Kom køyrande over Solemdalen og fekk sjå stor aktivitet i forbindelse med felling av 2 store grantre ved starten på vegen til Kvernhuslia. Stoppa opp for å sjå på trefellinga i regi av Elinett (Istad). Dei 2 store granene stod midt blant mange strømkabler, så det var ikkje så enkelt å felle dei. Kabler måtte legges ned for å kunne felle granene utan å gjere skade. Kom litt for seint for å ta bilder av den største grana, men fekk med nokre bilder i det den minste grana gjekk i bakken. No er i alle fall faren for at dei store granene skal føre til strømstans borte. Granene representerte ein betydeleg fare for strømstans om dei skulle blåse overende. Her er bildene :
Gran # 2 under felling. |
Gran # 2 under felling, Kvernhuslia, Solemdalen, 05.05.2022. |
2 karer med motorsag i gang med kvisting. |
Kvisting av gran. |
Kvisting av gran. |
Dette var den største grana som stod ved vegen til Kvernhuslia. Den hadde begynt å få råte i midten. |
2 karer som diskuterer alder på granene. Granene var små då Kvernhuslia boligfelt vart påbegynt for over 40 år sidan. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar