Viser innlegg med etiketten Veøystua. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Veøystua. Vis alle innlegg

fredag 19. mai 2023

Tur til Veøystua på Veøya, 19.05.2023

Her er bilder frå ein tur med yngstejenta til DNT Romsdal sin ubetjente hytte "Veøystua" på øya Veøya utenfor Nesjestranda i Molde Kommune. Parkerte båten ved flytebrygga i Nørvågen og gjekk forbi Veøy gamle kyrkje til Bondevika. Der starter Pilgrimstien som går ein runde over øya. Stien har blitt bedre merka etter dugnadsinnsats i forbindelse med åpning av "Veøystua". Stien er no merka med sommerfugl, pilgrimsmerke og DNT-merke. Sommerfuglen er eit gammelt kristent symbol på "håp". Det er også lagt ut trebruer over våte områder. Vi gjekk opp til "kirkegårdene" på toppen av øya. Der er det stidele mellom Pilgrimstien og sti ned til "Veøystua" som ligg i Skitnevika på sørsida av øya. Total turlengde frå Nørvågen til "Veøystua" er 1.5 km, så det er ein overkommeleg tur for dei fleste med litt motbakke og litt nedoverbakke. Tur retur er altså ca 3 km.
Veøystua var bebodd denne dagen av ein familie på 7 som skulle ligge over i 2 netter. Familien hadde padla over til Veøya i 2 kajakker og 1 kano. Overnatting i Veøystua må bookes hos DNT Romsdal for å sikre plass. Hytta har kun 4 sengeplasser og 2 madrasser så utleie begrenses etter prinsippet "førstemann til mølla". Hytta har ingen proviant og er låst med DNT-nøkkel.
På denne turen  må du gå over kulturlandskapet på Veøya. Her er det ein stor flokk villsauer som rydder terrenget og markene. No har nesten alle søyene fått lam som fortsatt er svært små. Men sauene er ganske sky og spring unna om folk kjem for nære. 
Ein fin tur på ein fredags ettermiddag. Ulempa er at du er avhengig av båtskyss eller egen båt/kajakk for å komme ut på øya. 
I sommer blir det satt opp turer med omvisning i kyrkja og i prestegarden. Turene opereres av ein båt med kapasitet på 50 personer og folk kan booke turen og gå ombord på Vestnes, i Molde, på Nesjestranda og Åfarnes.  Informasjon om turene finnes blant anna på Romsdalsmuseet sin nettside. God tur på hellig historisk grunn. 
Dobbelklikk på bildene for å sjå større bilder. 


Villsau med lam, Veøya 19.05.2023

Villsau med lam, Veøya 19.05.2023

Fint lite lam av rasen villsau / norsk utegangarsau.

Her er villsau-væren som nok er far til alle lamma på Veøya. Bildet er frå Bondvika.

Ved start merking av pilgrimstien og sti til Veøystua, Bondvika

God merking ved start på turen.

På veg langs Pilgrimstien.

Oppe på høgda Kirkegårdene er det fortsatt merke etter arkeologiske utgravinger i 1990-1992.

Vegviser.

Stien går gjennom ein stor granskog som no dekker "kirkegårdene".

Ved plassen midt i granskogen som har namnet Kirkegårdene. i området er det mange gamle gravhauger.

Endå ei grop etter arkeologisk utgraving på Kirkegårdene, Veøya 19.05.2023.

På ein åpning i skoge er det eit par "benker". Fin rasteplass. Litt uskarpt bilde.

Veøystua, DNT ubetjent hytte, Veøya 19.05.2023.

Silje utenfor døra til Veøystua.

DNT "Veøystua".

Ved Veøystua, 19.05.2023.

2 kajakker og ein kano vitner om at Veøystua har overnattingsgjester. Som vi ser er det ei lita stø i Skitnevika rett attmed Veøystua. Dette er på sørsida av Veøya.

Ved Veøystua.

Veøystua har også eit lite uthus. Her var det mulig å ligge på flatseng under tømmerhogsten for 40-50 år siden.

Enkelte av granene ved Kirkegårdene på toppen av øya har vokst seg store. 

Enkelte av granene ved Kirkegårdene på toppen av øya har vokst seg store. 

Godt med ein appelsin på rasteplassen ved Kirkegårdene.

Turen går tilbake samme vegen som vi kom opp.

Villsauene bor på Veøya heile året og holder kulturlandskapet i hevd. Ved mykje snø på vinteren blir det køyrt over høy med båt frå fastlandet. Bak ser vi Prestegarden og litt av løa.

Sauene foran prestegarden på Veøya. Området rundt Veøy gamle kyrkje og prestegarden er gjerda inne og må dermed slås med gressklipper.

Veøy gamle kyrkje frå 1200-tallet. Dette bildet er tatt 14.05.2023, 5 dager før denne turen.



Som pilegrim kan ein få eit eget stempel for besøket på Veøya.

fredag 26. juli 2019

Veøystua på Veøya

Oppdaga tidlegare i år eit innlegg frå DNT Romsdal om at dei hadde tenkt å leie ut hytta i Skitnevika på Veøya.  DNT hadde tenkt å bruke navnet "Veøykoia". Det fekk meg til å kikke i gamle kjelder og skrive eit svarinnlegg til DNT (Sjå lenger ned i innlegget).
Denne hytta har stått ubrukt i mange år. Veit den var brukt som overnattingssted under tømmerhogst på Veøya på 1960-tallet. Usikker på kven som er dagens eier, men trur det kanskje er Opplysningsvesenets Fond.
Ser no at DNT har valgt å kalle hytta for "Veøystua", så kanskje mitt forslag om det gamle navnet vart godkjent.
Var i dag ein tur på Veøya og besøkte "Veøystua" i Skitnevika. DNT har no montert navneskilt med navnet "Veøystua".

Her er dei nyaste bildene av hytta :

"Veøystua" på Veøya, nytt overnattingstilbud frå DNT Romsdal, 26.07.2019.
"Veøystua" i Skitnevika på Veøya,

"Veøystua" har fått navneskilt.


Her er Fb-innlegget frå DNT Romsdal datert 21.05.2019 :
Vi er på befaring på #Veøya i håp om å åpne Veøykoia for allmennheten. Stemningen er magisk! 😍 #utno #turistforeningen #dntromsdal #kajakkhytte#veøykoia #padleledromsdal? #myehistorie #kysthytte

  • Alf Reitan Hei, Kommentar til namnet på hytta i Skitnevika på Veøya : I Romsdal Sogelags Årsskrift frå 1960 er det ein artikkel om befaring på Veøya gjort av styret i Sogelaget. Artikkelen er skrevet av Nils Parelius. Sitat frå artikkelen : "Deltakerne overnattet i skogforvaltningens hytte "Veøystua" i Skittenvika". Kanskje vi heller skulle bruke det namnet på hytta, sidan koie ikkje er noko typisk Romsdalsord ? :)



Nedenfor er "Veøystua" presentert på Fb-sida til Veøya - den hellige øya. Har ikkje sett at DNT Romsdal har komme med meir informasjon om leie av hytta, men det kjem vel snart. Hytta var låst så ein må vel låne nøkkel om ikkje det blir endra til standard DNT-nøkkel.

Dette er utsikten fra Veøystua. Denne nydelige, lille overnattingsted kan du nå leie hos DNT #veøystua #ecoturisme #pilgrim #ecotique #Molde#iverden #veøya #DNTROMSDAL