onsdag 19. april 2023

"Feskarjenta" i Molde, 19.04.2023

"Feskarjenta" er ein strukturert fiskebåt som var bygd av Mjosundet Båtbyggeri på Nordmøre i 1971. Dette er ein svært velstelt og vakker fiskebåt. "Feskarjenta" overnatta i Molde 18-19. april på tur nordover frå Bergen til Skjervøy med nye eiere. Var på rett plass til rett tid og fekk tatt nokre bilder i det båten gjekk ut frå havna i Molde 19.04.2023 for å fortsette på turen nordover. Båten har hatt fleire eierskifter og eg har etter beste evne laga ein historikk til båten. 

Bygd 1971 v / Mjosundet Båtbyggeri, 15 m, 22.4 brt, LM4208.
1971-1973 : "FESKARJENTA", F-86-BD, Eier : Harald Pettersen, 9990 Båtsfjord, (MR71),(09.04.70),
1973-1976 : "FESKARJENTA", Mangler info om eierskifte. Ingen info om "Feskarjenta" i MR73.

Båten har muligens vore solgt til Lofoten før 1976 og kan således ha hatt fiskerimerke N-86-MS (Moskenes).
Flakstad Kommune skilt ut frå Moskenes Kommune 01.01.1976. 
Harald Pettersen i Båtsfjord er registrert med ein anna båt i MR73 : "Nordbruna", F-73-BD.

1976-1986 : "FESKARJENTA", Svolvær, N-86-F, Eier : Hermod Leonhardsen m.fl., 8395 Mølnarodden, (M76).
1986-2008 : "FESKARJENTA", N-86-F, Eier : Edmund Karstein Leonhardsen, 8380 Ramberg, (23.06.86),
2008 :        "FESKARJENTA", N-7-MS, Eier : Hellodden AS, 8392 Sørvågen, (04.09.08),
2008-2009 : "FESKARJENTA", N-322-VV, Eier : P/R Leif Ole Olavsen (reder) og Tom Olav Nilsen ANS, 8370 Leknes. (20.11.08). 
2009 :         Sletta i merkeregisteret 25.06.09. 
2009-2016 : "FESKARJENTA", Eier: Narvik Kystlag, Narvik.(25.06.09),
2016-2017 : "FESKARJENTA", Eier : Lars Helge Sedal Engelsen, 5310 Hauglandshella, (08.01.18),
2017-2022 : "FESKARJENTA", Kristiansund, Eier : Peder Olav Amundøy, Frei. (Amundøy Kystlag).
2022-2023 : "FESKARJENTA", Eier : Feskarjenta Kystlag, c/o Tore Ekerhovd, 5353 Straume, (08.01.18),
2023 - :  "FESKARJENTA", Solgt til Skjervøy, April 2023.
Datoer i parentes er henta frå Skipsregisteret. Datoer for dei siste eierskiftene er feilregistrert (08.01.18). Informasjon også henta i Merkeregisteret/Fartøyregisteret (MR). 

Vennligst gi meg beskjed om du finn feil i historikken eller har ny informasjon slik at eg kan oppdatere innlegget. 

Her er bildene frå Molde 19.04.2023.  Nederst i innlegget er bilder av "Feskarjenta" frå 2016, 2017 og 2020 frå eget arkiv.

"Feskarjenta" ved Reknesmoloen i Molde 19.04.2023.

"Feskarjenta" i Molde 19.04.2023.

"Feskarjenta" i Molde 19.04.2023.

"Feskarjenta" ved Reknesmoloen i Molde 19.04.2023.


"Feskarjenta" starter på turen frå Molde og vidare nordover til Skjervøy med nye eiere bak roret, 19.04.2023.

"Feskarjenta" på veg ut frå Molde Havn, 19.04.2023.

"Feskarjenta" på veg ut frå Molde Havn, 19.04.2023.

God tur til Skjervøy !

Her er nokre bilder frå eget arkiv, tatt i 2016, 2017 og 2020.


Bergen  11.06.2016 :

"Feskarjenta" i Bergen under Torgdagen 11.06.2016. Ligg på utsida av "Nybakk", SF-7-NV.

"Feskarjenta" i Bergen under Torgdagen 11.06.2016. Ligg på utsida av "Nybakk", SF-7-NV.

Amundøy, Frei på Nordmøre, 15.11.2017 :

"Feskarjenta" ved egen kai på Amundøya, Frei, 15.11.2017. Sjarken "Amundøy" ligg på utsida.

Amundøy, Frei på Nordmøre, 12.12.2020 :

"Feskarjenta" ved egen kai på Amundøya, Frei, 12.12.2020. Sjarken "Amundøy" ligg på utsida.
Trålbakken er no fjerna og båten har fått bedre sikt framover.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar