Etter ei kort periode ved basen i Marsa Matrouh vart eg overflytta til AEG (Abu Rudeis Egypt) i Abu Rudeis på Sinaihalvøya den 01.05.92. Basen i Abu Rudeis låg ved kysten av Gulf of Suez (Suez-bukta). Hovedvegen frå Suez til Sharm el Sheikh gjekk forbi basen. Min jobb i Abu Rudeis var fortsatt Cased Hole logging/brønnservice. I Abu Rudeis var det kun offshore-arbeid på små plattformer og jack-up rigger i Gulf of Suez. Mesteparten av jobbane var for oljeselskapene Agiba og Petrobel. Riggen "Key Manhattan" som jobba offshore Port Said vart også betjent frå Abu Rudeis.
Turen frå Kairo til Abu Rudeis gjekk med mailtaxi via Suez. Vi passerte i tunnel under Suezkanalen litt nord for Suez og vegen gjekk vidare sørover på Sinaihalvøya. Langs vegen var det fortsatt mange minefelt etter krigen med Israel. Desse minefelta var merka med piggtrådsperring, men dei bar tydeleg preg av tidens tann og ikkje alle var like godt synlege. Her var det best å ikkje forlate vegen. Det var stoppeposter der all trafikk vart sjekka av militært politi. Her måtte ein ha alle papir i orden for å kunne passere.
Her er nokre bilder frå tida i Abu Rudeis.
|
Supplybåten "Maridive VII" ved "Perro Negro 4", West Belayim (113-M-2), Petrobel. Riggen vi ser er Santa Fe riggen "SF-105", 02.05.92. |
|
På veg til jobb for SUCO på Ras Badran A, Gulf of Suez, 28.09.92. Supplybåten "Abu el Hool 4" ligg ved plattforma. |
|
På veg til jobb for SUCO på Ras Badran A, Gulf of Suez, 28.09.92. Vår Mast er rigga opp og det er klart for jobben. |
|
MPBT-jobb på Ras Budran A, Gulf of Suez 29.09.92. Klar til å køyre inn med ein 7" MPBT-plugg. Crew : Mohamed Egemi, Atef Zaher og Anwar Taher. |
|
MPBT-jobb på Ras Budran A, Gulf of Suez 29.09.92. Klar til å køyre inn med ein 7" MPBT-plugg. Schlumberger-ingeniør Bob Manek og to av SUCO's folk. |
|
Petroleum Air Services (P.A.S.), SU-CBE, Dash 7, på flystripa i Zeit Bay, 22.10.92.
Var i Zeit Bay på ein jobb for SUCO og då måtte vi ta fly frå Abu Rudeis til Zeit Bay på vestsida av Gulf of Suez.
|
|
Jack-up riggen "Key Manhattan" med Schlumberger unit OSU-F 24. Denne riggen jobba for IEOC på brønn JF 75-3 DIR på olje/gass-feltet Port Fuad Marine 4 utanfor Port Said. 11.11.92.
Eg var ombord 1-11.11.92.
|
|
Schlumberger basen i Mansura, Egypt, 11.11.92. Basen var kun 2 containere med arbeidsverksted og parkeringsplass for logge-trucken. Besøkte denne lille basen i byen Mansura i Nil-deltaet på tur frå Port Said via Kairo til Abu Rudeis. |
|
Utsikt mot Cairo Tower i Kairo 11.11.92. Cairo Tower ligg på øya Gezira i Nilen. Bilturen frå Port Said til Abu Rudeis var så lang at vi måtte overnatte på hotell i Kairo. |
|
Venter på grønt lys for å køyre gjennom tunnelen under Suez-kanalen nord for Suez 12.11.92.
Biltur frå Port Said via Kairo til Abu Rudeis. |
|
Jack-up riggen "Mærsk Endurer", Garra Marine, Gulf of Suez 18.11.92. |
|
"Mærsk Endurer", Garra Marine, Gulf of Suez 18.11.92. Vi vart overført i personnel-kurv frå "Maridive IX". Jobben var for Petrobel, i Garra Marine, brønn GM-HAA-1.
Eg var ombord 18-21.11.92.
|
|
Etter jobben på "Mærsk Endurer" i Garra Marine tok vi oss tid til eit stopp ved dei varme kildene i El Tur, Sinai på heimvegen til Abu Rudeis, 21.11.92. Min operatør Mohamed Abbas. |
|
Ved dei varme kildene i El Tur, Sinai, 21.11.92. Bilen vår og 2 av operatørane ses til venstre i bildet.
|
|
Schlumberger basen AEG, Abu Rudeis, Egypt, Januar 1993. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar