torsdag 10. oktober 2019

Tur til Hestholmen og Kattora

Fekk endeleg tatt meg ein tur til Hestholmen. Turen gjekk med båt frå Havnevika på Nesjestranda. Tanken var å kombinere ein fisketur med tur i land på Hestholmen. Hestholmen er ein større holme som ligg omtrent halvvegs mellom Veøya og fastlandet på Rødven-sida av Langfjorden. Vi gjekk mot Hestholmen, men før vi stoppa der ville vi prøve å fiske ved skjæret Kattora som ligg ca1 km sørvest for Hestholmen.  Eg har fiska før ved Kattora og Hestholmen, men har aldri vore på land på Hestholmen før.
Kattora er eit lite, lavt skjær og det er sjømerke der for å gjere skipstrafikken oppmerksom på det. Kattora og det endå mindre skjæret Kattorungen kan nok vere vanskeleg å sjå i dårleg vær. Vi stoppa opp for å fiske. Men det var fallande sjø og sterk straum ut fjorden ved Kattora, så det vart heller dårleg med fiskinga. Vi dreiv fort forbi grunna og ut på djupare vatn.

Etter ei økt med fisking ved Kattora, køyrde vi tilbake til Hestholmen.  Vi køyrde ein runde rundt Hestholmen for å finne best plass å gå i land. Hestholmen er til dels ugjestmild sidan det ikkje er noko strand kor det er naturleg å legge til med båt. Men det går godt å klyve på land på berga også. Vi kom oss i land på lesida i sørvest. Det er kun vestenden som er åpen, ellers er det skog over heile holmen. Vegetasjonen er alt frå lauvtre til furutre og mykje lyng, einer og klunger (steinnype). Det er tett skog og vanskeleg terreng å gå i. Tenkte oss ein tur opp på toppen av holmen. Ville også prøve å finne spor etter den grunnboringa som skal ha blitt gjort her. Det vart ein litt strabasiøs tur i ulendt terreng, særleg for Silje. Vi fann platået der det hadde vore grunnboring. Det låg omtrent midt på holmen. Sjå bildene som viser restane etter grunnboringa. Var også ein tur oppe på det høgaste berget, 27 m.o.h. Her var det tett skog og dårleg utsikt.
Hestholmen er ca 236 m lang og ca 85 m brei, totalt areal ca 15220 m² (15.22 mål). Holmen ligg ca 1.6 km frå Veøya, (1.86 km frå Øyaneset) og 1.72 km frå Nosa på fastlandet på sørsida av fjorden 
(ved Lyberget). Holmen ligg altså nærmest like langt frå Veøya som den er frå land på Rødven-sida.

Hestholmen har gnr 181/1 og er utmark under garden Ottestadvika (gnr 181/1 Viken) på Rødven. Hestholmen ligg altså i Rauma Kommune (eller i gamle Veøy Kommune fram til 1964).
Midt oppe på Hestholmen viser eiendomskartet ei lita rund tomt på 282 m² som er utskilt med eget bruksnummer, 181/5. Det er her det vart gjort grunnboring i forbindelse med planlegging av Langfjordtunnelen. Regner med at boreutstyret vart frakta på plass med helikopter sidan plassen er så utilgjengeleg. Det står fortsatt mange jernbolter i berget. Disse har sikkert vore brukt til sikring av boreriggen. Som alle veit vart det ikkje noko av Langfjordtunnelen, både på grunn av dårleg grunnforhold og høg kostnad.

Etter inspeksjonen oppe på Hestholmen, tok vi oss ei lang matpause. Fiska litt ved Hestholmen før vi tok turen heimover.

Klikk på bildene for å sjå større bilder.

Hestholmen i Langfjorden, Rauma Kommune, 10.10.2019.

Båttur sørvestover frå Hestholmen til Kattora, 10.10.2019.

Hestholmen. Stor Skåla og Skålaksla til venstre, litt av Holmsholmen til høgre.

Dette skjæret heiter Kattora og ligg ca 1 km sørvest for Hestholmen. 10.10.2019.

Her er Kattorungen med sjømerke. Hangholmen i bakgrunnen. 10.10.2019.

På dette bildet har vi både Kattora, Kattorungen og sjømerket. Veøya i bakgrunnen. 10.10.2019.

Hestholmen, utsikt frå Kattora. Fjella i bakgrunnen er Stor Skåla, 1128 m.o.h., Skålaksla, 1076 m.o.h,  og Snøfjellet, 853 m.o.h. Flotte haustfarger på Hestholmen. 10.10.2019.

Kattora er ein populær kvileplass for gråmåsene, 10.10.2019. Det er ikkje snø på skjæret, kvitfarga er måseskit (guano).

Kattora og Kattorungen. Vi ser "Veøystua" på Veøya bak sjømerket. 10.10.2019.

Kattorungen og Kattora sett frå nordvest. Lybergsvika i bakgrunnen. Fjellet som går opp mot høgre heiter Randsetfjellet.  Vi ser også ein forflåte som ligg ved lakseoppdrettet utanfor Lybergsvika.

Martin og Silje prøver fiskelykken ved Kattora, 10.10.2019.

Vi køyrer tilbake til Hestholmen. 

Hestholmen. På sørsida er det svært bratt og umuleg å komme i land. 10.10.2019.

Den vestre delen av Hestholmen. Hestholmen er ca 236 m lang og ca 85 m brei. Total høgde er 27 m.o.h.  10.10.2019.
Rett øst for Hestholmen er det nokre lave skjær. 10.10.2019.

Hestholmen. På det nordøstre hjørnet er det laga til ein rampe som sikkert har blitt brukt i forbindelse med at litt større båter har lagt til her. 10.10.2019.

Hestholmen. På det nordøstre hjørnet er det laga til ein rampe som sikkert har blitt brukt i forbindelse med at litt større båter har lagt til her. 10.10.2019.

Vi har gått i land på Hestholmen. Vi ser Sekken og Hangholmen i bakgrunnen.

På Hestholmen var det mykje "klungerkjerr med knupe". Dette er vel steinnype.

På tur opp mot toppen av Hestholmen. Måtte nesten klyve for å komme opp på denne haugen.

Hestholmen. Her er vi komme opp på platået der det vart grunnbora i forbindelse med Langfjordtunnelen.  Det står eit kvitt plastrør ut av borehullet. 10.10.2019.

Martin og Silje på plassen der det har vore bora for å sjekke grunnforhold før planlegging av Langfjordtunnelen. Denne tunnelen vart skrinlagt på grunn av problematiske grunnforhold og høg kostnad. 10.10.2019.

Hestholmen. Fin utsikt oppe på dette berget. Dette var nesten på det høgaste punktet. Vi ser Sekken i bakgrunnen. 10.10.2019.

Hestholmen. Borehull forlatt etter grunnboring.

Hestholmen. Borehull forlatt etter grunnboring. Det stikk eit kvitt plastrør ut av borehullet. 10.10.2019.

Hestholmen. Det var tett skog med mykje einer på toppen av holmen.

Hestholmen. Vi går ned ein bratt berghammer. 10.10.2019.

Hestholmen. Matpause etter turen opp til toppen av holmen. Veøya i bakgrunnen til venstre. Horja i bakgrunnen til høgre. 10.10.2019.

Hestholmen. Vi slapper av. Til høgre ser vi innover mot Rødvenfjorden og Holmemstranda. 10.10.2019.

Hestholmen. Vi slapper av. Til høgre ser vi innover mot Rødvenfjorden og Rødven. 10.10.2019.

Hestholmen. På nordsida av holmen med utsikt mot Skåla og Stor Skåla. 10.10.2019.

Vi køyrer heimover til Nesjestranda etter eit kjekt besøk på Hestholmen. 10.10.2019.

lørdag 7. september 2019

"På Flukt" - visning av dokumentarfilm på Klippen, Nesjestranda

"På Flukt" er ein tsjekkisk dokumentarfilm om forfølgelsen av den jødiske Nesjestranda-flyktningen Robert Weinstein og hans familie under 2. verdenskrig. Denne helga har det vore visning av filmen både i Romsdalsmuseets auditorium i Molde og på bedehuset "Klippen" på Nesjestranda. Dette var ei filmframvisning som var arrangert av Romsdalsmuseet og Harnes Publis v / Svein Magne Harnes i samarbeid med den tsjekkiske filmskaperen Václav Hájek. Filmen vises gratis i Molde etter initiativ frå Harnes. 
Arrangementet hadde to fulle forestillinger i Romsdalsmuseets auditorium på fredag 6/9 og fullt hus på Nesjestranda 7/9.
Mange av bygdefolket på Nesjestranda har høyrt om dei jødiske flyktningane som hadde tilhold på Nesjestranda under 2. verdenskrig (1940-1942). Gruppa med jødiske flyktninger bodde først hos Rikke Flovikholm på Hotell Solstad i Havnevika på Nesjestranda. Etterkvart fekk karane arbeid på Malo Sagbruk og nokre av dei fekk bo på garden til Ole K. Malo.  Der bodde også Robert Weinstein som filmen blant anna forteller historien til.

Eg var heldig og fekk sjå filmen på Bedehuset "Klippen" på Nesjestranda. Det var ein fullsatt sal av der mesteparten av publikum var bygdafolk frå Nesjestranda. Svein Magne Harnes snakka først litt om filmen og presenterte den tsjekkiske filmskaperen og hans kone som var tilstede på arrangementet. Han snakka også med Magnar Malo som voks opp på Malo under krigen og kjente dei jødiske flyktningane som bodde heime hos familien på Øver Malo. 
Filmen varte i litt over 1 time. Etterpå var det åpna for spørsmål frå publikum både til Harnes og filmskaperen. Mange var interesserte og ville vite meir. 
2 andre personer med lokal tilknytning var også med i filmen. Det var Alf Rikard Kragset, sønn av sokneprest Aksel Kragset som var prest i Veøy under krigen og Erling Neerland.


Plakaten om arrangementene på Romsdalsmuseet i Molde og Bedehuset "Klippen" på Nesjestranda.

Skribent og journalist Svein Magne Harnes ønsker publikum velkommen til filmframvisning på Klippen, Nesjestranda. Filmen vises gratis i Molde på initiativ frå Harnes.  07.09.2019.

Dette er filmskaperen Václav Hájek frå Tsjekkia som har laga filmen om familien Weinstein. Klippen, Nesjestranda 07.09.2019.

Václav Hájek og hans kone fekk gave frå Nesjestranda før filmfremvisningen.

Svein Magne Harnes snakker med Magne Malo før filmen. Magnar Malo har bidratt med informasjon og mange bilder som er brukt i filmen. Før Robert Weinstein vart internert i 1942 bodde han på Malo og etterlot seg der blant anna 12 fotoalbum som er viktig historisk dokumentasjon om familien Weinstein.

Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019.

Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019.

Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019.

Svein Magne Harnes og Magnar Malo samtaler på Klippen, Nesjestranda 07.09.2019.

Bilde frå filmen - intervju med Magnar Malo.  

Bilde frå filmen - Intervju med Erling Neerland.

Filmskaper Václav Hájek svarer på spørsmål frå publikum etter filmen.



Tar med nokre bilder som eg har tatt av minnesmerker om jødene som bodde på Nesjestranda under 2. verdenskrig.  Det er 2 forskjellige minnsemerker.
Det eine er ei minnestøtte med inngraverte navn som står på kyrkjegarden ved Veøy Kyrkje på Sølsnes. Det vart først satt opp eit minnesmerke i 1946, men dagens minnestøtte kom i 1992.

Minnestøtte om dei 4 jødane som bodde på Nesjestranda og som mista livet under Holocaust. Minnestøtta står på kyrkjegarden ved Veøy Kyrkje på Sølsnes.  08.09.2019.

Detalj av tekst på minnestøtten ved Veøy Kyrkje.  08.09.2019.

Detalj frå minnestøtta ved Veøy Kyrkje. Robert Weinstein sin dødsdato ser vi er satt til Januar 1944, men i ettertid skal den riktige datoen vere 07.08.1943.

Det andre minnesmerket er "snublesteiner" satt ned utanfor hovedinngangen til Vågsetra Barne og Ungdomsskole.  På skolen er det også hengt opp meir informasjon om dei 4 jødane som bodde på Nesjestranda og som vart drepne under Holocaust i Auschwitz og i Polen.

"Snublesteiner" til minne om 4 jøder som bodde på Nesjestranda er satt ned utanfor hovedinngangen til Vågsetra Barne og Ungdomsskole.  08.09.19.
Nærbilde av "snublesteinene" på Vågsetra. 08.09.19.
Nærbilde av "snublesteinen" til minne om Robert Weinstein.  08.09.19.

Snublesteiner (tysk : "Stolpersteine") er eit prosjekt av den tyske kunstnerern Günter Demnig. Snublesteiner er minnesmerker over individuelle ofre for nazistenes holocaust i Det tredje rike.
Demnig fekk ideen i 1993 og i 1994 vart den første snublesteinen lagt ned i Köln. 
Sjekk denne nettsida for meir informasjon om snublesteiner : 
https://no.wikipedia.org/wiki/Snublesteiner

På denne nettsida kan du lese meir om snublesteinen på Vågsetra som er eit minnesmerke over Robert Weinstein (1901-1943).
https://www.snublestein.no/Robert-Weinstein/p=408/

Her er teksta som er skrevet om Robert Weinstein på denne sida :

Tekst om Robert Weinstein på nettsiden Snublesteiner.no.
Dette bildet er utlånt av Kåre Flovikholm og skanna av Alf Reitan. Sannsynlegvis er det broren Otto Flovikholm som er fotograf. Bildet er tatt ved stabburet på Havnevik-garden på Nesjestranda i 1940. På bildet ser vi Robert Weinstein og Margit Havnevik. Over dei står Leo Eitinger og til venstre ser vi Kari Flovikholm, mor til Kåre og Otto. Margit og Harald Havnevik bodde i våningshuset på Havnevik-garden i 1940. Huset deira brant ned i 1940, men vart bygd opp igjen samme året. Harald Havnevik dreiv telefonsentralen i bygda og den vart flytta hit mens huset hans vart bygd opp igjen.