onsdag 31. mai 2023

M/S "Pacific World" på Åndalsnes, 31.05.2023

M/S "Pacific World" var på besøk på Åndalsnes i dag. Dette cruiseskipet er på jordomseiling med passasjerer frå Japan. Skipet er innleid av Peaceboat Organization i Japan. Skipets operatør-selskap er Japan Grace Co. Ltd.  Peace Boat er ein ideell organisasjon som vart starta i 1983 og dei har hatt mange forskjellige skip innleid opp gjennom årene.  

Her er omtalen av Peace Boat frå Wikipedia (oversatt til norsk) : "Peace Boat er en global ikke-statlig organisasjon med hovedkontor i Japan etablert for å øke bevisstheten og bygge forbindelser internasjonalt blant grupper som jobber for fred, menneskerettigheter, miljøvern og bærekraftig utvikling".

Det krydde av cruiseturister frå Japan på Åndalsnes denne dagen. Uheldigvis var det gråver og nokre regnbyger, så fjella var for det meste skjult. Kunne sjå opp på Nesaksla og dei som tok turen opp dit med Romsdalsgondolen fekk nok bra utsikt. Trollstigen er vel fortsatt stengt.
Denne jordomseilinga starta i Yokohama i Japan 07.04.2023. Passasjerane kunne velge mellom å vere med på heile turen eller deler av turen. Det er ganske sjelden at cruiseskip som besøker oss har berre passasjerer frå Japan, men skip frå Peaceboat har besøkt Norge også tidlegare.
Det vart ein del bilder frå forskjellige vinkler, nokre av dei første var tatt mens det regna, så fekk tatt nye bilder etter at det slutta å regne.  Skipet fortsetter nordover etter besøket på Åndalsnes og skal etter plana besøke Tromsø,  Honningsvåg og Longyearbyen. 

Historikk M/S "Pacific World" :
Bygd i 1996 v / Fincantieri Monfalcone, Italia.  77441 grt, 261.3 m, 2419 Passasjerer.
1998-2020 : "Sun Princess", Princess Cruises.
2020 - : "Pacific World",  Japan Grace / Peace Boat.

Her er dagens bilder. Dobbeltklikk på bildene for å sjå større bilder.


M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023. Ein seilbåt hadde ankra opp litt lenger inn i fjorden.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023. Ukjente symbol på skutesiden.

Romsdalsgondolen gjekk som vanleg. Skodde på toppen.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023. Skipet er registrert i Panama.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023. Oppholdsver.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.

M/S "Pacific World", Åndalsnes 31.05.2023.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar