søndag 30. juni 2013

Ramsvik Stugby & Camping, Sverige

Ramsvik Stugby & Camping  26-30-Jun-2013 :

Ferieturen i år gjekk via Lom og stopp i Bjørneparken i Flå før vi dro vidare i retning Sverige. Køyrde til Sandefjord og tok ferga over til Strömstad i Sverige. Derifrå var det ca 1 times køyring sørover til Ramsvik Stugby og Camping som låg litt forbi Hunnebostrand i Sotenäs Kommune i Bohuslän. Her fekk vi ei fin hytte der vi bodde i 5 døgn. Denne campingplassen låg heilt ute ved kysten og sjø og badeliv var dei store aktivitetane. Ramsvik lå også i nærheten av dyreparken Nordens Ark og nær turistbyene Kungshamn og Smögen.

Vi kom fram til Ramsvik utpå kvelden og fekk innstallert oss i stuga # 217. Ramsvik låg ute på ei halvøy som var delt frå fastlandet av ein kanal. Sotenkanalen var åpen for alle slags småbåter og seilbåter. Det var svingebru over kanalen som vart stengt kvar gong det kom ein seilbåt med høg master.
Heldigvis var det ein liten kiosk med kolonialvarer ved resepsjonen slik at vi fekk kjøpt litt mat og toalettpapir. Stugene her hadde ikkje toalettpapir, så det måtte vi skaffe sjølv !  Det var også ein restaurant i hovedbygget, så det var ingen problem med å kjøpe seg mat. Vi foretrakk å kjøpe inn mat som vi hadde i kjøleskap i hytta.
Her er nokre bilder frå første kvelden i Ramsvik :

Utsikt frå stuga 217, Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.

Martin bygger Lego, stuga 217,  Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.    

Silje titter ned frå soverommet på loftet,  Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.  

Silje prøvesitter på sin nye reisekoffert, Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.  

Ida er med på stol-leiken i lag med andre unger på Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.     

Ida vant stol-leiken denne gongen, Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.      

Kaffe og kulglass (kuleis), Restauranten, Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13. Anne Torill, Silje og Martin.       

Godt med is, synest Silje. Martin ler godt.
Restauranten, Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.       

Hovedbygget ved Ramsvik Stugby & Camping, 26.06.13.   

Ramsvik 27-Jun-2013 :
Denne dagen tok vi turen til den idylliske turistbyen Smøgen. Vi var også ein tur i nabobyen Kungshamn.


Brua over Soten Kanalen 27.06.13. Brua er åpen for båttrafikk på kanalen.       

Brua over Soten Kanalen 27.06.13. Dette er ei svingbru som svinger 90 grader for å sleppe forbi høge seilbåter.

Brua over Soten Kanalen 27.06.13. Ein seilbåt passserer.
Ramsvik 28-Jun-2013 :
Denne dagen var eg ein tur i Oslo, mens resten av familien var i ro på Ramsvik Stugby & Camping. Om kvelden var vi nede på brygga og ungane viste meg dagens krabbefangst. Nesten utruleg at dei kunne få krabbe med tanke på alle dei ungane som fiska krabbe der i løpet av dagen. Heldigvis vart nok mesteparten av fangsten sleppt uti sjøen igjen.

Ida og Martin fisker krabbe på brygga i Ramsvik Stugby & Camping, 28.06.13.

Ida fisker krabbe på brygga i Ramsvik, 28.06.13.


Martin fisker krabbe på brygga i Ramsvik, 28.06.13.

Ida og Martin fisker krabbe på brygga i Ramsvik Stugby & Camping, 28.06.13.

Her er Ida og Martins fangst av krabbe og sjøstjerne, Ramsvik Stugby & Camping, 28.06.13. 

Sjøstjerne fanga med krabbestang. Ramsvik 28.06.13.

Her er Ida og Martins fangst av krabbe og sjøstjerne, Ramsvik Stugby & Camping, 28.06.13.
Ramsvik 29-Jun-2013 :
Denne dagen vakna vi til regnver. Hadde tenkt oss til dyreparken Nordens Ark, men på grunn av været utsatte vi det besøket. Vi køyrde i staden til det store kjøpesenteret Torp Köpcentrum utanfor Uddevalla. Vi var også ein tur inne i Uddevalla by. Om kvelden var været mykje bedre og eg og ungane var ute på sjøen med trøbåt (vatncykel).

Det regna kraftig om morgonen, Utsikt frå hytte 217. Ramsvik Stugby & Camping, 29.06.13. 

Martin på tur i Vatncykel (Trøbåt), Ramsvik Stugby & Camping, 29.06.13.   

Alf og Martin på tur i Vatncykel (Trøbåt), Ramsvik, 29.06.13.    

Ida og Martin på båttur, Ramsvik, 29.06.13.   

Ida og Martin på båttur, Ramsvik, 29.06.13.


Ida og Martin på båttur, Ramsvik, 29.06.13.

Vi er ute på badebrygga, Ramsvik 29.06.13.


Martin på tur i Vatncykel (Trøbåt), Ramsvik Stugby & Camping, 29.06.13.
Ramsvik 30-Jun-2013 :
Denne dagen var det heldigvis sol og fint ver. Det var avreisedag og vi rydda, støvsuga og vaska hytta før avreise. I dag vart det ein kjempefin tur til Dyreparken Nordens Ark før ferieturen fortsatte vidare til byen Värnamo i Sør Sverige.

Martin støvsuger hytta før avreise, Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Hytta er rydda og vaska og det er klart for avreise, Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.        

Stuga 217, Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Stuga 217, Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Ramsvik Stugby & Camping, 30.06.13.

Soten Kanalen. Vi passerte for siste gong. 30.06.13.

Soten Kanalen 30.06.13.  Ramsvik, takk for denne gongen.

Vi forlot Ramsvik for denne gongen. Været har ikkje vore det beste, så det vart dårleg med badeliv. Været hadde vore skiftande i lang tid så sjøen var kald og den frista ikkje til bading. Ellers har oppholdet vore bra og vi har fått med oss ein del nye opplevelser, kjekt for store og små.
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar