søndag 14. desember 2025

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025


Kitesurfing på Hustadvika. 

Søndag 14.12.2025 var eg ein tur til Hustadvika i Møre og Romsdal fylke. På Farstad ligg den flotte sandstranda Farstadsanden. Her står storhavet rett inn og i sterk vind kan det bli store bølger på den langgrunne stranda. Ved siden av Farstadsanden ligg Breivikbukta. Denne søndagen var det ganske mykje vind og eg såg det var fleire som dreiv med surfing på Breivikbukta der vindretninga laga best forhold. Køyrde ned til bukta og tok ein del bilder av folk som dreiv med denne ekstremsporten som er kalla Kitesurfing. Her er utstyret surfebrett og ein kite eller drage som bruker vinden som framdrift. Ved vanleg surfing må du padle ut på surfebrettet og surfe på bølgene inn mot land. Med kitesurfing er det vinden som bestemmer og du kan surfe att og fram, ut og inn så lenge du orker. Kitesurfarane i Breivikbukta var i alle fall svært flinke og erfarne og dei kom opp i stor fart og gjorde høge hopp og svev på bølgene. Det var 3 stk som holdt på. På Wikipedia ser eg at største målte hastighet med kitesurfing er ca 107 km/t, høgaste hopp er målt til 36.2 m og lengste svev målt til 22 sekund. Sjekk ut bildene i denne bloggen og sjå om du hadde klart dette. Nokre bilder viser kor høgt dei "flaug" i lufta. Morsom idrett å kunne oppleve her på Nordvestlandet vinterstid. Ingen grunn til å reise til Hawaii eller andre gode surfelokaliteter når ein har så gode forhold som her.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

Kitesurfing i Breivikbukta på Farstad, 14.12.2025.

 

onsdag 2. juli 2025

Biltur til Dalsidene og Aursjøen i Lesja kommune, 29.06.2025

På heimtur frå Dombås søndag 29.06.2025 hadde eg tid til overs og fann ut at eg skulle køyre ein tur opp til Aursjøen frå Lesja-sida. Det går bomveg frå Aurstad mellom Dombås og Lesja. Vegskilt opplyser om at det er 25 km til Aursjøen. Turen går over dalsida og ned i ein ny dal, Svartdalen, der elva Jore er dominerande. Jore er elva som alle krysser på ny bru like før Dombås om du kjem frå Lesja.

Det var delvis sol og fint ver eit stykke på turen, men så kom det litt regn og det vart overskya med dårleg sikt. Kom til eit vegskille som heiter Kvitkrysset. Her kan ein velje om ein vil køyre på vestsida av Aursjøen til Gåsbue eller på austsida til Naustvike. Eg valgte å køyre i retning Naustvike som er så langt som det går an å køyre langs Aursjøen. Lenger nord går grensa mellom Innlandet og Møre og Romsdal fylke og det går ein tursti vidare frå Naustvike til Aursjøhytta ved demninga i nordvest. 

Aursjøen vart ferdig oppdemt i 1956 og er det største reservoaret til Aura Kraftverk på Sunndalsøra. Før reguleringa var det 3 innsjøer, Gautsjøen, Grynningen og Aursjøen som då vart ein sammenhengande innsjø også kalla Aursjødammen. Det var langt i frå full vannstand i Aursjøen no, så alt regn er velkomment for å få høgare fyllingsgrad til vinteren. Passerte mange flotte setergrender på turen til Aursjøen. Aursjøen går i nord-vestleg retning. Vegen inn til Naustvike er anleggsvegen brukt under bygging av kraftlinjer frå Aura Kraftverk. Ved Naustvike var det nokre naust og båtplass for dei som har båt i Aursjøen. Fekk meir regn på tilbaketuren. GPS-måling viste at eg hadde køyrt 37.3 km frå Naustvike og tilbake til E136 ved Aurstad. 25 km  var nok berre opp til sørenden av Gautsjøen/Aursjøen. Det gjekk ein del sau på setrene, men det såg ikkje ut til å vere aktiv seterdrift i dalen. Ellers var det svært lite trafikk og folk her oppe denne dagen.


Vegskilt nede ved hovedvegen ved Aurstad i Lesja kommune viser avstanden til Aursjøen. Auravegen opp på fjellet og vidare Dalsidevegen er bomveg med automatisk registrering og betaling via nettsiden PassPay. Bompengane var kr 150.

Skilt oppe på fjellet der Dalsida Statsallmennig starter og vegen går ned i Svartdalen. Her er det mange flotte seterstøler og ein god del hytter.

Etter å ha passert setrene på Filling traff eg på desse ungdyra som var på sommarbeite.

Morsom trefigur ved ein plass som heite Klåvå'n. Ein trost hadde funne ut at toppen av trollets lue var ein god reirplass.

Ved Sjongosen i Sjongvatnet var det ein liten holme med ein rugande fiskemåse. 

Kvitkrysset, her er det vegskille mellom veg på austsida av Aursjøen mot Naustvike og på vestsida av Aursjøen mot Gåsbue. Eg valgte å køyre den lengste vegen mot Naustvike. Dette krysset er rett før den oppdemte Aursjødammen.

Seter ved Sørhella. Det var lett regn og skodde i fjella. Sjøen vi ser er  den sørlege del av Aursjøen som heiter Gautsjøen.

Her er eg ved vegens ende i Naustvike. Hadde det vore klart vær, kunne vi herifrå sjå mot demninga i Aursjødammen i nord.

Ein einsleg båt venter på at Aursjøen skal fylles opp i Naustvike.

Frå Naustvike, sikkert ei flott badestrand i finevær.

Her i Naustvike var det fortsatt igjen nokre små snøflekker.

Utsikt frå Naustvike mot sør.

Utsikt frå Naustvike mot nord. Landskapet virker svært goldt sidan vi egentleg står på botnen av Aursjøen. Aursjødammen er tappa ned for å produsere kraft og fyllingsgraden er derfor lav.

Bokstavleg talt ved vegs ende i Naustvike, Aursjøen.

Bokstavleg talt ved vegs ende i Naustvike, Aursjøen.

Selfie ved vegens ende i Naustvike ved Aursjøen.

Ved vegens ende, Naustvike / Naustviki. Målt avstand frå start ved Aurstad og til Naustvike var 37.3 km.

Geitåe, elva frå Geitådalen.

Køyrer vegen tilbake mot Sjong seter. Vegen går langs kraftlinjetraseen og var vel bygd som anleggsveg. Gautsjøen/Aursjøen til høgre.

Sauer ved vegen ved Sjong seter. Denne setra ligg ved Sjongvatnet rett sør for Aursjødammen.

Sjong seter har eget seterkapell, Sjong Seterkapell er bygget som ein kan sjå rett over taket på den nærmaste seterbygninga i venstre del av bildet.

Vegvisar ved Sjong seter.

Ein flokk med villsau ved Sjong seter.

Utsikt mot Sjongvatnet.

Sauer ved vegkryss for veg til plass for Camping og og vidare til Skamsdalen. Frå Skamsdalen går det merka sti til DNT-hyttene Grøvudalshytta og Åmotdalshytta og dalen er ein innfallsport til Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark.

Stor seter ved Filling.

Gammel seterbygning ved Filling.

Gammel seterbygning ved Filling. Rabarbraen veks godt ved husveggen.

Gammel seterstøl ved Filling.

Kartutsnitt som viser vegen gjennom Dalsidene og til  Naustvike ved Aursjøen som registrert av GPS på min mobiltelefon. Total målt køyredistanse er 37.3 km.


lørdag 22. mars 2025

Fellestur med Birdlife MR til Skardsøya i Aure kommune 22.03.2025

Årets første fellestur med Birdlife Møre og Romsdal gjekk til Skardsøya i Aure kommune lørdag 22.03.2025. Målet med turen var å sjå etter sjøfugler blant anna gulnebblom som overvintrer i området ved Skardsøya. Oppmøte var ved Vean busstopp ved brua over til Skardsøya kl 10:00. Turledere var Ingvar Gjerdevik og Arnstein Gjeldnes. Ingvar hadde fått nyss om at ein sjelden fugl var observert i Kjørsvikbugen. Vi bestemte oss for å legge turen til Kjørsvikbugen først. Eirik og Hans Våg hadde sett fuglen tidlegare på dagen og vi vart med dei til ein utsiktplass. Fuglen vi ville sjå etter var ein underart av ærfugl som heiter Borealis, (Somateria mollissima borealis). Dette er ein fugl som stort sett held seg på Svalbard og hadde få observasjoner i Møre og Romsdal. Den eine Borealis-hannen holdt sammen med ein stor flokk med vanlige ærfugler. Uheldigvis låg flokken ganske langt frå land, men vi fekk alle sjå underarten med teleskop. Underarten skilte seg ut frå resten av ærfugl-hannene med sitt gule nebb. I samme flokk kunne vi også sjå mange haveller og ein del storskarv. Dette funnet vart eit høgdepunkt på turen. 
Vi dro så tilbake til Skardsøya og køyrde ut til Skard. Der gjekk vi ut på neset Hanen for å sjå etter gulnebblom. Her fekk vi sjå totalt 6 stk gulnebblom, men dei låg no langt frå land, nesten ute i Trondheimsleia. Grunnen til det var nok litt trafikk av fritidsbåter i området nærmare land. Her fekk likevel alle sett gulnebblom med teleskop, men fuglane var utanfor fotohold. 
Turen gjekk så vidare med stopp i Mellandsvågen mellom Skardsøya og Lesundøya. Her var det mange arter, men dei fleste låg også her langt ute frå land. Vi fekk sett smålom, islom, sjøorre, svartand, ærfugl, horndykker og den meir sjeldne gråstrupedykkeren.  Deretter gjekk turen til siste stoppestad for turen som var Finnset på sørsida av Skardsøya. Her var det fin utsikt over Finnsetbugen og til Trondheimsleia og vi fekk sjå mange fleire islomar. Totalt vart det observert 19 stk islom i Mellandsvågsområdet. Vi fekk også sjå eit par otere i aksjon. 
Det var gode værforhold med sol og fint vær under turen. Men det begynte å blåse litt utover ettermiddagen, og med meir bølger på sjøen vart det vanskelegare å oppdage fugler på langt hold. 
Alle observerte arter er oppdatert i Artsobservasjoner.  Vi var totalt 8 stk fugleinteresserte personer på turen. Fekk tatt nokre fuglebilder på langt hold med Nikon P1000. Stor takk til turledere Ingvar og Arnstein for ein flott tur.

Ærfugl underart borealis, (Somateria mollissima borealis), Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Haveller, Kjørsvikbugen, 22.03.2025.

Ein stor flokk med ærfugl og ei havelle. Midt i bildet ser vi ærfugl underarten borealis med gult nebb. Kjørsvikbugen, 22.03.2025.


Frå Skard på Skardsøya. Vi ser etter gulnebblom.

Avreise frå Skard, Skardsøya.

2 stk sjøorre i Mellandsvågen, 22.03.2025.

Smålom i Mellandsvågen, 22.03.2025.


2 svartender i Mellandsvågen, 22.03.2025.


Her ser vi etter islom frå P-plassen på Finnset, Skardsøya, 22.03.2025.