søndag 14. april 2019

Utsiktsbilder frå Sølsnesnakken

På Palmesøndag 14.04.2019 tok eg meg ein tur opp i Sølsnesnakken. Dette er eit område på Nesjestranda som eg ikkje har traska i tidlegare. På grunn av at det er ein del ulendt og brattlendt terreng er det vel heller ikkje så mykje anna ferdsel her no til dags. Men det var mange dyretråkk/stier i området som det var muleg å følge. Starta turen på Reset (Sølsnesreset) som er høgaste punktet på bilvegen inn i Myran. Fulgte her ein skogsveg som enda opp i ein tett granskog. Passerte granskogen før eg starta på oppstigninga av sjølve Sølsnesnakken. Denne nakken består av fleire høgder eller åsrygger med nokre markerte daler eller skar. På nordsida av Sølsnesnakken er det mulig å følge eit skar som til slutt ender opp ved Vass-skaret der skiløypa frå Vikvatnet går opp. Eit anna skar ligg litt lenger sørøst enn det området eg gjekk i. Det skaret heiter Myraskaret og går frå Myran og heilt til Langdalen og ender opp ved Brekkevatnet. Stien om Myraskaret har nok vore brukt av folket i Myran. Frå Sølsnesgardane var det vel meir naturleg å gå opp om Vikdalen når dei skulle på setra (Skålsetra).  Vegen om Sølsnesnakken var nok tyngre å gå.  På nordsida av Sølsnesnakken er det mange hamrar med bratte stup ned i Vikdalen, blant anna Svarthammaren. Eit skar som går opp frå Vikdalen heiter Duskaret. Det skaret ender opp på ei større myr med nokre små pytter og dammer. Ein bekk renn ned Duskaret til Vikelva. Nordøst for Duskaret ender ein høgderygg med god utsikt mot Vikdalen og vidare vestover. Det er mykje stor gammalskog (furu) som hindrer god utsikt i Sølsnesnakken. I lia mot Vikdalen er det planta gran som også er til hinder for utsikta. Men eg fann likevel mange utsiktspunkt som egna seg til fotografering på min rundtur i området. Høgaste ryggen eg var oppe på var ca 230 moh. Gjekk ned igjen om eit anna høgdepunkt på 221 moh som er avmerka på kart.
Hadde fin utsikt ned på fjorden i det ferga "Stryn" kom frå Molde for å gå inn i ruta som ferge 2 på Sølsnes - Åfarnes. Ferga hadde gått til Molde kvelden før på grunn av anløp av lasteskip på Malo. Vanlegvis overnatter "Stryn" ved tømmerkaia på Malo.
Her er ein del av bildene. Dei er stort sett tatt frå 4 forskjellige utsiktspunkt i Sølsnesnakken. Kanskje er det nokon av dere som får sjå bilder av hus og heim frå ein anna synsvinkel enn vanleg.


Utsikt mot Nesjelandet frå Sølsnesnakken, 14.04.2019. Første punkt med litt utsikt på turen.

Bebyggelse i Vikdalen sett frå Sølsnesnakken. Eldste huset er "Kvilheim" bygd i 1937.


Boligfelt i Vikdalen sett frå Sølsnesnakken, 14.04.2019. Det eldste huset er frå 1969.

Småbruket Heimstegjerdet / Lillevik, gnr 122/6. (87 moh). Også kalla Knutgjerdet.

Småbruket Midtgjerdet / Skogtun, gnr 122/7. (100 moh). Der løa stod er det bygd nytt verksted. Midtgjerdet blir også kalla for Vikgjerdet. Bruket fekk navnet Skogtun etter matrikulering i 1924.

Småbruket Fremstegjerdet / Granli, gnr 122/8. (119 moh). Bruket fekk navnet Granli etter matrikulering i 1924.

Utsikt frå Sølsnesnakken vestover mot Vikdalen og Nesjelandet. 14.04.2019.
Fotografen har fotografert seg sjølv på kanten av ein berghammer. Bak ser vi Heimstegjerdet og Midtgjerdet.

Ferga "Stryn" på tur inn til Sølsnes. "Stryn" kom mens eg var på den første fotoplassen, så eg fekk god sikt ned på ho. På bildet er ho omtrent rett ut for Nerhagen

"Stryn" er utfor Labergneset. Vi ser Veøy Kyrkje (1907) på Sølsnes 

"Stryn" passerer Veøy Kyrkje på Sølsnes. Utsikt frå  Sølsnesnakken.

Fremstegjerdet / Granli sett frå eit punkt litt lenger opp i Sølsnesnakken.

Kom fram til Duskaret og omtrent der bekken går ned. Her var det ei større myr med nokre vassdammer. Ein av dei låg i skugge og var fortsatt islagt. 

Utsikt mot Nør Berg, gnr 120/3, (186 moh). Dette bildet er tatt frå høgda øst for Duskaret på Sølsnesnakken (ca 220 moh). Avstand er ca 900 m.

Våningshuset på Nør Berg. 14.04.2019.

Tok også eit bilde i retning Sør Nesje med Olagarden rett fram. Avstand 5.3 km. 600 mm linse.

Granskog øverst i Vikdalen. Ein ser tydeleg forskjell i type gran, med vanleg gran øverst og Sitkagran nederst i bildet. 

Midtgjerdet / Skogtun.

Eit anna bilde av Nør Berg. 

Fremstegjerdet / Granli.

Utsikt ned til Vikbukta frå Sølsnesnakken.

Oversiktsbilde med Nør Berg, Granli og Midtgjerdet. 14.04.2019.

Oversiktsbilde over Vikdalen og vidare vestover. Molde til høgre i bildet, litt av Sekken til venstre, Otrøya rett fram.

Fotografen har tatt stilling på kanten av stupet med utsikt mot Vikdalen. 14.04.2019.

Utsikt mot nordøst. Vi ser Horja (550 moh) og litt av det islagte Vikvatnet.

Den største dammen / pytten på myra øverst i Duskaret.

Midtgjerdet / Skogtun sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken.

Fremstegjerdet / Granli sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken.

Deler av Nesjestranda med Hamnevikbøen, Saksegjerdet, Stenså, Åsleet og Flovikhaugen sett frå høgde 221 moh i Sølsnesnakken. I forgrunnen ser vi skogen i Nebbå som er avslutninga av åsen mellom Vikdalen og Bergsvika / Berg.

Oversiktbilde Nesjestranda.

Oversiktsbilde, Nesjestranda med Vikdalen. Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Nesjestranda med Vikbukta. Frå Sølsnesnakken (221 moh).
Oversiktsbilde, Nesjestranda med deler av Vikbukta, Vikhagen og Nerhagen.  Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Nesjestranda. Frå Sølsnesnakken (221 moh). Ser så vidt i min egen eiendom "Borg".

Oversiktsbilde, Sølsnes, deler av Veøya og Sekken. Frå Sølsnesnakken (221 moh).

Oversiktsbilde, Sølsnes, gnr 123/4 og Veøy Kyrkje (1907) . Frå Sølsnesnakken (221 moh).
Startplass for turen var på Sølsnesreset.

Kartutsnitt som viser omtrent kor turen gjekk. 

Topografisk kart over området med Sølsnesnakken.

M/F "Stryn" på veg til Sølsnes

Var ein tur oppe i Sølsnesnakken på Nesjestranda på Palmesøndag 14.04.2019. Var heldig og var på eit utsiktspunkt til rett tid i det M/F "Stryn" kom forbi. "Stryn" kom frå Molde og skulle inn i rute som ferge2 på Sølsnes - Åfarnes. Vanlegvis ligg ho over natta ved tømmerkaia på Malo, men kvelden før hadde ho gått til Molde for overnatting fordi det kom lastebåt til Malo for å hente tømmer.

Historikk M/F "Stryn" :

Bygd i 1979 som "Gloppen" for Fylkesbåtane i Sogn og FJordane (FSF),
1979-1991 : "GLOPPEN",  FSF,
1991-1992 : Forlenga med 19 m og ombygd.
1991-1994 : "BJØRGVIN", Rutelaget Askøy - Bergen,
1994-2002 : "STRYN",  FSF,
2002-2012 : "STRYN", Fjord1 FSF,
2012 - :        "STRYN", Fjord1.

Her er nokre av bildene :

M/F "Stryn" på tur inn Veøyfjorden, 14.04.2019.

M/F "Stryn" nærmer seg Labergneset på Sølsnes.

Her er "Stryn" rett utanfor Labergneset. Vegen til det gamle fergeleiet på Laberget går ned rett til venstre for kyrkja.

M/F "Stryn" passerer Veøy Kyrkje på Sølsnes, 14.04.2019.

søndag 7. april 2019

Vågsaturn demonstrerer Lego-robotkøyring på Rabalderhuset i Molde

Guttene i "Robotruppa" til Vågsaturn på Vågsetra Barne og Ungdomsskole deltok på helgas arrangement i Rabalderhuset i Molde. Vågsaturn er altså ei gruppe elever ved Vågsetra (8 - 10 klasse) som har faget "Teknologi i praksis" som valgfag. "Robotgruppa" er kun ein del av gruppa. 
Vågsaturn vann finalen i First Lego League i Romsdal og gjekk vidare til Skandinavisk Finale 2018 på Fornebu. Her gjorde dei ein solid innsats der blant anna "Robotgruppa" kom på ein sterk 3. plass av 50 lag.  I desember 2018 fekk Vågsetra innbydelse til å representere Skandinavia i "Open International Turkey" i Izmir, Tyrkia 22-25-Mai-2019. Dette er ei turnering innen First Lego League med konkurranser tilnærma lik den i Skandinavisk Finale.
Guttene har fått forespørsel frå Rabalderfestivalen i Molde om deltakelse der og også deltakelse denne helga i eit 2-dagers arrangement i Rabalderhuset i Storgata 11 i Molde.
Her er nokre bilder frå dagens demonstrasjon. Guttene var svært flinke til å presentere Lego-roboten og forklare oppgavene som roboten skal utføre under konkurransene.  Guttene har konstruert Lego-roboten og programmert den til å gjere ulike oppgaver på eit konkurransebord. Ein flott innsats av guttene frå Vågsetra.

Vågsaturn med demonstrasjon av Lego-robot på Rabalderhuset i Molde 07.04.2019. Daniel forteller om roboten.

Johannes forteller om konkurransebana og dei oppgavene som roboten skal gjere.

Martin viser eit av fleire verktøy som monteres på roboten for å kunne utføre forskjellige oppgaver.

Johannes, Martin og Daniel i Vågsaturn "Robotgruppe" på Rabalderhuset i Molde 07.04.2019.

Det var mange interesserte tilskuere under demonstrasjoen til Vågsaturn.

Martin gjer klar til første køyring med roboten.  Rabalderhuset 07.04.2019.

Lego-roboten er starta og ute på oppdrag.

Vågsaturn gjer klar til neste testkøyring.

Martin forklarer sammenhengen mellom programmering på PC og robot. Rabalderhuset 07.04.2019.

Plakaten som viser programmet for Rabalderhuset i helga 6-7-Apr-2019.

Vågsaturn sin demonstrasjon er utheva i rød firkant på progrmmet. Robothuset 07.04.2019.