det står ei kjempestor statue av Rugg ? ved kjøpesenteret i Flå. Flå Kommune har også bilde av ein bjørn i kommunevåpenet sitt. Flå ligg ikkje langt unna Vassfaret som var eit av dei siste områda i Norge med egen vill bjørnestamme. I dag kan ein kun treffe på bjørn som streifdyr i Vassfaret.
Sjå også internettsiden til Bjørneparken for meir info :  http://www.bjorneparken.no/ .

Her er ein del av bildene frå besøket :

Inngangen til Bjørneparken.

Og her sitter Olav Thon, Flå's største velgjører.

BRUNBJØRN

Dette er binna Nora som har 3 unger.
Godt å kjøle seg av i bassenget. Det var sol og varmt ver denne dagen. 2 av bjørneungane i aksjon.

Leik i vatnet blant søsken.

Kjekt å sitte i vatnet og leike seg.

Nora har klatra opp i ei trestamme og venter på mat. Første mating med frukt og grønnsaker var ca kl 11:30.

Nora.

Nora har fått selskap av ein av ungane i treet. Bjørner er svært flinke til å klatre i tre.

Nora har fått selskap av ein av ungane i treet.

Nora viser ungane korleis ein skal gå på to bein.

Dette er Rugg, far til alle bjørneungane. Han går i ei egen hegn.

Rugg, 18 år gammel, har fått grønnsaker og frukt til mat.

Ida og Martin i Bjørneparken, Nora i bakgrunnen.

Nora har flata heilt ut etter dagens første måltid med frukt og grønnsaker.

ELG

Elgokse.

Elgkua "Symra" slapper av før mating.

Martin mater elgkua med gulrøtter.

Martin mater elgkua med gulrøtter.

Elgoksen.

Ida og Martin mater elgene.

Martin, elgokse på 3 år.

 
HJORT
 
Hjort.
 
Hjortefamilie. Moro å sjå hjortekalven som vart født 27/5. Den har fortsatt kvite prikker og er no nesten 1 mnd gammel.


Hjorten gnir horna mot eit tre.

RÅDYR
 
Rådyr med kalv; ein av tvillingene født 12/5. Rådyr ser eg nesten dagleg heime, men moro å sjå kalvene på nært hold.
Rådyr-tvillingene født 12/5, 1 1/2 mnd gamle.
 
HUSDYR PÅ FLÅSETRA
 
Bjørneparken har også laga til ei seter der det gjekk geiter, sauer og eit par hengebuksvin. Dette var også plassen for ponniridning. Vi fekk komme inn i innhegninga til dyra og Silje fekk hilse på ein geitekilling.
 
Martin hilser på eit geitekilling.

Silje får hilse på eit geitekilling.

Geitekilling.
Martin med ei av dei voksne geitene.

Denne geitekillingen kan kunsten å slappe av.

Martin og geitekillingen.
Ida klapper eit hengebuksvin.
 
 


VAFLER OG KAFFE FRÅ BERTESTUGU
 
I dette trivelige huset er det ein liten kafé. Dagens tilbud var kaffe og vafler. Dette er huset til Berte Skrukkefyllhaugen som var ei av dei siste fastboande i Vassfaret. Huset vart tatt ned og flytta hit til Vassfartunet i Bjørneparken.
 
"Bertestugu" på Vassfartunet i Bjørneparken.

Godt med kaffe og vafler.

Mat og kaffepause i Bjørneparken. Det var godt om plass i parken denne dagen.

Vart inspirert av alle som tok bilde i lag med Olav Thon, så her har ungane samla seg i lag med Flå's største velgjører.
Det var også geiter nede ved Vassfartunet.

Sauer i fjøset på Vassfartunet.
 
PONNYRIDNING PÅ FLÅSETRA
 
Hestejenta vår, Ida, måtte prøve ponniridning. Hesten er den 5 år gamle Norlandshesten "Simba".
Ida på tur med Nordlandshesten Simba.
Ida med bevis for ridetur med Simba i 2013.

GAUPE

Kl 14:30 var det mating av gaupe. Anne Torill og Silje på gangvegen ved Gaupeinnhegninga.

Gaupa fann raskt fram til kjøttet som vart kasta ut i innhegninga. Gaupa bruker luktesansen for å finne maten.

Gaupe [Lynx lynx] er det einaste ville kattedyret i Norge.
Gaupe i flott positur.
 

PINNSVIN
  
Pinnsvinet er nattdyr om sommaren og går i hi om vinteren, så ikkje alltid like lett å sjå om dagen.


Pinnsvin.

Pinnsvin på tur i Bjørneparken.

MATING #2 AV BJØRN

Nora og dei 3 ungane venter spent på måltid nr 2 for dagen. Det er elgkjøtt på menyen.

Nora står på to bein og venter på maten.

Her har bjørnene fått kjøtt frå elg som er ihelkøyrt på vegen eller av toget.
Nora og ungane koser seg med elgkjøtt.

Nora.


Dermed var dagen omme og det var tid til å dra frå Bjørneparken. Vi dro ned til Bjørneparken Kjøpesenter og gjekk på Thon Hotel Bjørneparken og spiste buffetmiddag.

 
Denne porten står på vegen opp til Bjørneparken.

Martin blir liten ved siden av den kjempestore bjørnestatuen i Flå.

Flå Kommune har bjørn i kommunevåpenet.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar