søndag 3. oktober 2021

Sjarken "Delfin" i Havnevika 03.10.2021

I dag kom sjarken "Delfin", M-200-F, til Havnevika på Nesjestranda. Båten er normalt stasjonert i Harøysundet, men skal no drive teinefiske i Langfjorden. Båten har leid båtplass i småbåthavna hos Havnevik Småbåtforening. Så no blir det konkurranse om havets kardinal, hummeren, i Langfjorden. "Delfin" er ein Viksund 950 sjark bygd i plast i 1996.  Kallenummer er LG2531. Eier av båten sidan 2008 er Einar Kristengård frå Bud. Det er ein fin båt, ikkje mange fiskebåter som har flybridge !
Hummersesongen starta på fredag 1. Oktober kl 8:00 og "Delfin" har allerede lagt ut sine teiner. No er det berre å håpe på god fangst.  Her er nokre bilder av "Delfin" i det den kom til Havnevika i 16:30-tida i dag. 

"Delfin" på veg til Havnevik, Nesjestranda, 03.10.2021. Veøya i bakgrunnen.

"Delfin" på veg til Havnevik, Nesjestranda, 03.10.2021.

"Delfin" på veg til Havnevik, Nesjestranda, 03.10.2021.

"Delfin" på veg til Havnevik, Nesjestranda, 03.10.2021.

"Delfin" har funne plassen sin i båthavna til Havnevik Småbåtforening, Nesjestranda, 03.10.2021.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar