onsdag 22. januar 2020

"BASEN" i oppdrag ved Laberget, Sølsnes

I dag var det Sølsnes sin tur til å få besøk av arbeidsbåten "Basen". Dette er ei tidlegare ombygd ferge som no er brukt som arbeidsbåt. Eg har tidlegare laga eit blogginnlegg om den første jobben dei gjorde her i distriktet den 4. desember 2019. Det innlegget har også meir informasjon og historikk om "Basen", som tidlegare heitte "Munken" og gjekk i fergefart for Fosen Trafikklag. Sjå innlegget på denne linken : https://borg-fotoblogg.blogspot.com/2019/12/basen-pa-bolsya.html . Oppdraget på Bolsøya var den første jobben "Basen" gjorde under oppholdet her i Romsdal.  Mannskapet klaga på mykje dårleg vær og landligge i Molde.
Båten har hatt tilhold i Molde sidan begynnelsen av desember 2019 og gjort mange oppdrag for Istad Kraft med utskifting av gamle skilt for strømkabler. Alle gamle skilt som viser kor strømkabler går i sjøen skal skiftes ut med nye skilt. På Laberget på Sølsnes er det strømkablane til Veøya og Sekken som går i sjøen. Plassen er like ved der den første fergekaia til fergeruta Sølsnes - Åfarnes var plassert, altså Laberget rett ned for nye Veøy Kyrkje på Sølsnes.  Dette er vel kanskje første gongen ei ferge har vore opptil land her sidan fergekaia vart flytta til noverande plass i 1947. Nedenfor er ein del bilder eg tok under arbeidet.

Den 7. desember 2019 var "Basen" på samme oppdrag på Veøya. Strømkablane frå Sølsnes kjem i land ved Øyaneset på Veøya. Har lagt til eit par bilder eg tok den dagen nederst i dette innlegget.

Etter å ha gjort seg ferdig på Sølsnes gjekk "Basen" til Sekken for arbeid på Sekkeneset. Deretter var det arbeid på Hangholmen og Veøya (vest) som stod for tur. 

Arbeidsbåten "Basen" ligg like ved land ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ligg like ved land ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved den gamle fergekaia på Laberget. Våren / moloen i venstre del av bildet er restar av det som ein gong var fergekaia i ruta Åfarnes - Sølsnes. Denne kaia var i bruk i åra 1934 - 1947.

Eit arbeidslag på 3 mann frå Amundsen Diving var i full sving med montering av nye varselskilt for strømkabel i sjø. 

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.

Nye skilt er nesten på plass. Det gamle skiltet står bak dei nye og skal no fjernes.  22.01.2020.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.  Vi ser også ferga "Lifjord" i rute Åfarnes - Sølsnes i bakgrunnen.

"Basen" ved Laberget på Sølsnes, 22.01.2020.
07-Des-2019 : 
"Basen" i arbeid ved Øyaneset på Veøya.
"Basen" i arbeid med montering av nye varselskilt ved Øyaneset på Veøya, 07.12.2019.

"Basen" i arbeid med montering av nye varselskilt ved Øyaneset på Veøya, 07.12.2019.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar