mandag 10. januar 2022

M/F "Rødvenfjord", første dag i rute 36, Sølsnes - Åfarnes, 10.01.2022



M/F "Rødvenfjord" vart i dag satt inn i rute på strekninga Sølsnes - Åfarnes. Ferga kom til Molde 30.09.2021, så den har vore i Molde i over 3 månader før den vart satt inn i rute 36, Sølsnes - Åfarnes.
"Rødvenfjord" og "Eresfjord" vart bygd til denne ruta etter siste anbudsrunde. Begge fergene er hybrid-ferger med elektrisk drift med hurtiglada batterier og dieselelektrisk reservedrift. No er det ikkje utbygd ladestasjoner verken på Sølsnes eller på Åfarnes, så fergene må benytte dieselelektrisk framdrift i lang tid framover.
I 11-tida la "Rødvenfjord" til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant, varer og betjening til kiosken. Ferga gjekk så ut på fjorden igjen for å få alt på plass til den første offisielle turen. 
"Rødvenfjord" gjekk inn i ruta til B-ferga "Lifjord" med avgang frå Sølsnes kl 13:05. Kunne høyre skipsfløytene tute på langt hold i det fergene bytta og M/F "Lifjord" gjekk ut fjorden til Molde etter lang tid som B-ferge i sambandet. I skrivende stund har M/F "Rødvenfjord" lagt seg til kai ved tømmerterminalen på Malo og mannskapet kan ta seg ein velfortjent kvil. 

Her er nokre av mine bilder frå Sølsnes denne dagen.


M/F "Rødvenfjord" legg til kai på Sølsnes for å ta ombord proviant og kioskvarer, 10.01.2022, kl 11:11.

"Rødvenfjord" gjekk frå kai umiddelbart for å gi plass til "Eresfjord" som går i sambandet i par med "Lifjord".

"Rødvenfjord" på vent utanfor Sølsnes, 10.01.2021.

"Rødvenfjord" gjekk etter ei stund i retning mot Åfarnes på sørsida av Langfjorden. Vi ser ferga "Lifjord" ved fergekaia på Åfarnes i bakgrunnen. 10.01.2022.


Kom tilbake til Sølsnes om ettermiddagen etter at "Rødvenfjord" hadde komme seg inn i B-ruta. Første turen gjekk kl 13:05 frå Sølsnes.


"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022, kl 14:55.

"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022.

"Rødvenfjord" på veg mot fergekaia på Sølsnes, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022.

"Rødvenfjord", Sølsnes fergekai, 10.01.2022. Nye biler har køyrt ombord.


M/F "Rødvenfjord" starta på sin 4 tur frå Sølsnes over Langfjorden, 10.01.2022, kl 15:05.

M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022.

M/F "Rødvenfjord", Sølsnes, 10.01.2022.


søndag 9. januar 2022

Skitur til Bergsviksetra, 09.01.2022

Skitur nr 2 i 2022 gjekk frå Berg, rundt Vikvatnet og opp til Bergsviksetra. Det vart totalt 5.4 km i kjempefint, men kaldt vinterver. Uheldigvis ligg turen i skygge så vi såg kun sola oppe i høgare lende i Horja og Skåla.
Turen var lang nok for både for gammel og ung med lite fartstid på ski. Fekk tatt nokre bilder med frosne fingrer. 


Silje på veg opp Seterbakken, 09.01.2022.

Silje på veg opp Seterbakken, 09.01.2022. Snøtung lauvskog har laga portal over vegen mange plasser langs Skålsetervegen. Enkelte plasser har trea brekt av på grunn av snøtyngden.

På Bergsviksetra, 09.01.2022.

Seterbakken er like lang og bratt både opp og ned. 09.01.2022.

Kort pause på rasteplassen ved Vikvatnet. Dette er Ski-StikkUT også i år. 09.01.2022.

Ved fiskebrygga på Vikvatnet, 09.01.2022.

Ved fiskebrygga på Vikvatnet, 09.01.2022.

Vinteridyll ved Vikvatnet, 09.01.2022.

Tung snø har laga mange motiv i skogen.

Vinterlandskap, 09.01.2022.

Vinterlandskap mellom Vikvatnet og Berg, 09.01.2022.


Vi nærmer oss Berg på tur ned igjen. 09.01.2022.


mandag 3. januar 2022

"Bajas" med båt på slep til Havnevika, Nesjestranda 03.01.2022

Oppdaga reint tilfeldig at det kom ein fiskebåt med ein mindre sjark på slep inn mot Havnevika på Nesjestranda. Tok turen ned til småbåthavna i regnværet for å sjå kva som kom. Det var "Bajas", M-1-RA frå Vågstranda som kom med ein mindre sjark på slep. Den mindre sjarken hadde fått motorstopp borte i Sekkesundet og fekk hjelp av "Bajas" til å komme seg til fastlandet.  Det vart nokre bilder til årets første blogginnlegg.

"Bajas" ved ankomst Havnevik Småbåthavn på Nesjestranda, 03.01.2022.

"Bajas" med ein mindre sjark på slep. Sjarken hadde fått motorstopp i Sekkesundet. 03.01.2022.

Sjarken er fortøyd ved flytebrygga og "Bajas" er ferdig med oppdraget.

"Bajas" starter på turen tilbake til Vågstranda, 03.01.2021.

"Bajas" har fått opp farta. Dette er ein speedsjark bygd i 2018 v / Trefjar EHF, Hafnarfjördur,          Island. Båten har ein 500 Hk motor som gir god fart. Eier er Solgaard Fisk / Tobias Solgaard, Vågstranda.