lørdag 27. juni 2020

Slåtte i Ytre Horsgård 27.06.2020

Passerte Ytre Horsgård denne dagen 27.06.2020. Her var årets første slåtte på gang med produksjon av rundballer. Her fekk dei gjort unna slåtten før regnværet kom, så avlinga vart sikkert bra.
Verre står det til på resten av gardane på Nordstranda inkludert Malo-gardane. Her var det pr 07.07.2020 endå ikkje blitt slått og markane såg heller dårleg ut. Graset låg flatt etter fleire dager med kraftig regn. Det einaste som fortsatt stod oppreist var høymolen. Markane såg mest ut som om det var dyrking av høymole som var det primære, høymolen har tatt over mykje av arealet. Eit trist syn å sjå for her blir det nok dårleg avling i år. Grunnen er vel at bonden som har slåtten på desse gardane driv økologisk og dermed ikkje kan bruke plantevernmiddel mot for eksempel høymole.  Sidan ingen av gardane er i drift er slåtten utført av ein bonde frå ei bygd lenger unna. Denne avstanden kan vel også vere ein årsak til at ting tar lang tid. Trist for dei som bor på Nordstranda som må vente så lenge før graset blir slått og synd på bonden som får ei dårleg avling i år. Til opplysning så er det ein anna bonde som har slåtten i Ytre Horsgård. 

Her er nokre bilder frå slåtten i Ytre Horsgård :

Rundballepressing, Ytre Horsgård, 27.06.2020. Ikkje heilt ufarleg å sleppe av ein rundballe her kor det er bratt terreng. Rundballane trilla eit godt stykke før dei stoppa opp.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

Rundballeproduksjon, Ytre Horsgård, 27.06.2020.

2 kommentarer:

  1. Trist for de dyrene som får graset fra Malo. Ikke mye næring igjen der. Ikke bestandig at det å dyrke økologisk er så veldig bra, når resultatet blir slik som dette. Skjedde det samme i fjor også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Graset på Malo og resten av Nordstranda vart slått frå 15-16.07.2020. Dette er over 1 mnd etter slåtten lenger vest i bygda. Men, det vart vel ein del rundballer å hente på Malo og resten av Nordstranda i år også.

      Slett