torsdag 28. oktober 2021

Storgrana i Midtgjerdet, Nesjestranda, 21 og 28.10.2021

I Midtgjerdet oppe i Vikdalen står det ei usedvanleg stor gran. I disse dager har grunneier hatt skogsentreprenører til å hogge skogen i dette feltet på sørsiden av vegen. Feltet besto av edelgran og mange var svært store. Men den desidert største av dei var for stor til å felles med den redskapen som var tilgjengelig. Treet står no igjen ganske åleine. 
Tok nokre bilder den 21/10 mens skogsarbeidarane holdt på og igjen 6 dager seinare den 28/10.

Storgrana vart målt av skogsarbeidarane den 21.10.2021 og den er ca 4.70 m i omkrets og med ein diameter på ca 1.70 m. Grana fekk knekt toppen under orkanen i 1992, så den kunne vore mykje høgare enn den er i dag. 

I januar 2014 laga eg eit blogginnlegg der eg presenterte eit par bilder av grana. Eg målte den gongen ein omkrets ved rota på 5.2 m og omkrets ca 1 m oppe på stammen på 4.5 m. Kanskje har den vokst litt på desse 7 åra sidan den gongen. 2 bilder frå 2014 er lagt inn nederst i innlegget. 

I åra 1966-1969 bodde eg i lag med min mamma og bror hos Tora Lillevik i Midtgjerdet. På den tida laga eg og bror min ei lita trehytte ( stort sett berre ein plattform eller golv med bølgeblikktak over) eit stykke oppe i grana. Grana var også den gongen kjempestor, men den hadde fleire greiner nederst og var lettare å klatre i enn dagens utgave.

Bilder tatt 28.10.2021 :

Hogstfeltet i Midtgjerdet, 28.10.2010. Storgrana ruver godt i bildet.

Storgrana i Midtgjerdet, 28.10.2021.

Storgrana i Midtgjerdet, 28.10.2021.


Bilder tatt 21.10.2021 :

Hogstfeltet i Midtgjerdet sett frå snuplassen. Storgrana står i venstre del av bildet. 21.10.2021.

Omkretsen til storgrana måles til ca 4.70 m ca 1 m oppe på stammen. 21.10.2021.

Skogsarbeidarane måler storgrana i MMidtgjerdet. 21.10.2021.

Skogsarbeidarane måler storgrana i Midtgjerdet. 21.10.2021.


Skogsarbeidarane måler storgrana i Midtgjerdet. 21.10.2021. Diameteren vart målt til ca 1.70 m.


Skogsarbeidarane i samtale med min bror Rune ved storgrana, 21.10.2021.

Storgrana i Midtgjerdet, Nesjestranda, 21.10.2021.

Storgrana i Midtgjerdet, Nesjestranda, 21.10.2021.


Her er 2 bilder frå mitt blogginnlegg i Januar 2014. Då målte eg ein omkrets ved rota på 5.2 m og ein omkrets 1 m oppe på 4.5 m.

Ida ved storgrana i Midtgjerdet 19.01.2014.

Ida ved storgrana i Midtgjerdet 19.01.2014.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar