lørdag 8. september 2018

Gardsklokker / Supaklokker på Skålahalvøya

I sommer har eg registrert og tatt bilder av alle noverande Gardsklokker/Supaklokker på Skålahalvøya. Det er 5 garder på Nesjestranda, 5 garder i Vågane og 2 garder på Solemdalen som fortsatt har Supaklokke. 

Det lokale navnet her på Skålahalvøya er Supaklokke, men nasjonalt har den også vorte kalla Gardsklokke, Stabbursklokke, Matklokke eller Dugurdsklokke. I Trøndelag kalles den på trøndersk Supklokk, utan a-en i ordet.
Dette er ei ringeklokke som hang i eit klokketårn som var plassert på taket til stabburet, løa eller andre bygninger på garden. Klokka vart brukt til å kalle inn til matpause på garden, gjerne 3 gonger om dagen, dugurd, middag og kveldsmat. Klokkene vart også brukt til ringing ved høytider, olsok , bryllup eller som alarmklokke ved ulykker som for eksempel brann. Klokkene var brukt på større garder som hadde mange tjenestefolk og leilendinger i arbeid på markene. 
Arbeidsfolka ute på markene var stort sett frå fattige kår og hadde ikkje egne lommeur eller klokker. Supaklokkene var således brukt til å kommunisere matpauser på garden. Det var viktig å få alle inn så raskt som mulig for å ha effektiv drift på garden. 
Det var helst gardkona sjølv som ringte i supaklokka. Dette var eit viktig verv som måtte læres. Det vart ringt inn til pause og klunka ut etter pause. Slik visste alle på garden tidene for matservering.

Min registrering viser eit fleirtal av Stabbursklokker i vårt område. Har registrert kun 2 garder med løeklokker og ein gard med klokka montert på eit arbeidshus.  Nokre få av Supaklokkene er utstyrt med ein vindvimpel i metall på toppen som viser eit årstall, mest sannsynleg årstallet for montering av Supaklokka.
Supaklokkene var og er ein viktig del av vår kulturhistorie, men i dag er dette ein gardstradisjon som for folk flest har gått i gløymeboka. 
Trur ikkje det har vore gjort noko opptelling i Molde Kommune over eksisterande Supaklokker i kommunen.
Ser ved søk på internett at Fylkesmannen i Hedmark og Hedmark Fylkeskommune starta eit prosjekt i 2016 for registrering av alle gardsklokkene i Hedmark Fylke. Også i Oppland Fylke har det vore registrering av gardsklokker. Der var det 512 gardsklokker.

Det vart moderne med gardsklokker på gardene i 1870-åra for å varsle om mat - og kviletid. Før klokkene kom til gards kunne gardkona enten rope frå trappa eller sende nokon ut for å varsle om mat. Ho kunne også varsle ved hjelp av eit kvitt klede som vart hengt opp lett synleg. Det var viktig med faste måltider særleg i onnene. Dei eldste gardsklokkene i Norge er frå åra 1750-1800.
Tradisjonen med gardsklokker kom til Norge via Sverige og det finst i dag mest gardsklokker på Østlandet, i området rundt Mjøsa og nordover mot Trøndelag. Tradisjonen med bruk av gardsklokker avtok på 1950-tallet. 
Det finnes fortsatt i dag fleire klokkestøperi som lager gardsklokker og mange bruker slike ringeklokker på hyttene sine.





Nedenfor presenterer eg garder med supaklokke på Skålahalvøya, frå Nesjestranda via Vågane til Solemdalen. Har også tatt med den eine garden eg fann med supaklokke på Bolsøya. Til slutt har eg tatt med bilder av stabburet på Lergrovik gard i Molde som kanskje har det flottaste klokketårnet.

NØR GRIBBESTAD, GNR 128/2.

Gribbestad vart delt i 2 bruk på 1600-tallet. Nør Gribbestad vart sjølveigar rundt 1730. Her er klokketårnet med Supaklokke montert på løetaket.

Løe med klokketårn, Nør Gribbestad, 01.07.18.





YTTER ÅRSET, GNR 126/1.

Årset vart også delt i 2 bruk på 1600-tallet. Gardane var lenge leilendinger under Veøy Kyrkje på Veøya. Ytter Årset vart kjøpt fri som sjølveigar i 1870. Løa brann ned i 1934, men vart bygd opp igjen samme året. Her er klokketårnet med Supaklokke montert på løetaket. Ytter Årset hadde kai med faste dampskipsanløp. Der var det også brevhus for Posten og telefonstasjon.





Løe med klokketårn, Ytter Årset, 01.07.18.





ØVER MALO, GNR 124/1.

Garden vart sjølveigar i 1872. Ny løe bygd ca 1890. Klokketårn med Supaklokke montert på stabburet. Tårnet har vindvimpel som viser årstallet 1890 for klokketårnet. Våningshus og stabbur er i dag skilt ut og har fått gnr 124/15.

Stabbur med klokketårn, Øver Malo, 08.08.18.


Vindvimpel med årstall 1890, klokketårn, Øver Malo.



SØLSNES, GNR 123/7. (Lied-garden).

Denne garden var eit sjølvstendig bruk alt på 1400-tallet. Jonas Lied [1881-1969] tok over garden i 1933 og bygde den opp til ein stor herregård. Garden har i dag 3 stabbur. Jonas Lied kjøpte 2 stabbur, det eldste frå 1600-tallet og det andre frå 1880/81. Det tredje stabburet vart bygd i gammal stil i 1936. Garden vart presentert i TV-programmet "Herskapelig" med Toppen Bech. 
Det gamlaste stabburet stammer frå 1620 (datert etter årringsanalyser), Dette stabburet stod opprinneleg på Teigset i Nesset og vart seinare flytta til Åram i Ranvik. Jonas Lied kjøpte stabburet i 1938. Det har klokketårn med Supaklokke som mest sannsynleg stammer frå tida etter at stabburet kom til Sølsnes. Stabburet eller Sengebua som huset også blir kalla var vel brukt til soverom for gardens tjenestefolk. 
Det andre stabbburet som også har klokketårn med Supaklokke og har vindvimpel datert 1880.


Sengebua på Sølsnes Gård, 31.07.18.
Klokketårnet på Sengebua, Sølsnes.
Stabbur frå 1880/1881, 31.07.18.



Klokketårn med vindvimpel datert HL 1880, Sølsnes.

Supaklokke på Sølsnes.

STENSÅ, GNR 117/1.
Stenså er kjent frå 1600-tallet. Det var leilending under Veøy Kyrkje. Kjøpt fri som sjølveigar i 1832. Her er det stabbur med klokketårn og Supaklokke. Tårnet har vindvimpel, men utan årstall. Dagens klokketårn er ein tro kopi av det opprinnelege.
Stabbur med klokketårn, Stenså, 01.07.18.



HOVDENAKKEN - GJEITNES - RØVIK - BROKSTAD

HOVDENAK, GNR 16/1.

Dette er ein svært gammel gard med bosetning frå 800-900 e. Kr. Første kjente leilending er frå 1600-tallet. Kjøpt i 1830 og vart sjølveigar.
Garden ligg fint til på Hovdenakken med flott utsikt over Hovdenakkvågen og resten av Vågane. Tunet ligg 66 m.o.h. Her er klokketårnet med supaklokke montert på taket til kårhuset som var det opprinnelige våningshuset fram til 1988.
Kårhuset med klokketårn, Hovdenak gard, 31.08.18.

Klokketårn, kula på toppen har fått seg ein trøkk av grangreinene.




GJEITNES, GNR 15/1.

Denne garden har vore sjølveigar / odelsgard frå 1600-tallet.
Det er i dag eit av få gjenverande gardsbruk i full drift med melkeproduksjon. Her blir det bygd ny stor låvebygning med alle moderne fasiliteter i disse dager (2018). Garden har eit flott tun med eit stort stabbur med klokketårn og supaklokke.
Stabbur med klokketårn, Gjeitnes Gård, 05.07.18.



RØVIK, GNR 14/1.

Denne garden har historie tilbake til 1600-talet. Garden vart dreven med husdyr til 1968, deretter er jorda drifta av nabogarden. Det gamle våningshuset vart reve, og nytt bolighus vart bygdhar. Løa vart brent og fjerna i 1989. Tunet er flott med nokre gamle bygninger som er godt bevart, deriblant eit stabbur med klokketårn og supaklokke.
Stabbur med klokketårn, Røvik, Nedigarden, 08.08.18.









RØVIK GNR 14/6.

Garden er kalla Oppigarden i motsetning til gnr 14/1 som er kalla Nedigarden. Røvik vart delt i 2 bruk på 1500-tallet. Det er kjennskap til folk på garden frå 1650.Garden avslutta melkeproduksjon for nokre år sidan. Jorda er fortsatt drifta med produksjon av gras (rundballer). Garden har eit flott tun med blant anna stabbur med klokketårn med supaklokke. 


Stabbur med klokketårn, Røvik, Oppigarden, 08.08.18.






NEDRE BROKSTAD, GNR 10/2.

Gammel odelsgard med historie tilbake til 1600-tallet. Garden delt i 2 bruk.
Her er det klokketårn med supaklokke montert på taket til eit arbeidshus. Arbeidshus og klokketårn er velholdt og er med på å skape eit flott og triveleg gardstun. 
 
Arbeidshus med klokketårn, Nedre Brokstad, 08.08.18.










SOLEMDALEN :

TOLLÅS, GNR 1/1.

Her er det stort stabbur med klokketårn og supaklokke. Gardstunet er stort og flott. Stabburet er flytta til dagens plassering i nyare tid for å gi bedre plass i tunet. Garden driv i dag med kjøttproduksjon.


Stabburet på Tollåsen, 05.07.18.








SOLHEIMDAL, GNR 2/1.

Her går gamlevegen rett gjennom tunet. Garden er i full drift og har mange slags dyr. Det er også besøksgard som tar i mot barnehageunger og andre for å sjå på husdyra og lære om gardsarbeid. Garden har eit stort stabbur med klokketårn og supaklokke.
Stabburet på Solheimdal Gard, 31.08.18.







BOLSØYA :

TORHAUG, GNR 17/26.

Denne garden ligg like ved Bolsøya skole og er ikkje i dagleg drift. Garden har eit fint tun med stabbur med klokketårn og supaklokke.
Stabburet på Torhaug, Bolsøya, 05.07.18.



MOLDE :

LERGROVIK, GNR 31/1.

Stor gard med historikk tilbake til 1600-tallet. Dette er vel i dag den flottaste garden i Molde Kommune. Her er det særdeles velholdte bygninger samla i eit stort og flott tun. Fargen på bygningene er okergul og fargen er gjennomført på alle bygninger unntatt våningshuset som er kvitt. I tunet står eit stort flott stabbur med klokketårn og supaklokke. Garden driv i dag kun med grasproduksjon. 
Stabburet på Lergrovik Gård, 30.08.18.
Klokketårn med vindvimpel datert 1871, Lergrovik Gård, Molde.


Ønsker informasjon om nokon kjenner til fleire garder på Skålahalvøya som har eller har hatt klokketårn med supaklokke.



Kjelder :
"Bygdebok for Nesjestranda", Arnold Solemdal.
"Bygdebok for Vågane", Arnold Solemdal.
"Jonas Lied og Sølsnes gård", Wilhelm Wilkens.
Diverse artikler frå internett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar