onsdag 3. mai 2023

"Nautilus Aldra" på Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023

"Nautilus Aldra " har i det siste vore brukt under arbeid med ny kraftlinje mellom øya Sekken og Sør Nesje på fastlandet.  "Nautilus Aldra" ligg fortsatt oppankra rett sør for Vevarneset på Sør Nesje. Dette er ei 20 Kw kraftlinje i sjøkabel med innlagt fiber for internett. Arbeidet har pågått ei stund og ferga var brukt også under arbeidet i  Sekkesundet mellom Sekken og Hangholmen. Det blir også gjort ein del arbeid på landsida med ny kraflinje etter høgspentlinja frå Nesje og vidare innover Nesjelandet. 

"Nautilus Aldra" var tidlegare bil og passasjerferge. Ho vart bygd i 1975 ved Ankerløkken Verft i Florø. Ferga vart bygd i passe store deler og frakta med skip til Oslofjorden og lastebil til Mengshol ved Mjøsa. Ferga vart satt sammen ved Mjøsa's bredd og fekk navnet "Mjøsfergen V". Ferga opererte i sambandet Gjøvik - Mengshol fram til Mjøsbrua kom i 1985. Det vart då ikkje lenger behov for ferga i Mjøsa. Ho vart solgt til Helgeland Trafikkselskap i Sandnessjøen. Ferga vart demontert og frakta til Drammen Slip i Drammen for å  bli sammenbygd igjen som ferge. Ferga fekk no navnet "Aldra" og opererte i sambandet Leirvika - Hemnesberget frå 1986 til 2014 for Helgeland Trafikkselskap / Helgelandske AS / Veolia Transport Nord / Boreal Transport Nord.  I 2014 vart ferga tatt ut av rute og solgt til Seløy Kystberedskap AS, 8850 Herøy / Seløy Undervannsservice AS. Ho vart så ombygd til arbeidsbåt / kabelskip og fekk navnet "Nautilus Aldra".  Ferga er på 348 brt og er 45.3 m lang. 

Her er nokre bilder eg tok av ferga på onsdag 03.05.2023. 

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023. Her ser vi litt av hyttebebyggelsen på Vevarneset til høgre i bildet.

"Nautilus Aldra" i arbeid ved Vevarneset, Sør Nesje, Nesjestranda, 03.05.2023.

Her ser vi litt av anleggsområdet på landsida lengst vest på Sørnesjevegen, Nesjestranda, 03.05.2023. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar