fredag 19. mai 2023

Tur til Veøystua på Veøya, 19.05.2023

Her er bilder frå ein tur med yngstejenta til DNT Romsdal sin ubetjente hytte "Veøystua" på øya Veøya utenfor Nesjestranda i Molde Kommune. Parkerte båten ved flytebrygga i Nørvågen og gjekk forbi Veøy gamle kyrkje til Bondevika. Der starter Pilgrimstien som går ein runde over øya. Stien har blitt bedre merka etter dugnadsinnsats i forbindelse med åpning av "Veøystua". Stien er no merka med sommerfugl, pilgrimsmerke og DNT-merke. Sommerfuglen er eit gammelt kristent symbol på "håp". Det er også lagt ut trebruer over våte områder. Vi gjekk opp til "kirkegårdene" på toppen av øya. Der er det stidele mellom Pilgrimstien og sti ned til "Veøystua" som ligg i Skitnevika på sørsida av øya. Total turlengde frå Nørvågen til "Veøystua" er 1.5 km, så det er ein overkommeleg tur for dei fleste med litt motbakke og litt nedoverbakke. Tur retur er altså ca 3 km.
Veøystua var bebodd denne dagen av ein familie på 7 som skulle ligge over i 2 netter. Familien hadde padla over til Veøya i 2 kajakker og 1 kano. Overnatting i Veøystua må bookes hos DNT Romsdal for å sikre plass. Hytta har kun 4 sengeplasser og 2 madrasser så utleie begrenses etter prinsippet "førstemann til mølla". Hytta har ingen proviant og er låst med DNT-nøkkel.
På denne turen  må du gå over kulturlandskapet på Veøya. Her er det ein stor flokk villsauer som rydder terrenget og markene. No har nesten alle søyene fått lam som fortsatt er svært små. Men sauene er ganske sky og spring unna om folk kjem for nære. 
Ein fin tur på ein fredags ettermiddag. Ulempa er at du er avhengig av båtskyss eller egen båt/kajakk for å komme ut på øya. 
I sommer blir det satt opp turer med omvisning i kyrkja og i prestegarden. Turene opereres av ein båt med kapasitet på 50 personer og folk kan booke turen og gå ombord på Vestnes, i Molde, på Nesjestranda og Åfarnes.  Informasjon om turene finnes blant anna på Romsdalsmuseet sin nettside. God tur på hellig historisk grunn. 
Dobbelklikk på bildene for å sjå større bilder. 


Villsau med lam, Veøya 19.05.2023

Villsau med lam, Veøya 19.05.2023

Fint lite lam av rasen villsau / norsk utegangarsau.

Her er villsau-væren som nok er far til alle lamma på Veøya. Bildet er frå Bondvika.

Ved start merking av pilgrimstien og sti til Veøystua, Bondvika

God merking ved start på turen.

På veg langs Pilgrimstien.

Oppe på høgda Kirkegårdene er det fortsatt merke etter arkeologiske utgravinger i 1990-1992.

Vegviser.

Stien går gjennom ein stor granskog som no dekker "kirkegårdene".

Ved plassen midt i granskogen som har namnet Kirkegårdene. i området er det mange gamle gravhauger.

Endå ei grop etter arkeologisk utgraving på Kirkegårdene, Veøya 19.05.2023.

På ein åpning i skoge er det eit par "benker". Fin rasteplass. Litt uskarpt bilde.

Veøystua, DNT ubetjent hytte, Veøya 19.05.2023.

Silje utenfor døra til Veøystua.

DNT "Veøystua".

Ved Veøystua, 19.05.2023.

2 kajakker og ein kano vitner om at Veøystua har overnattingsgjester. Som vi ser er det ei lita stø i Skitnevika rett attmed Veøystua. Dette er på sørsida av Veøya.

Ved Veøystua.

Veøystua har også eit lite uthus. Her var det mulig å ligge på flatseng under tømmerhogsten for 40-50 år siden.

Enkelte av granene ved Kirkegårdene på toppen av øya har vokst seg store. 

Enkelte av granene ved Kirkegårdene på toppen av øya har vokst seg store. 

Godt med ein appelsin på rasteplassen ved Kirkegårdene.

Turen går tilbake samme vegen som vi kom opp.

Villsauene bor på Veøya heile året og holder kulturlandskapet i hevd. Ved mykje snø på vinteren blir det køyrt over høy med båt frå fastlandet. Bak ser vi Prestegarden og litt av løa.

Sauene foran prestegarden på Veøya. Området rundt Veøy gamle kyrkje og prestegarden er gjerda inne og må dermed slås med gressklipper.

Veøy gamle kyrkje frå 1200-tallet. Dette bildet er tatt 14.05.2023, 5 dager før denne turen.



Som pilegrim kan ein få eit eget stempel for besøket på Veøya.

onsdag 17. mai 2023

17. Mai feiring Nesjestranda/Vågsetra 2023

Då er årets 17. Mai feiring over for denne gongen. I Romsdal på Nordvestlandet var vi uheldige med været og fekk gråvær med regnbyger og det var kjøleg med nysnø ned i Horja. Heldigvis var det oppholdsver under 17. Mai toget som i år starta frå Skålasenteret kl 11:00. Det var ny trase i år då 17. Mai-toget gjekk først til Skåla Omsorgssenter og så vidare på ein rundtur i byggefelta på Åsleet og Flovikhaugen med retur til Skålasenteret. Deretter var det feiring av dagen på Vågsetra Skole / Skålahallen.
17. Mai-komiteen hadde forbereda feiringa innendørs i år på grunn av dårlege værvarsel for dagen. Det fungerte veldig bra med leiker for barna i Skålahallen og tale og underholdning i Aulaen som før. Kantina på skolen var tatt i bruk som kafeteria med servering av varm mat. Ellers var det servering frå kjøkkenet i Skålahallen og kiosk nede i Skålahallen. Tok som vanleg ein del bilder under dagens feiring. Været vart faktisk bedre utover dagen med perioder med sol.
Ta ein kikk på bildene frå årets 17 Mai feiring på Vågsetra. Klikk på bildene for å sjå større bilder. Det er lov å laste ned bildene for dei som ønsker det.

17. Mai-toget har stansa ved Skåla Omsorgssenter og korpset spiller. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget ved Skåla Omsorgssenter, korpset spiller for beboerne. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget ved Skåla Omsorgssenter, korpset spiller for beboerne. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget ved Skåla Omsorgssenter, korpset spiller for beboerne. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget ved Skåla Omsorgssenter, korpset spiller for beboerne. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget fortsetter turen etter oppholdet ved Skåla Omsorgssenter.

Musikkorpset passerer. 

Musikkorpset passerer.

17. Mai-toget kom til Åsleet om gangvegen frå omsorgssenteret. Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget på Åsleet, Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget på Åsleet, Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget på Åsleet, Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget på Åsleet, Nesjestranda 17.05.2023.

Kort stopp på Åsleet. Her er blant anna 5. klasse frå Vågsetra Barne- og Ungdomskole.

17. Mai-toget på Åsleet, Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget på veg mot byggefeltet på Flovikhaugen, Nesjestranda 17.05.2023.

17. Mai-toget har gått runden rundt byggefeltet på Flovikhaugen, Nesjestranda 17.05.2023.

Musikkorpset spiller ute foran Skålahallen, Vågsetra 17.05.2023.

Musikkorpset spiller ute foran Skålahallen, Vågsetra 17.05.2023.

Flagget vaier i vinden ved Vågsetra Barne- og Ungdomsskole, 17.05.2023.

17. Mai-feiring med barneleker i Skålahallen. Her er det putekamp.

17. Mai-feiring med barneleker i Skålahallen.  Sekkeløp.

17. Mai-feiring med barneleker i Skålahallen.  Potetløp.

17. Mai-feiring med barneleker ved Skålahallen. Her hamres det spiker i ein planke.

2 flinke 10. klassinger holdt årets 17-Mai-tale i Aulaen på Skålahallen, 17.05.2023. Her får dei blomster av 17. Mai-komiteen.

2 flinke 10. klassinger holdt årets 17-Mai-tale i Aulaen på Skålahallen, 17.05.2023. 

Ein flink musikant frå skolen bidro med sang og gitarspill. 17.05.2023.


onsdag 3. mai 2023

"Nautilus Aldra" på Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023

"Nautilus Aldra " har i det siste vore brukt under arbeid med ny kraftlinje mellom øya Sekken og Sør Nesje på fastlandet.  "Nautilus Aldra" ligg fortsatt oppankra rett sør for Vevarneset på Sør Nesje. Dette er ei 20 Kw kraftlinje i sjøkabel med innlagt fiber for internett. Arbeidet har pågått ei stund og ferga var brukt også under arbeidet i  Sekkesundet mellom Sekken og Hangholmen. Det blir også gjort ein del arbeid på landsida med ny kraflinje etter høgspentlinja frå Nesje og vidare innover Nesjelandet. 

"Nautilus Aldra" var tidlegare bil og passasjerferge. Ho vart bygd i 1975 ved Ankerløkken Verft i Florø. Ferga vart bygd i passe store deler og frakta med skip til Oslofjorden og lastebil til Mengshol ved Mjøsa. Ferga vart satt sammen ved Mjøsa's bredd og fekk navnet "Mjøsfergen V". Ferga opererte i sambandet Gjøvik - Mengshol fram til Mjøsbrua kom i 1985. Det vart då ikkje lenger behov for ferga i Mjøsa. Ho vart solgt til Helgeland Trafikkselskap i Sandnessjøen. Ferga vart demontert og frakta til Drammen Slip i Drammen for å  bli sammenbygd igjen som ferge. Ferga fekk no navnet "Aldra" og opererte i sambandet Leirvika - Hemnesberget frå 1986 til 2014 for Helgeland Trafikkselskap / Helgelandske AS / Veolia Transport Nord / Boreal Transport Nord.  I 2014 vart ferga tatt ut av rute og solgt til Seløy Kystberedskap AS, 8850 Herøy / Seløy Undervannsservice AS. Ho vart så ombygd til arbeidsbåt / kabelskip og fekk navnet "Nautilus Aldra".  Ferga er på 348 brt og er 45.3 m lang. 

Her er nokre bilder eg tok av ferga på onsdag 03.05.2023. 

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023. Her ser vi litt av hyttebebyggelsen på Vevarneset til høgre i bildet.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

Her ser vi litt av anleggsområdet på landsida lengst vest på Sørnesjevegen, Nesjestranda, 03.05.2023.