torsdag 25. juli 2013

Tur til Morkanebba og Skarven 25-Jul-2013

Eg vokste opp på garden Reitan, ca 6 km øst for Sølsnes. Der såg vi rett over fjorden mot fjella Tarløysa, Ølsnosa og Morkanebba. Hadde ofte snakka om å ta turen opp på Morkanebba, men det hadde ikkje blitt noko av. Det hadde blitt med tanken heilt til denne fine julidagen i sommer, då eg bestemte meg for å ta turen. Tok ferga over til Åfarnes og køyrde innover til Holm. Fortsatte opp vegen til Slemmen og Mork og fann P-plass for skogsveg opp på fjellet. Denne skogsvegen går kun opp på flata mellom Morkanebba og Tarløysa. Der vegen slutta var det svært dårleg sti i tungt, myrlendt terreng innover til Inste Slemmesetra. Her var det nesten berre ruiner etter gamle seterstøler, men fann ei gammal intakt seterbu mellom nokre store grantre. Desse grantrea var nok planta den gongen det var meir drift på denne setra. Trudde eg skulle finne ein sti opp frå Inste Slemmesetra og til Stornebbdalen mellom Morkanebba og Skarven, men den gang ei. Der det kanskje har vore sti ein gong var det stort sett gjengrodd av tett skog og bregner. Kom meg opp lia og endte opp på sørsiden av Stornebbdalen i foten av Skarven. Det vart derfor enklast å fortsette rett opp på Skarven først. Hadde tenkt å gå dei to toppane i motsatt rekkefølge. Frå Skarven var det fint og lettgått terreng ned i Stornebbdalen. Kryssa dalen og gjekk opp på Morkanebba, 690 m.o.h. Her var det som antatt svært fin utsikt over Langfjorden mot Stor Skåla og gardane langs fjorden frå Årset til Indre Horsgård. Returen ned frå Morkanebba gjekk i samme bratte lia ned til Inste Slemmesetra og vidare ned til skogsvegen. Det var merkeleg nok lite spor av ferdsel på dei to toppane, ingen turbøker å sjå. Det såg ut til at lokalbefolkninga på Holm og i Mittet brukte desse fjella lite. Det er nok andre fjell på denne sida av Langfjorden som er meir forlokkande enn desse to.  Konklusjon : Flott tur med kjempefin utsikt. Her er ein del bilder frå turen :

Utsikt mot Morkanebba og Skarven frå ferga Sølsnes - Åfarnes, 25.07.13.

Utsikt opp mot Morkanebba frå enden av skogsvegen opp frå Indre Slemmen, 25.07.13.

Ruiner på Inste Slemmesetra, 25.07.13.

Gammel seterbu godt skjult mellom store grantre på Inste Slemmesetra, 25.07.13. 

Utsikt nordvestover mot Langfjorden og Sølsnes frå Inste Slemmesetra. 25.07.13.  

Utsikt frå oppstiginga til Skarven. Vi ser nordvestover mot Langfjorden med Veøya og Sekken.  25.07.13. 

Utsikt nordover mot Morkanebba. Frå oppstiginga mot Skarven. 25.07.13.  

Ein sliten kar tek pause på veg opp mot Skarven 25.07.13. 

Frå pauseplassen tok eg eit bilde mot Nesjestranda 25.07.13.

Utsikt frå Skarven, 835 moh. Vi ser mot Mittetdalen og i retning mot Måsvassbu. 25.07.13.    

Utsikt frå Skarven, 835 moh. Vi ser sørover mot Romsdalshorn og Store Trolltind. Fremst er Bolfjellet.  25.07.13.     

På Skarven, 835 moh. Morkanebba rett bak, lenger bak er Horja og Lille Skåla. 25.07.13.   

Utsikt frå Skarven, 835 moh. Vi ser mot Tarløysa og Herjevatnet.  25.07.13.   

Utsikt frå Skarven, 835 moh. Vi ser mot nordvestover Langfjorden med Holmsholmen, Veøya og Sekken. 25.07.13.  

Utsikt frå Skarven, 835 moh. Vi ser mot Morkanebba og Langfjorden. 25.07.13.  

På Skarven, 835 moh. Utsikt mot Skåla, Stor-Skåla og Skålaksla. 25.07.13. 

Tjern i Stornebbdalen mellom Skarven og Morkanebba. Her renn vatnet østover. 25.07.13.

Det øverste av 3 tjern i Stornebbdalen mellom Skarven og Morkanebba. Her renn vatnet vestover. 25.07.13.     

Morkanebba 690 moh. Utsikt mot Langfjorden og Stor-Skåla.   25.07.13.   

Morkanebba 690 moh. Utsikt vestover mot Langfjorden.   25.07.13.

Utsikt frå Morkanebba over Stornebbdalen til Skarven, 835 moh i sør. 25.07.13.     

Morkanebba 690 moh. Utsikt mot nordøst. 25.07.13.   

På Morkanebba 690 moh. 25.07.13.

Alf på Morkanebba 690 moh. 25.07.13. Denne varden ligg fremst på Morkanebba.   

Denne varden står heilt framme på Morkanebba. Utsikt over mot Skåla, Stor-Skåla og Skålaksla. Vi ser også Horsgård og Langfjorden. 25.07.13.

Utsikt mot Ytre Horsgård frå Morkanebba. 25.07.13.    

Utsikt mot Gribbestad-gardane frå Morkanebba. 25.07.13. 

Utsikt mot Reitan frå Morkanebba, 25.07.13. 

Utsikt mot Årset-gardane frå Morkanebba, 25.07.13.

Utsikt ned mot Holm og Holmsholmen frå Morkanebba, 25.07.13.    

Utsikt mot Stor-Skåla og Skålaksla frå Morkanebba, 25.07.13. Vi ser løa i Indre Horsgård nederst i bildet.                                       

Utsikt mot Horsgårddalen og Stor-Skåla frå Morkanebba, 25.07.13.  Vi ser Ytre Horsgård nederst i bildet.  

Utsikt sørover mot Vengetindane og Romsdalshorn frå Morkanebba, 25.07.13.   

Utsikt mot Skarven frå Morkanebba, 25.07.13.
Vi ser det nederste tjernet som har vannfall vestover.     

Det nederste tjernet i Stornebbdalen. 25.07.13.

På skogsvegen ned mot Slemmen. Utsikt over Langfjorden mot Stor-Skåla. 25.07.13.   

Ved dette vegkrysset på Slemmen starter skogsvegen opp på fjellet. Kan køyre bil opp til ein lunningsplass. Vi ser dei 3 ryggane som utgjer Morkanebba. 25.07.13.

Vegkryss på Slemmen, 25.07.13.   

Utsikt mot Morkanebba frå Holm. Skarven til høgre. 25.07.13.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar