søndag 24. oktober 2021

Romsdal Myntforenings tur til Trondheim 22-24.10.2021

Tok ein del bilder for å ha litt reiseminner frå Romsdal Myntforenings tur til Trondheim helga 22-24-10.2021. Turen vart arrangert for å delta i Trøndelag Numismatiske Forenings 50-årsjubileum. I tillegg var det Myntmesse med 10 forskjellige mynthandlere. Vi køyrde oppover på fredag 22.10 med ankomst hotellet vårt i Trondheim, Scandic Nidelven ca 14:55, litt før skjema. Vi hadde egen buss frå Veøy Buss som starta på Åndalsnes og plukka opp folk undervegs. Totalt var vi 32 stk som var med på turen. Bussjåfør og reiseleder var Odd Inge Herje. Han er også styremedlem i Romsdal Myntforening. 
Det var lagt opp til eit variert program i Trondheim med hovedfokus på Myntauksjon og Myntmesse. På fredag var det Myntmesse og visning av objektene på auksjonen. Romsdal Myntforening sponsa felles middag om fredagskvelden på Egon Søndre. På lørdag var det Myntmesse og Jubileumsauksjon. På lørdag kveld var fleire av oss med på Jubileumsmiddagen til Trøndelag Numismatiske Forening i Nideleven Restaurant på Scandic Nidelven. Nokre hadde med seg følge som fekk heile lørdagen til shopping i Trondheim. 
Her er både turbilder, auksjonsbilder, myntmessebilder og nokre "dårlege" mobilbilder frå Jubileums-middagen på Nidelven Restaurant. Har vel ikkje fått bilde av alle som var med på turen, men ein del vil forhåpentligvis kjenne seg igjen. Trur dei fleste av oss var fornøyde etter turen og alle hadde med seg objekter kjøpt til samlingene sine. Tusen takk til styret i Romsdal Myntforening som arrangerte turen, med spesiell takk til Odd Inge og Ragnar for ein godt planlagt tur. 


Bussen kjem til Havnevika på Nesjestranda for å plukke opp 2 stk.

Kaffepause i Vinjefjordskroa på Vinjeøra, 22.10.2021. Det var gråvær og regn.

Det smakte godt med kaffe og noko attåt på Vinjefjordskroa.

Ved avreise frå Vinjefjordskroa var det fortsatt regnvær. Det regna stort sett heile turen opp til Trondheim.

Ankomst Scandic Nidelven i Trondheim ca kl 14:55.

Scandic Nidelven, Trondheim, 22.10.2021.

Kø for innsjekk på Scandic Nidelven, 22.10.2021.



Lørdag 23.10.2021 :

 



Myntmesse på Scandic Nidelven. Mynthandlerne har komme på plass. Det er få med kunder rett før start på myntauksjon i salen ved siden av.

Det er like før Jubileumsauksjonen til Trøndelag Numismatiske Forening starter kl 10, 23.10.2021. 

Nokre av medlemmene i Romsdal Myntforening har tatt plass i auksjonssalen.

Nokre av medlemmene i Romsdal Myntforening har tatt plass i auksjonssalen.

Auksjonarius og leder i Trøndelag Numismatiske Forening, Stig Arne Westerhus,  ønsker velkommen til Jubileumsauksjon, Scandic Nidelven, 23.10.2021.

Styremedlem i Trøndelag Numismatiske Forening, Ivar Eiken, holdt orden på data under auksjonen. Auksjonen gjekk samtidig som nettauksjon slik at mange kunne sitte heime og by på objekter under auksjonen. Det var totalt 500 objekt og det vart ca 2 timers pause etter objekt nr 250.

Etter pausen :

Mobilbilde tatt under auksjonen. Dette er frå starten etter pausen. Det dyraste objektet i auksjonen var ein 1 Speciedaler sølvmynt frå 1655 som vart solgt til utrop kr 140 000 + 10% salær = kr 154 000.

Mobilbilde tatt under auksjonen. Dette er frå del 2 av auksjonen.

Frå myntmessa i pausen på auksjonen. Det vart handla ein god del mynter og sedler, så dei som ikkje vann objekt på auksjonen kunne uansett anskaffe seg mykje til samlingane sine.

Mynthandler Bjarne Klykken frå Skilling AS hadde mange flotte mynter, sedler, postkort og brev til salgs.

Her er standen til Gullhøna AS. Her var det særleg mange gullmynter til salgs. Og som vi ser : Gullhøna var med.

Standen til Riibe Mynthandel var plassert utanfor messelokalet. Men det var fordi det var usikkert om dei kunne delta heilt til det siste. 

Leder i Trøndelag Numismatiske Forening Stig Arne Westerhus snakker med Kristine Riibe ved standen til Riibe Mynthandel.  



Jubileumsmiddag i Restaurant Nidelven på Scandic Nidelven om kvelden 23.10.2021.

Mens vi venter på maten.

Mens vi venter på maten. Det ble servert ein treretters middag med okse høgrygg som hovedrett.

Leder i Romsdal Myntforening taler under jubileumsmiddagen til Trøndelag Numismatiske Forening, 

Ragnar holdt ein knakende god tale.


Søndag 24.10.2021 : Heimreise med buss Trondheim - Molde - Nesjestranda - Åndalsnes.

Klar til avreise med bussen frå Scandic Nidelven i Trondheim. Det var også andre busser som skulle hente folk på hotellet, blant anna denne Tide bussen som skulle til Namsos. Trondheim, 24.10.2021.

Ein stødig bussjåfør tar oss heimover etter ei begivenhetsrik helg i Trondheim.

Bussjåfør og reiseleder Odd Inge Herje. Tusen takk for turen !




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar