torsdag 30. desember 1993

SEG - Ras Shukheir, Egypt 1993

Ankom Abu Rudeis den 27-Februar-1993 etter å ha vore heime i Norge på fridager. Fekk no beskjed om at eg var overflytta til basen SEG, Ras Shukheir som låg på Afrika-sida av Gulf of Suez. Pakka sakene mine og fekk organisert transport med mail-taxi frå Abu Rudeis via Suez og ned til Ras Shukheir neste dag. Dette skulle vise seg å bli eit langvarig opphold for meg. Jobba i Ras Shukheir i ca 5 år totalt før neste transfer som gjekk til Saudi Arabia. 
Basen i Ras Shukheir låg innenfor portene til oljeselskapet GUPCO sin base og GUPCO var vår største oppdragsgiver. GUPCO (Gulf of Suez Petroleum Company) var eit selskap med Amoco og EGPC (Egyp General Petroleum Company) som eiere. ( I dag er det BP og EGPC som er eiere etter at BP og Amoco fusjonerte i 1998 ). GUPCO opererte fleire stor og mange mindre felt i Gulf of Suez. Blant dei største felta var Morgan, October, July, Badri og Shoab Ali. Alle desse felta hadde ei større platform eller feltsenter som hadde prosessanlegg for alle dei andre satelittplattformene på feltet. Vår jobb var å gjere brønnservice i brønnene på satelittplattformene.
GUPCO hadde 4 produksjonsbåter som vart brukt til å frakte folk frå land eller frå feltsenteret ( Complex platform ) og ut til satelittplattformene. Båtane var utstyrt med ei stor kran slik at dei kunne flytte wireline-utstyret ombord på dei små ubetjente plattformene. Dei små plattformene hadde kun eit brønnhodedekk og eit helikopterdekk på toppen. Oppe på helikopterdekket rigga vi til utstyret for å gjere brønnservice. Vi opna ei luke i helikopterdekket for å kunne koble trykkontroll-utstyret vårt til brønnhodene. 
I feltene October og Shoab Ali bodde vi i 4-mannsrom ombord på produksjonsbåtene under jobben. Vi jobba stort sett kun på dagtid mens det var lys, men enkelte jobber kunne dra ut over heile natta til neste dag. Fekk med oss matpakke frå båten som vi åt under jobben. Frukost og middag fekk vi ombord på båtane. Så snart jobben var ferdig var det helikopter til land frå Complex-plattformen.
I feltene Morgan, July og Badri var det oftast ut og innreise med produksjonsbåt. Då måtte vi reise ut tidleg på morgonen (5 - 7-tida). Vi returnerte til land om kvelden eller oftast like før midnatt. Det hendte det vart langt på natta før vi kom oss på land. Det er mykje vind og kraftige bølger i Gulf of Suez. På mange turer ut med båt var det for dårleg vær til å komme seg over på plattformene og vi endte opp med å tilbringe heile dagen ombord på produksjonsbåten. Så var det nytt forsøk neste dag.

I dette innlegget har eg tatt med eit utvalg av bildene frå det første året i Ras Shukheir, 01.03.93 - 31.12.93.

"Columbia Tide" ved July 37, Gulf of Suez, Egypt 18.03.93. Dette var eitt av 4 produksjonsskip operert av Gupco. I containerane på dekk var det mulig å overnatte. Krana vart brukt til å løfte utstyr ombord på plattforma.


"Columbia Tide" ved July 37, Gulf of Suez, Egypt 18.03.93. Dei har starta opp krana.

"Columbia Tide" ved July 37, Gulf of Suez, Egypt 18.03.93. Her har dei begynt med kranløfting av utstyr over til July 37. Ikkje mykje sikring for folka oppe på helikopterdekket !

July 29 med SLB Mast, 21.03.93.  Dette bildet viser vårt utstyr opprigga ombord på July 29.

Bygging av SLB MAST på Ashrafi MPA plattforma i Golf of Suez 10.04.93.
Ashrafi-feltet tilhører oljeselskapet Agiba. Dette var ein annan type plattform som hadde egen kran ombord. Vi rigga oss til på lukedekket og ikkje gjennom helikopterdekket.

Bygging av SLB MAST på Ashrafi MPA plattforma i Golf of Suez 10.04.93. Masta var ei DOP-B mast med 3 ledd og høgde på ca 21 m (70 ft).

Bygging av SLB MAST på Ashrafi MPA plattforma i Golf of Suez 10.04.93.

Avskjedsselskap for FSM Hatem Soliman på basen i SEG, Ras Shukheir, Egypt 20.04.93.
Ny FSM Ashraf Hamdy, SEG sekretær Mary Mahrous, og avtroppende FSM Hatem Soliman.




Avskjedsselskap for FSM Hatem Soliman på basen i SEG, Ras Shukheir, Egypt 20.04.93.
Det var dekka til med mat og masse kaker på ein av arbeidsbenkane inne på basen.


Gruppebilde av ansatte i SEG, Ras Shukheir 20.04.93. Bildet tatt i anledning skifte av basesjef.

Test av MPBT motor i oljebad, SEG, Ras Shukheir 20.04.93. Hassan Aref, Mohammed Makhlouf, Ali Hassan og Josef William.

Test av MPBT motor i oljebad, SEG, Ras Shukheir 20.04.93. Lab-tekniker Josef William.

Test av MPBT motor i oljebad, SEG, Ras Shukheir 20.04.93. Alf, Josef William og operatør og crewchief Ali Hassan,   Fotograf : Hassan Aref.

Ingeniør Teo ved CSU'en, SEG, Ras Shukheir, 20.04.93.

Alf på kontoret, SEG, Ras Shukheir. 20.04.93. Som vi ser var det CSU med logging på tape og fremkalling av film.

Shoab Ali A plattforma, Gulf of Suez, 23.04.93.
Tatt frå "Ribardi Tide".  Dette var nokre av plattformene i Gulf of Suez som var bygd under Israel's okkupasjon av Sinai.

"Pacific Shield" forlet October A plattforma i grov sjø om morgonen 01.05.93.  I bakgrunnen ser vi October Complex.

SEG camp, Ras Shukheir, Egypt. Soler meg ved svømmebassenget.  04.06.93.

Bading i SEG, Ras Shukheir, 05.06.93.
Mohamed Hegazi (Egypt), Glen Tindall (Australia) og Bob Manek (USA).
Moro med tennisballer. 3 mann i lufta.

Bading i SEG, Ras Shukheir, 05.06.93.
Mohamed Hegazi (Egypt), Glen Tindall (Australia) og Bob Manek (USA).
Moro med tennisballer.

Trafikkskilt, Ras Shukheir, Egypt. 02.12.93.

Trafikkskilt, Ras Shukheir, Egypt. 02.12.93.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar