fredag 12. juli 2013

Tur til Mardalsfossen

Måtte bruke denne flotte dagen til noko fornuftig. Det var sol og fint ver igjen etter fleire dager med regn og regn og vind er meldt for dei neste dagane også. Vi bestemte oss derfor til å køyre til Eikesdalen og gå den nye turvegen opp til Mardalsfossen. Dette er også eit Stikk UT mål i Nesset Kommune. Starta heimafrå like før kl 12. Ankom P-plassen i Mardalen kl 13:20. Her møtte vi Kari og Arne Gussiås som akkurat hadde komme ned igjen etter tur til Mardalsfossen. Vi visste ikkje om at dei hadde valgt samme turmål som oss i dag. Det var litt av eit sammentreff. Ungane vart svært glade for å treffe besteforeldra.
Turen opp til Stikk UT posten tok ca 30 minutt på fin turveg, til tider bratt for barnevogn, men ingen problem. Turvegen var no lagt til nordsida av elva Mardøla, den gamle turstien gjekk på sørsida. Det var laga ei flott bru over Mardøla eit stykke nedfor fossen. Derifrå var det meir sti enn veg. Litt ovanfor Stikk UT postkassa var det slutt på turvegen og det vart å følge den gamle stien vidare. Vi gjekk eit stykke oppover og det vart meir og meir elveyr og vind frå fossen. Anne Torill og Silje venta, mens Ida, Martin og eg gjekk endå eit stykke nærmare fossen. Vi kom inn i skyggen for sola som sto rett over fossen. Det var derfor svært vanskeleg fotolys med sterkt motlys. Kameralinsa vart også våt av elvedrevet. Vi hadde tatt på oss jakker for å unngå og bli altfor våte, men det viste seg å vere umuleg. Fekk tatt eit par bilder før vi snudde og gjekk ned att. Det var våt og sleip sti og ganske bratt ned til elva. Det er sjølvsagt umuleg å gå heilt inn til nedslaget for den nederste stupfossen, for der er vinden og regnet frå fossen for stort. Einaste fornuftige antrekk så nær fossen er badebukse eller våtdrakt. Vi kom oss ned på turvegen igjen.
Langs turvegen er det satt opp fleire informasjonstavler om naturen og floraen i Mardalen og også ei tavle øverst som viser bilder frå kampen om Mardøla i 1970. Elva og fossen vart regulert i 1974. No er det slik at Mardalsfossen er "skrudd på" kun 2 månader kvar sommer, frå 20/6 - 20/8. Dette er konsesjonsbestemt og er gjort for at vi som turister skal få oppleve denne flotte fossen. Fossen er ein såkalla stupfoss som egentleg består av 2 stupfosser. I henhold til NVE og SSB (Statistisk Sentralbyrå)har fossen ein høgdeforskjell på 705 m, den øverste og høgaste stupfossen er 250 m i fritt fall. Toppen av fossen er på 945 moh. Mardøla renn ut frå den regulerte Mardalstjønna rett innafor der fossen starter. Det er litt motstridande opplysninger om Mardalsfossen. Nettstedet World waterfalls.com opererer med ein høgdeforskjell på 657 m og fritt fall på 358 m. Mardalsfossen er uansett regna for å vere ein av dei finaste fossane i verda.
 
Meir informasjon kan ein finne på Wikipedia : http://no.wikipedia.org/wiki/Mardalsfossen .
Det er også ein bra artikkel i Romsdals Budstikke på siden : http://www.rbnett.no/kortreist/article235728.ece .

God merking ved start på turvegen til Mardalsfossen.

Vi starter på turvegen opp til Mardalsfossen. Denne turen egner seg også for folk med barnevogn.

På turvegen opp Mardalen som gjekk gjennom blant anna almeskog.
På brua over Mardøla. Mardalsfossen i bakgrunnen.
På brua over Mardøla.
Anne Torill og Ida ved Stikk UT kassa. Det er fortsatt eit stykke igjen opp til fossen.
Ved Stikk UT kassa. Vi ser no fossen i bakgrunnen.


Utsikt mot Vestre Mardalen, elva heiter her Ytste Mardøla eller Vestre Mardøla.

Martin og Ida ved plassen der vi snudde. Her var det vått og vindfullt.

Martin og Ida foran Mardalsfossen. Vanskeleg fotoforhold her, kameralinsa vart våt med ein gong.

På tur ned igjen. Vi er fortsatt i den sona der vi blir våte av fossen. Legg merke til regnbuen.

Vi er nede der Anne Torill og Silje venta på oss, her er det fortsatt yr frå fossen.
Ida og Anne Torill på veg ned stien. Sola stod rett over fossen og dette bildet illustrerer problemet med motlys på kameraet.


Siste svingen før brua.

Vi er tilbake på brua over Mardøla.

Mardalsfossen sett frå turvegen i Mardalen

Tyrihjelm var det mykje av langs turvegen i Mardalen.


Ei anna karakteristisk plante i Mardalen var Skogsvinerot. Denne hadde akkurat begynt å blomstre.

Mardalskiosken ved parkeringsplassen. Her var det salg av vafler, is, drikke og varmmat.

Det var mange på besøk i Mardalen denne fine dagen. Også bussen som gjekk i rute frå Eresfjord kom etter at vi var nedkomne.

Nederst i Mardalen ligg den gamle gården Mardalsbøen. Her var det fin utsikt mot Eikesdalsvatnet. Vi ser fjellet Vikesaksa midt i bildet. I høgre kant ser vi foten av fjellet Ågottind.
Mardalsfossen sett frå parkeringsplassen i Mardalen.

Her er toppen av den nederste fossen som starter i eit spretthopp.

Dette er toppen av den øverste fossen. Rett bak kanten ligg Mardalstjønna.
På veg tilbake til Eikesdalen ser vi rett over på fergekaia med turistbåten "Mardøla".

Utsikt mot Mardalen og Mardalsfossen frå vegen på østsida av Eikesdalsvatnet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar