tirsdag 16. juli 2013

Cruiseskip i Molde 2013

16-JUL-2013 :    "RYNDAM"    Holland America Line

Nytt førstegangsanløp i Molde i dag. No var det "RYNDAM" frå Holland America Line som kom på sitt første av to anløp i Molde i år. Den kjem også til Molde den 31-Juli.  Dette er eit søsterskip til "MAASDAM" som kom på overraskende besøk den 27-Juli i fjor. "RYNDAM" er eit av 4 søsterskip som seiler for det Carnival-eide Holland America Line.
Været var nitrist i dag med gråver og kontinuerlig regn, så ikkje særleg bra for cruiseturistane. Ellers var det lite folk i gatene i Molde på andre dag av årest Jazzfestival.

Bygd i 1994 ved Fincantieri Monfalcone i Italia. Levert til HAL 09.09.94.
Tekniske data : 55451 GRT, 219.2 m lang, max 1613 pax, 20 knop. 
Registrert i Rotterdam, Nederland.

"RYNDAM" ved Storkaia i Molde 16.07.13.

"RYNDAM" i Molde 16.07.13. Moldebåten "INGER HILDUR" ligg også til kai.

"RYNDAM" i Molde 16.07.13. Ikkje ofte det er besøk av skip frå Holland America Line i Molde.
"RYNDAM" i Molde 16.07.13.

"RYNDAM" ved Storkaia i Molde 16.07.13.

08-JUL-2013 :     "QUEST FOR ADVENTURE"   Saga Cruises, UK

Dette skipet er også på sitt første besøk i Molde under dette navnet. "Quest for Adventure" er det siste av i alt 5 navn på dette skipet som starta karrieren som tyske "Astor" i 1981. Skipet har vore på mange besøk i både Molde og Åndalsnes opp gjennom åra under andre navn. No er det eid av engelske Saga Cruises som stort sett seiler med engelske pensjonister.
Her er litt historikk og tekniske data :
Bygd i 1981 som "ASTOR" for Hadag Cruise Line (Astor Cruises), Tyskland ved Howaldtswerke-Deutsche Werft, Hamburg, Tyskland. Skipet vart levert til Hadag Cruise Line den 14.12.81.
Tekniske data : 18853 GRT, 164.3 m, max 540 pax, 18 knop.
1981 - 83 :  "ASTOR",  Hadag Cruise Line (Astor Cruises), Tyskland.
1984 - 85 :  "ASTOR", SAF Marine, Cape Town, Sør Afrika.
1985 - 90 :  "ARKONA", VEB Deutfracht Seerederei, Rostock, DDR.
1990 - 94 :  "ARKONA",  Deutsche Seerederei, Rostock, DDR.
1994 - 98 :  "ARKONA",  Deutsche Seerederei, Rostock, Tyskland.
1998 - 02 :  "ASTORIA",  Arkona Touristik, Tyskland.
2002 - 07 :  "ASTORIA",  Transocean Tours / Passat Shipmanagement, Tyskland.
2007 - 09 :  "ASTORIA",  Club Cruise / Transocean Tours (Charter).
2007 - 12 :  "SAGA PEARL II",  Saga Cruises, UK.
2012 - :       "QUEST FOR ADVENTURE",  Saga Cruises, UK.

Skipet er registrert i Valletta på Malta.

"Quest for Adventure" ved Storkaia i Molde 08.07.13.

"Quest for Adventure"  i Molde 08.07.13.

"Quest for Adventure" i Molde 08.07.13.


19-JUN-2013 :    "MSC MAGNIFICA"    MSC Cruises

MSC Cruises er eit italiensk rederi med 14 cruiseskip i fart og 1 skip under bygging. Dagens anløp er eit førstegangsanløp for Molde. "MSC Magnifica" er på sitt første av 3 besøk i Molde denne sommeren. "MSC Magnifica" er eit av skipene som benytter seg av tilbudet frå Molde og Romsdals Havn om å betale kun for eitt anløp sjølv om skipet anløper både Molde og Åndalsnes ("ta 2, betal for 1"). Skipet ligg ved Storkaia frå kl 8 - 12, går så til Åndalsnes og ligg der frå kl 14 - 19. Skipet er eitt av 6 søsterskip som alle er bygd i Frankrike.
Bygd i 2010 ved STX Europe France, St Nazaire og vart levert den 25.02.10 til MSC Cruises.
Tekniske data : 95128 GRT, 293.8 m lang, max 3605 pax, 23 knop.
Skipet er registrert i Panama.

"MSC Magnifica" ved Storkaia i Molde 19.06.13.

"MSC Magnifica" i Molde 19.06.13.

"MSC Magnifica" i Molde 19.06.13.



12-JUN-2013 :     "OCEAN MAJESTY"    Majestic International Cruises

Dette er eit av dei eldre cruiseskip fortsatt i drift. Skipet starta som passasjer - og bilferge for det spanske statseide fergerederiet Cia Trasmediterranea. Skipet har dei siste åra vore utleid til forskjellige turoperatører, blant anna Page & Moy og i år tyske Hansa Touristik.
Tekniske data : Bygd i 1966 som  "Juan March" av Union Naval de Levante i Valencia, Spania.  Opprinneleg tonnasje som ferge med plass til 100 biler, 6892 GRT.
Tekniske data som cruiseskip : 10417 GRT, 130.6 m lang, max 623 pax, 17 knop.
1966 - 1985 : "Juan March", Cia Trasmediterranea, Spania  (Ferge).
1985 - 1986 : "Sol Christina",  Sol Mediterranean Lines, Kypros  (Ferge).
1986 - 1988 :  "Kypros Star", Opale Lines, Kypros  (Ferge).
1989 - 1994 :  "Ocean Majesty",  Majesty Cruises / Chios Bridge, Piraeus, Hellas.
1989 - 1994 :  Ombygd til cruiseskip i Perama, Hellas. 
1994 :             "Olympic",  Epirotiki Line, Piraeus, Hellas (Charter).
1994 - 1995 :   "Homeric", Epirotiki Line, Piraeus, Hellas  (Charter).
1995 ---->   :   "Ocean Majesty",  Majestic International Cruises, Athen, Hellas.
                       Stort sett utleid til andre cruiseoperatører bl.a. Page & Moy.
2012 - 2013 :   Ombygd ved Chalkis Yard, Hellas.
2013 ---->   :    "Ocean Majesty",  Hansa Touristik, Tyskland (Charter)
Skipet er registrert på Madeira, Portugal.


"Ocean Majesty", Molde 12.06.13.

"Ocean Majesty", Molde 12.06.13.

"Ocean Majesty", Molde 12.06.13.


09-JUN-2013 :    "ADVENTURE OF THE SEAS"     RCCL

Dette er det største skipet som nokon gong har lagt til ved Storkaia i Molde. Riktignok er "Celebrity Eclipse" 6 m lenger, men både tonnasje og passasjerantall er større på "Adventure of the Seas". Skipene rangeres stort sett etter tonnasje når det er snakk om størrelse.  Dette var det første og einaste anløpet av dette skipet i år. "Adventure of the Seas" er eitt av 5 like store skip Voyager-klassen bygd ved det finske verftet Kværner Masa Yard i Turku.
Her er litt historikk og tekniske data for skipet :
Bygd i 2001 for Royal Caribbean Cruise Line ved Kværner Masa Yard i Turku, Finland.
Tekniske data : 137276 GRT, 311.1 m lang, max 3844 pax, 22 knop.
Skipet er registrert i Nassau på Bahamas.


"Adventure of the Seas", Molde 09.06.13.

"Adventure of the Seas", Molde 09.06.13.

"Adventure of the Seas" ruver godt ved Storkaia.

"Adventure of the Seas", Molde 09.06.13.

"Adventure of the Seas" har ein liten såkalt "ducktale" akter. Denne er for å dempe bevegelser og øke stabiliteten under fart.

28-MAI-2013 :    "ARTANIA"       Phoenix Reisen

Dette skipet seiler for tyske Phoenix Reisen. "ARTANIA" er skipets tredje navn. Dette var andre besøket i Molde under dette navnet, det første var i 2011. Skipet vart bygd i 1984 som "ROYAL PRINCESS". Det vart døpt av Lady Diana, Princess of Wales. Navnet er til ære for Diana som ikkje fekk prinsessetittel på linje med andre i den britiske kongefamilien. Skipet har sidan 2011 seilt med tyske turister for Phoenix Reisen.

Her er litt historikk og tekniske data for skipet :
Bygd i 1984 som "ROYAL PRINCESS" ved Oy Wärtsilä Ab, Helsinki, Finland. Levert 30.10.84.
Tekniske data :  44348 GRT, 230.6 m lang, 1323 pax, 22 knop.

1984 - 2005 :  "ROYAL PRINCESS",  Princess Cruises, London.
2005 - 2009 :  "ARTEMIS",  P & O Cruises, Hamilton, Bermuda.
2009 - 2011 :  "ARTEMIS",  Artania Shipping, Hamilton, Bermuda.  Charter til P & O Cruises.
2011 --->     :  "ARTANIA",  Artania Shipping, Hamilton, Bermuda.  Charter til Phoenix Reisen.


"Artania" ved Storkaia i Molde 28.05.13.
 
"Artania" i Molde. Bildet er tatt frå Elvemoloen.

"Artania" ved Storkaia i Molde 28.05.13.



05-MAI-2013 :     "CELEBRITY ECLIPSE"   Celebrity Cruises

Dette var det andre besøket til "Celebrity Eclipse" i Molde, men det var første gongen skipet la til Storkaia. Skipet er dermed det største som har lagt til kai ved Storkaia. Havnevesenet har mudra ut sjøbotnen utanfor Storkaia og gjort det mulig for større skip å legge til kai. I fjor måtte "Celebrity Eclipse" legge til kai på Havneterminalen. Den gongen vart det problem med mobiltelefondekninga så langt unna som i Eidsvågen, på grunn av at skipet var så stort at det skygga for sendaren i Molde. Skipet seiler for Celebrity Cruises som er eit selskap eid av delvis norskeide Royal Caribbean International. Celebrity Cruises er fortsettelsen av det greske Chandris Lines. Bokstaven "X" i skorsteinen står for den greske bokstaven for "Kh" som i gresk uttale av Chandris.  Chandris Lines skifta navn til Celebrity Cruises i 1988 og i 1997 vart selskapet kjøpt av Royal Caribbean Cruise Line. Royal Caribbean International vart oppretta i 1997 ved kjøpet av Celebrity Cruises. "Celebrity Eclipse" er eit av 5 like store søsterskip i fart for Celebrity Cruises. Skipet er registrert i Valletta på Malta.

Her er historikk og tekniske data :
Bygd i 2010 ved Jos L. Meyer Werft i Papenburg, Tyskland. Levert 09.03.10.
Tekniske data : 121878 GRT, 317.1 m lang, 2852 pax, 24 knop.




"Celebrity Eclipse" forlater Molde for denne gong.



"Celebrity Eclipse" gjekk frå kai kl 20:05.

"Celebrity Eclipse" ved Storkaia 05.05.13.

"Celebrity Eclipse" ruver godt ved Storkaia.

"Celebrity Eclipse"  i Molde 05.05.13. Bildet tatt ute på Elvemoloen.

"Celebrity Eclipse" ved Storkaia i Molde 05.05.13.


12-FEB-2013 :       "BOUDICCA"      Fred Olsen Cruise Lines

Det var rekordtidleg start på cruiseskipanløp i Molde i år. Molde var faktisk den første havna i Norge som fekk anløp av cruiseskip i 2013.  Det var "Boudicca" som kom til Molde om morgonen 12-Feb. "Boudicca" var på sitt første "Search of the Northern Light"- cruise med for det meste britiske turister. Cruiset starta i Portsmouth og gjekk rett til Molde som første anløpshavn. Skipet skal vidare til Tromsø og Alta for å oppleve Nordlyset før ferden går sørover igjen med anløp i Kristiansund og Bergen før det returnerer til Portsmouth på sørkysten av England. "Boudicca" skal ha 2 slike Nordlys-cruise i vinter og allerede 28-Feb er skipet tilbake i Molde på samme rute som første gong. Turistane fekk ein fin dag i Molde og hadde mange tilbud om utflukter bl a til Atlanterhavsvegen og Åndalsnes med togtur til Bjorli, samt lokal sightseeingstur i Molde med blant anna oppvisning av hundekøyring på Skaret.
"Boudicca" er tidlegare Royal Viking Line's "Royal Viking Sky" og har vore i Molde mange gonger før.
Her er litt historikk om skipet :

Bygd som "Royal Viking Sky" ved Oy Wartsila i Helsinki, Finland i 1973 for Kloster Cruise Line, Bergen.
Tekniske data pr 2013 : 28078 GRT, 205.5 m lang, 1022 pax, 21.5 knop.

1973 - 82 : "ROYAL VIKING SKY",  Royal Viking Line.
1982 :        Forlenga med 28 m ved A.G. Weser i Bremerhaven, Tyskland.
1982 - 91 : "ROYAL VIKING SKY", Royal Viking Line.
1991 - 92 : "SUNWARD",  Norwegian Cruise Line   (Kloster Cruise Line).
1992 :         "BIRKA QUEEN",  Birka line Ab, Mariehamn, Åland.
1992 - 93 : "SUNWARD",  Norwegian Cruise Line (Charter).
1993 - 96 : "GOLDEN PRINCESS",  Princess Cruises  (Charter).
1997 - 98 : "SUPERSTAR CAPRICORN",  Star Cruises.
1998 - 01 : "HYUNDAI KEUMGANG",  Hyundai Merchant Marine, Sør Korea (Charter).
2001 - 04 : "SUPERSTAR CAPRICORN",  Star Cruises.
2004 - 05 :  "GRAND LATINO",  Viajes Iberojet, Spania.  ( Ibero Cruises).
2005 -->  :  "BOUDICCA",  Fred Olsen Cruise Lines.


"Boudicca" ved Storkaia i Molde 12.02.13.

"Boudicca" ved Storkaia i Molde 12.02.13.


1 kommentar:

  1. Hei Alf.
    Du har taket på dette her,du er i feil bransje :-)
    MVH Rune....

    SvarSlett