Køyrde meg ein sightseeingstur på ytre Sunnmøre denne dagen. Køyrde frå Fosnavåg og over brua til Nerlandsøya. Her endar vegen lengst vest i Kvalsvika. Oppdaga noko kjent ute ved den store moloen i Kvalsvika. Det var dykkerbåten til Geir Øye AS, "Emilie" som var i aktivitet. Inne i hamna låg også den lille slepebåten "Lilfix" som også tilhører G. Øye AS. Tok nokre bilder for å dokumentere oppdraget. Artig å treffe på båter med lokal tilhørighet så langt vekke. For dei som ikkje er lokalkjente høyrer selskapet G. Øye AS til på Nesjestranda i Molde Kommune. Ser frå AIS at båtane fortsatt er i aktivitet på Nerlandsøya ei veke etter at eg tok desse bildene.
![]() |
Dykkerbåten "Emilie" til G. Øye AS på oppdrag ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya 10.06.2020. |
![]() |
Dykkerbåten "Emilie" til G. Øye AS på oppdrag ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya 10.06.2020. |
![]() |
"Lilfix" og "Emilie" i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020. |
![]() |
"Lilfix" og "Emilie" i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020. |
![]() |
"Emilie" på oppdrag ute ved moloen i Kvalsvik på Nerlandsøya. 10.06.2020. Vi ser rett over til Runde i Bakgrunnen. Fuglefjellet er det lyse feltet rett bak det kvite huset på moloen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar