fredag 17. april 2020

Fugler og dyr på Nesjestranda - 17.04.2020

I år var det dårleg vær gjennom heile påska. I dag var det endeleg slutt på nedbøren og sola gløtta fram av og til. Tok meg ein køyretur til Nesje og deretter innover til Nordstranda. 
Det vart nokre bilder på ein slik tur. Det er mykje å sjå langs vegen om ein berre ser seg godt rundt. Gjekk ein liten tur på Fjærestien frå Tjønnholet til Nesjegjerdet og her fekk eg tatt bilder av årets første linerle. Linerla har komme til "rett" tid i år også, eit godt vårtegn.
Her er nokre av kveldens fauna-bilder frå Nesjestranda. Det er dyr og fugler som eg har tatt mange bilder av opp gjennom åra, men prøver å fange nye motiv på nye plasser på kvar tur. 

Ute i Vevarneset fekk eg tatt nokre bilder av eit rådyr-par som gjekk på marka i lag med eit grågås-par. Eit litt uvanleg vennepar. Dei trekte seg litt unna vegen då eg kom. 

Rådyrbukk, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrbukken i lag med eit grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Rådyrgeit, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Grågås-par, Vevarneset, Nesjestranda 17.04.2020.



Gjekk ein tur ned mot Tjønnholneset. Der dukka det opp ein linerle i fjæresteinane som ikkje var redd for å bli fotografert. 

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.

Årets første linerle i fjæra ved Tjønnholneset, Nesjestranda 17.04.2020.


På Sør Nesje var det denne kvelden samling av grågås og 2 traner i dammen på marka til Lodve Nesje. Her har eg tidlegare fotografert havørn, så denne ferskvannsdammen nederst på marka er ganske populær. 

2 traner og ein flokk med grågjess, Sør Nesje, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde så innover til Nordstranda. På Nør Gribbestad vart eg møtt av ein hjort midt på vegen.  Hjorten var tydelegvis på tur over vegen, men vegra seg og gjekk tilbake på øversida av vegen til resten av flokken på øversida av vegen. Talte ca 20 hjorter på Nør Gribbestad denne kvelden.

Hjort i vegen. Her var det berre å stoppe bilen og fram med kameraet. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Etter ei lita stund gjekk hjorten over vegen og opp til flokken på øversida av vegen. Bildet vart litt uskarpt sidan det er tatt gjennom frontruta.  Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort, 6 stk, Nør-Gribbestad, Nesjestranda 17.04.2020.


Køyrde litt vestover igjen og ville gjere eit forsøk på å fotografere hjorteflokken som har tilhold på Nør-Årset. Køyrde litt ned i sjøvegen og venta ca 10 minutt før den første hjorten kom ned på marka. Denne hjorten vart var meg og luska vidare nedover mot Nerbøen og vart borte frå meg. Etter ei stund kom det fleire hjortar ned på marka. Det vart totalt 8 stk. Dei vart også oppmerksom på meg, men fortsatte å beite. Dei trekte sakte nedover mot Nerbøen og kom vekk nedfor bakken. Køyrde opp igjen. På marka nedfor løemurane på Nør Årset gjekk det fortsatt ein flokk på ca 10 hjortar. Så totalt i allefall 19 stk her på grden.


3 hjortar har komme ned på marka på Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her vart dei var fotografen.  Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Dei sprang ikkje unna, men fortsatte å beite. Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Hjort på beite, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.

Her har 7 stk av flokken komme ned på marka, Nør-Årset, Nesjestranda, 17.04.2020.

Hjorteflokken var klar over meg, så dei gjekk unna og ned bakken til Nerbøen, Nør-Årset, Nesjestranda 17.04.2020.
Tusen takk for titten !

Vårbilde av Veøya

I år var det dårleg vær gjennom heile påska. I dag var det endeleg slutt på nedbøren og sola kikka fram. Køyrde meg ein tur til Nesje. Fekk tatt dette bildet av bebyggelsen på Veøya frå Nesjegjerdet. Sola skein og lyste opp Veøya, så det vart eit bra motiv med skarpe farger på grunn av det skarpe sollyset. Bildet er tatt på langt hold (3.433 km ) med telelinse. 

Prestegarden og kyrkja på Veøya. Bildet er tatt på Nesjegjerdet, Nesjestranda, 17.04.2020.

torsdag 2. april 2020

Havørn på Nesje

Køyrde meg ein tur til Nesje mellom snøbygene og vindkasta i dag. Tenkte å sjå etter om grågåsa fortsatt holdt til på Nesje. Ein stor flokk med grågås var spredd utover markene i Flovika, så grågåsa held ut for snøbygene og har ikkje trekt ut mot kysten endå. Litt lenger ut fekk eg sjå ein stor fugl heilt nede ved sjøen. Trudde det var grågås, men såg snart at dette var ein heilt annan fugl, nemleg havørn. Stoppa på vegen og fekk tatt nokre bilder på langt hold med telelinse. Bildene vart vel så bra som ein kan forvente på det holdet og med det været. Fotoforholda var ikkje heilt bra. Bildene er tatt på ca 290 m avstand. Det var 3 havørner på bakken samtidig. Havørna skal ha starta med egglegging på denne tida, så kanskje desse var seint ute. Etter ei stund køyrde eg vidare og snudde ved vegs ende på Sør Nesje. På tur tilbake var det no kun ein havørn på bakken, dei 2 andre hadde tatt av. Såg dei på himmelen. Snudde og køyrde vestover igjen. Fekk tatt eit par bilder av havørn i lufta. Dette var omtrent ved Naustneset. Tok også eit bilde av 2 havørner i akrobatisk kamp om maten. Den eine mista noko ned i skogen. Dette bildet vart tatt frå snuplassen ved Vevarneset.
Var heldig som fekk denne opplevelsen på ein slik dag med snøbyger og sterk vind. Ser ofte havørn, både i lufta og på bakken, men har aldri sett dei "leike" seg i ein vanndam slik som dei gjorde på Sør Nesje denne dagen.


2 havørner i ein vanndam på marka på Sør Nesje, gnr 113/4. Den til venstre har ein trepinne i nebbet, kanskje den kikker på byggemateriale til reiret. 

Havørnane var ikkje redd for å bli våt på føttene. 

Mens eg holdt på å ta bilder av dei 2 ørnane i vanndammen, vart eg oppmerksom på at det hadde komme ein til. 

3 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Her er den eine ørna på veg til å flytte seg over dammen.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020.

Den tredje havørna tok seg ein runde oppover marka for å jage eit par kråker.

2 havørner på Sør Nesje, 02.04.2020. Litt underleg at ørnane likte å vaspe og stå i vanndammen.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020.

Havørn i flukt over Naustneset, Nesjegjerdet, 02.04.2020. Her ser det ut som ørna har sett noko interessant, den bøyer hodet og ser seg ned og tilbake.

2 havørner i akrobatisk kamp om maten ? Den eine mista noko ned i skogen under "basketaket". Dette bildet er tatt frå snuplassen i Vevarneset på Sør Nesje. 02.04.2020.