onsdag 15. januar 2020

Springflo på Nesjestranda

I dag var det springflo kl 14:08 på Nesjestranda. Meteorologane meldte om Oransje faresone på Romsdalskysten med vannstand 65-75 cm høgare enn normalt. Dei kalla dette "ekstremværet" for Didrik. Det ekstreme her er vel kun den høge vannstanden. Springflo har vi hatt fleire dager no, men  dagens springflo skulle vere den høgaste i denne omgangen.
Tok ein liten runde for å sjekke utvalgte plasser, men vart ikkje særleg imponert.  Vi har hatt betydelig høgare springflo før. Mine bilder frå 25.01.2008 viste at vi hadde mykje høgare springflo med storm. (Sjå 2 bilder frå 2008 nederst i innlegget). Den gongen slo bølgene langt oppover naustveggane. No var det heilt vindstille, så ingen problem her.  25.01.2008 er vel den datoen som fortsatt har rekorden i høg vannstand under stormflo/springflo her i distriktet.

Moloen ved naustene på Plassaberget, Nesjestranda 15.01.2020. Moloen var oversvømt, men floa har vore høgare før. 

Idyllisk naustrekke vest for Plassaberget, Stenså, Nesjestranda 15.01.2020.

Moloen ved Rogneneset på Nesje, Nesjestranda. Fortsatt ein del å gå på før den blir oversvømt.

Silje var med ein tur ut på moloen. Litt spennende med så mykje vann rundt. Det er motbakke for å gå opp på flytebrygga ytterst på moloen.

På den lange moloen på Nesje, 15.01.2020.

Ytterst på moloen på Nesje. 15.01.2020.

Blir vel våt på beina om ein skal ut på flytebrygga her ute på moloen.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen. Her var det sjø på begge sider. 15.01.2020.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen.

Gardsvegen til Flovikholmen og Flovikhaugen. 15.01.2020.

2008

Til slutt viser eg eit par bilder frå springflo og storm 25.01.2008, omtrent 12 år sidan. Betydeleg høgare vannstand og store bølger den gongen.

Det var betydeleg meir fres i springfloa med storm som vi opplevde 25.01.2008.

Bølgene slo langt oppover naustveggane i 2008. Sammenlign med dagens bilde av samme naustrekke øverst i innlegget.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar