søndag 9. april 2023

Hjort på Reitan, Nesjestranda 09.04.2023

Det er no tid for å sjå etter hjort igjen. Snøen (hard skare) er på retur og det lokker hjorten fram på markene.  Mange plasser er det snøfritt og der er det mulig å finne mat for hjorten. Strekninga med mest sannsynleg hjorteobservasjon på Nesjestranda er langs Langfjordvegen frå Malo til Horsgård. Det er naturlegvis også hjort nedpå markene på Sølsnes, Vikhagen og i Bergsvika. Men der det er meir trafikk kjem ikkje hjorten fram før det er for mørkt til fotografering. Ein må altså vere ute i rett tid skal det bli brukbare hjortebilder. 
I kveld var eg ganske heldig med å vere på rett plass til rett tid. Første hjorteflokken var på Reitan. Her gjekk det 8 stk rett nedfor husa på garden.  Fekk derfor nokre bilder av hjort på Reitan som eg har prøvd å få til i mange år. Reitan er som dei fleste veit "heimgarden" min der eg budde min første 6 år. Hjort var det alltid mulig å sjå på Reitan, men det var stort sett nede på markene. 
Det var også hjort på markene på Gribbestad, Årset og 1 hjort å sjå i Brevika. Alle hjortebildene frå Reitan er tatt frå bilen nede på vegen. Det passerte fleire biler og flokken fann det tryggast å trekke lenger unna. 
Fekk uansett tatt nokre bilder av dei, det er totalt 7 bilder i dette innlegget. Dobbelklikk på bildene for å sjå større bilder.

Hjorteflokken (6 stk) rett nedfor gardssaga på Reitan, Nesjestranda, 09.04.2023.

2 hjorter poserer foran gardssaga på Reitan, 09.04.2023.

Hjorteflokken (7 stk) nedfor gardssaga på Reitan, Nesjestranda, 09.04.2023.

Her er ein del av flokken framfor løa på Reitan. Dei er klar til å passere over gardsvegen.

Hjorteflokken på tur over gardsvegen på Reitan.

Hjorteflokken på tur over gardsvegen på Reitan.

Dei 3 siste hjortane tok seg bedre tid før dei også for over gardsvegen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar