søndag 9. desember 2018

B/F "VEØY", besøk i Havnevik på Nesjestranda i 1976

Havnevik på Nesjestranda fekk 23.08.1976 eit celebert besøk. Det var MRF's flaggskip B/F "Veøy" som kom på besøk til Nesjestranda Samvirkelag si kai i Havnevika.  "Veøy" hadde full flaggføring under besøket. Ferga var litt over 2 år gammel den gongen og gjekk normalt i ruta Molde - Vestnes - Vikebukt.
Grunnen til besøket var bedriftsbesøk hos Nesjestranda Møbelfabrikk AS.  Det var besøk av 110 personer frå den Norske Utenrikstjenesten deriblant alle norske ambassadører i utlandet. Det hadde seg slik at kvart år vart alle norske ambassadører samla heime i Norge og i den forbindelse vart det arrangert turer rundt omkring i landet. I 1976 falt valget på fergecruise i vakre Romsdal. Nesjestranda Møbelfabrikk AS heiter i dag Nesje AS og er fortsatt i full drift. 
Litt info om Nesje AS finnes her :   https://lokalhistoriewiki.no/Nesje_AS.
Har ikkje noko informasjon om andre anløp på denne turen, men har sett bilde av "Veøy" ved kai i Nauste innerst i Eresfjorden og dette kan ha vore på den samme turen. Har heller ikkje sett andre bilder av "Veøy" frå dette anløpet på Nesjestranda i 1976, men det er rart om det ikkje finnes. Uansett eit uvanleg besøk av ei såpass stor ferge til ei gammal trekai, 
På denne tida hadde Samvirkelagskaia stort sett besøk av mindre frakteskuter og lastebåter som kom med sekker med kraftfor, kunstgjødsel og sement til Nesjestranda Samvirkelag. Det var også anløp av sandbåter.
"Veøy" har nok vore det største skipet som har brukt Samvirkelagskaia på Nesjestranda. 
Eg hadde sommarjobb på Nesjestranda Møbelfabrikk, men denne dagen i 1976 var det skolestart igjen på Molde Gymnas. Bildene er derfor tatt om ettermiddagen etter at eg kom heim igjen frå Molde. Møbelfabrikken var under ombygging med utviding østover og vestover. 

"Veøy" har også trafikkert fergestrekninga Sølsnes - Åfarnes. Fergekaia på Sølsnes ligg som kjent på Nesjestranda.

B/F "Veøy", bygd i 1974 ved Hjørungavaag Mekaniske Verksted AS, Hareid. 1137 grt, 75 m lang. Passasjerkapasitet 345. 60 bilplasser. Dagens tonnasje er endra til 1870 grt og 50 bilplasser.
Er i dag mest kjent som turistferge på Geirangerfjorden.


B/F "Veøy" ved Samvirkelagskaia i Havnevika på Nesjestranda 23.08.76. Bildet er tatt frå taket til Nesjestranda Møbelfabrikk.
B/F "Veøy" ved Samvirkelagskaia på Nesjestranda 23.08.76. Bildet er tatt frå Bergsvikbukta. Hadde dessverre ikkje zoom-linse den gongen.

B/F "Veøy" bakkar ut frå kaia etter besøk på Nesjestranda 23.08.1976.

B/F "Veøy" set kursen ut Veøyfjorden utanfor Nesjestranda, 23.08.1976. Vi ser litt av den hellige øya Veøy bak og til høgre for ferga. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar