mandag 27. januar 2020

Frakteskuta "Kristiane" frå Nesjestranda

Har endeleg komme over eit bilde av frakteskuta "Kristiane". Dette er ein båt som i åra 1954 - 1959 høyrde til på Nesjestranda, første året med Nils Solheim som eier, deretter var det Knut Lillevik som var eier. 
Har grove fram ein del informasjon om båten ved hjelp av Skipsregisterkort, men bildet som dukka opp på Fb-siden om "Gamle og Nye Fraktebåter" gjør at eg no kan samle all informasjon om båten i dette innlegget. 
"Kristianne" som bildet viser er navnet som stod på styrhuset, men på Skipsregisterkortet og i Merkeregisteret var navnet skrive med ein n, altså "Kristiane". Uansett er det samme båt. Bildet viser at båten var fiskeriregistrert i åra 1947 - 1954 med fiskerimerke M-2-GT  Båten var derfor med sikkerhet brukt til transport av fisk. På Nesjestranda låg båten for anker i Havnevika når den ikkje var på oppdrag.  Sannsynlegvis låg han i lag med "Heimborg" og "Høst".

Her er historikken til båten :

Bygd i Yarmouth i England i 1875 som seilskute (slupp). 
Info frå Fb-siden "Gamle og Nye Fraktebåter" tyder på at båten kom til Norge og vart registrert i Stavanger i 1904. Eier er oppgitt som Kristian Andersen Østhus frå Rennesøy.
Det står nevnt i Stavanger skipsregister at halvparten av skipet skifta eier i 1917 då Knut Østebø solgte sin halvpart til Henrik Østrem. Før 1917 var det derfor Knut Østebø og Peder Knudsen som eide båten med ein halvpart kvar. Eierskifte mellom Kristian Andersen Østhus og Knut Østebø/Peder Knudsen er ukjent.

1917-1923 :  "KRISTIANE", Eier : Peder Knudsen (1/2 part) og Henrik Østrem (1/2 part), (10.11.17). Båten er kalla slupp. Henrik Østrem kjøper ut Peder Knudsens halvpart i 1923. Båten er no kalla kutter.
1923-1934 : "KRISTIANE", Eier : Henrik Østrem, Stangeland, (03.04.23).
1934 : Oppført som motorskip i Skipsregisteret 31.05.1934 med eier Henrik Østrem, Stangeland. Båten har no blitt ombygd til motorskip. Frå 1948 har vi informasjon om at motoren var ein 1927-modell Avance på 30 Hk. Båten er registrert i Sandnes. Båtens kjennemerke er LIJI.

Målebrev av 14.05.1934 viser følgende : Lengde 52 ft (15.84 m), bredde 16.4 ft (5 m), dybde 7.1 ft (2.16 m), Brutto tonnasje : 30.14 brt, netto tonnasje 19.26 brt.

1943          : "KRISTIANE", Eier : Sverre Østrem, Sandnes, (16.11.43),
1943-1947 : "KRISTIANE", Eier : Ole Hilde, Stavanger, (26.11.43),  Registrert i Stavanger 21.12.45.
1947 :           "KRISTIANE", Eier : Andreas Finsnes, Ålesund, (16.04.47), Registrert i Ålesund 10.04.47.
1947-1954 : "KRISTIANE", Eier : Møretransport AS, Åndalsnes, (02.06.47), Registrert i Molde 09.06.47. I denne perioden var båten også fiskeriregistrert for transport av fisk.  Båten hadde fiskerimerke M-2-GT (Grytten Kommune). Åndalsnes var kommunesenter i gamle Grytten Kommune. Dette var før Rauma Kommune vart skipa den 01.01.1964. "Kristiane" er oppført i Merkeregisteret for 1948, 1950 og 1952.
Merkerregisteret i 1948 oppgir lengde 60 ft (18.29 m).

1954-1955 : "KRISTIANE", Eier : Nils Solheim, Nesjestranda, (27.08.54),
1955-1959 : "KRISTIANE", Eier : Partrederiet Knut Lillevik, Nesjestranda, (17.08.55),
1959-1969 : "KRISTIANE", Eier : Petter Hornsnes, Brønnøysund, (12.01.59),
1969- ?? :     "KRISTIANE", Eier : Kjell Holmstrand, Indre Nærøy, (24.02.69).
Er oppført i Skipsregisterkortet som Opphugget, Utsl. 9.august 1984.  Årstall for opphugging ikkje kjent, men regner med at det har skjedd lenge før 1984.
Vil oppdatere dette innlegget så snart meir informasjon dukker opp.

Nedenfor er eit bilde av "Kristianne" tatt på Åndalsnes i perioden 1947-1954. Personen på bildet skal vere leieskipper Jens Stavik,  Har fått tillatelse av bildets eier Håvard Stavik til å vise bildet på bloggen min. Fotografen er ukjent. Mannskapet på båten frå tida på Åndalsnes skal ha vore frå Harøysund / Stavika.

M/S "KRISTIANNE" ved kai på Åndalsnes. Personen på dekk skal vere leieskipper Jens Stavik. Bildet er gjengitt med tillatelse frå eier Håvard Stavik.

Neste bilde er scan av Skipsregisterkortet som viser eierskap frå 1934 då båten vart registrert i Skipsregisteret som motorskip i tre.

Skipsregisterkortet til "Kristiane". Som vi ser er offisielt navn "Kristiane" og ikkje "Kristianne" slik som bildet ovenfor viser. 

Siste bilde er scan av Merkeregisteret frå 1948 som viser "Kristiane" med tildelt fiskerimerke M-2-GT.

Merkeregisteret for Grytten Merkedistrikt i 1948 som viser Mk "Kristiane" med merke M-2-GT.

onsdag 22. januar 2020

"BASEN" i oppdrag ved Laberget, Sølsnes

I dag var det Sølsnes sin tur til å få besøk av arbeidsbåten "Basen". Dette er ei tidlegare ombygd ferge som no er brukt som arbeidsbåt. Eg har tidlegare laga eit blogginnlegg om den første jobben dei gjorde her i distriktet den 4. desember 2019. Det innlegget har også meir informasjon og historikk om "Basen", som tidlegare heitte "Munken" og gjekk i fergefart for Fosen Trafikklag. Sjå innlegget på denne linken : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/12/basen-pa-bolsya.html . Oppdraget på Bolsøya var den første jobben "Basen" gjorde under oppholdet her i Romsdal.  Mannskapet klaga på mykje dårleg vær og landligge i Molde.
Båten har hatt tilhold i Molde sidan begynnelsen av desember 2019 og gjort mange oppdrag for Istad Kraft med utskifting av gamle skilt for strømkabler. Alle gamle skilt som viser kor strømkabler går i sjøen skal skiftes ut med nye skilt. På Laberget på Sølsnes er det strømkablane til Veøya og Sekken som går i sjøen. Plassen er like ved der den første fergekaia til fergeruta Sølsnes - Åfarnes var plassert, altså Laberget rett ned for nye Veøy Kyrkje på Sølsnes.  Dette er vel kanskje første gongen ei ferge har vore opptil land her sidan fergekaia vart flytta til noverande plass i 1947. Nedenfor er ein del bilder eg tok under arbeidet.

Den 7. desember 2019 var "Basen" på samme oppdrag på Veøya. Strømkablane frå Sølsnes kjem i land ved Øyaneset på Veøya. Har lagt til eit par bilder eg tok den dagen nederst i dette innlegget.

Etter å ha gjort seg ferdig på Sølsnes gjekk "Basen" til Sekken for arbeid på Sekkeneset. Deretter var det arbeid på Hangholmen og Veøya (vest) som stod for tur. 

Arbeidsbåten "Basen" ligg like ved land ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ligg like ved land ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved den gamle fergekaia på Laberget. Våren / moloen i venstre del av bildet er restar av det som ein gong var fergekaia i ruta Åfarnes - Sølsnes. Denne kaia var i bruk i åra 1934 - 1947.

Eit arbeidslag på 3 mann frå Amundsen Diving var i full sving med montering av nye varselskilt for strømkabel i sjø. 

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

Nye skilt er nesten på plass. Det gamle skiltet står bak dei nye og skal no fjernes.  22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.  Vi ser også ferga "Lifjord" i rute Åfarnes - Sølsnes i bakgrunnen.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.
07-Des-2019 : 
"Basen" i arbeid ved Øyaneset på Veøya.
"Basen" i arbeid med montering av nye varselskilt ved Øyaneset på Veøya, 07.12.2019.

"Basen" i arbeid med montering av nye varselskilt ved Øyaneset på Veøya, 07.12.2019.


onsdag 15. januar 2020

Springflo på Nesjestranda

I dag var det springflo kl 14:08 på Nesjestranda. Meteorologane meldte om Oransje faresone på Romsdalskysten med vannstand 65-75 cm høgare enn normalt. Dei kalla dette "ekstremværet" for Didrik. Det ekstreme her er vel kun den høge vannstanden. Springflo har vi hatt fleire dager no, men  dagens springflo skulle vere den høgaste i denne omgangen.
Tok ein liten runde for å sjekke utvalgte plasser, men vart ikkje særleg imponert.  Vi har hatt betydelig høgare springflo før. Mine bilder frå 25.01.2008 viste at vi hadde mykje høgare springflo med storm. (Sjå 2 bilder frå 2008 nederst i innlegget). Den gongen slo bølgene langt oppover naustveggane. No var det heilt vindstille, så ingen problem her.  25.01.2008 er vel den datoen som fortsatt har rekorden i høg vannstand under stormflo/springflo her i distriktet.

Moloen ved naustene på Plassaberget, Nesjestranda 15.01.2020. Moloen var oversvømt, men floa har vore høgare før. 

Idyllisk naustrekke vest for Plassaberget, Stenså, Nesjestranda 15.01.2020.

Moloen ved Rogneneset på Nesje, Nesjestranda. Fortsatt ein del å gå på før den blir oversvømt.

Silje var med ein tur ut på moloen. Litt spennende med så mykje vann rundt. Det er motbakke for å gå opp på flytebrygga ytterst på moloen.

På den lange moloen på Nesje, 15.01.2020.

Ytterst på moloen på Nesje. 15.01.2020.

Blir vel våt på beina om ein skal ut på flytebrygga her ute på moloen.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen. Her var det sjø på begge sider. 15.01.2020.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen. 15.01.2020.

2008

Til slutt viser eg eit par bilder frå springflo og storm 25.01.2008, omtrent 12 år sidan. Betydeleg høgare vannstand og store bølger den gongen.

Det var betydeleg meir fres i springfloa med storm som vi opplevde 25.01.2008.

Bølgene slo langt oppover naustveggane i 2008. Sammenlign med dagens bilde av samme naustrekke øverst i innlegget.