søndag 1. mai 2022

Jernverket i Osen, 01.05.2022

Gjekk i dag ein tur for å sjå restane etter Jernverket i Osen i Molde Kommune. Hadde aldri vore der før så var usikker på kva eg kunne finne av rester. 
Jernverket i Osen vart starta opp av Sunnmørsfuten Ole Alsing i 1761 og var i operasjon i 20 år fram til 1781. Jernverket er unikt i den forstand at det er det einaste Jernverket i Møre og Romsdal. Det vart gjort opprydding i området i 2001 på dugnad av Fortidsminneforeninga,  Klurtolla 4H og grunneiere med økonomisk støtte frå Møre og Romsdal Fylke. Samtidig vart det satt opp Opplysningsskilt i samarbeid med Romsdalsmuseet.  
Det har no gått 21 år sidan og som mine bilder viser er det stort behov for ny opprydding i området. Skog og kratt har tatt overhånd og gjort området lite tilgjengelig for publikum. Det er også ein bekk som renn over vegen inn til området som må vaspes om ein skal komme seg dit.  Viser til informasjon som er å finne på opplysningsskilta. Bildene er teksta for å prøve å forklare kva ein ser. Det største og viktigaste kulturminnet er nok restane etter den 12 m høge Masovnen. Malmen som var brukt i Jernverket vart frakta til brygga ved navn Malmen i Osen og derifrå med hesteskyss til Jernverket. Det er nevnt at malmen kom frå fleire plasser blant anna frå Vevarneset på Nesjestranda.
Plassering av jernverket akkurat her i Osen var gjort på grunn av tilgang til vasskraft frå Oselva som vart leda i kanaler til området. I tillegg var det mykje skog i området som vart brukt til kolbrenning i jernverket.
Det er synd at det arbeidet som vart gjort så seint som i 2001 har vore forgjeves sidan det ikkje har vore oppfølging og rydding i dei siste 21 åra. Her er det rikeleg med arbeid å gjere og kanskje Fortidsminneforeninga vil ta eit nytt tak ?

Opplysningsskilt ved Osbrua. Trykk på bildene for å sjå større bilder slik at teksta blir lesbar.

Opplysningsskilt ved Osbrua. Her står litt om historien til Jernverket i Osen.

Dette skiltet viser vegen mot Jernverket i Osen. 

Dette opplysningsskiltet står der ruinane etter blant anna hovedbygninga til Jernverket stod. Dette huset vart flytta til Molde, men gjekk med i ein brann i 1916. 01.05.2022.

Her er det som er igjen av husmurane til hovedbygninga. Fortsatt litt snø igjen på bakken 1. Mai 2022.

Rester av ein kjellar som stod like ved hovedbygningen.

Restar etter ein "oppmurt platting". Her er det rikeleg med gråor.

Opplysningsskilt ved restane etter Masovnen til Jernverket. 

Restane etter den nederste delen av masovnen. Masovnen var totalt 12 m høg og hadde ei grunnflate på 9 x 8.7 m. Dette er nok det viktigaste kulturminnet etter Jernverket i Osen og burde blitt tatt bedre vare på. 01.05.2022.

Restane etter den nederste delen av masovnen. Masovnen var totalt 12 m høg og hadde ei grunnflate på 9 x 8.7 m.

Rester av jernmalm like ved masovnen.

Restar av grunnmurane til masovnen.  I dag er det ein stor haug med delvis oppmura steinblokker.

Restar av grunnmurane til masovnen.  I dag er det ein stor haug med delvis oppmura steinblokker.

Restar av grunnmurane til masovnen.  I dag er det ein stor haug med delvis oppmura steinblokker.
Som vi ser skulle det ha vore rydda skog og kratt slik at kulturminnet vart meir synleg.

Ein av vasskanalane som førte vann frå Oselva til Jernverket. 

Vasskanalkryss.  Svært mykje skog og kratt gjer det vanskeleg å gå i dette området. 

Fv 6236 , (fram til 2019 Fv 407), som er vegen mellom Osbrua og Gussiås Bru har fått navnet Jernverksvegen. Gode intensjoner for å minnes Jernverket i Osen, men sjølve Jernverket eller restane av det har nok gått i den tjukke gløymeboka.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar