søndag 28. oktober 2012

Tur til Heian - Søndag 28-Okt-2012

Etter 3 dager med snøvær vart det kjempefint vær med sol og blå himmel denne søndagen. Det var tid for å prøve å ga ein tur opp Kamvegen for å sjå kor langt det gjekk an å komme seg til fots. Det hadde komme meir enn 15 cm nysnø nede i bygda, så snømengden til fjells var nok betydeleg større. Det var trakka sti opp til postkassa på Kammen, men etter siste snøvær i går var det kun ein person som hadde vore oppe på Kammen før meg denne dagen. På turen ellers møtte eg ein jeger og eit par spreke kvinnfolk som tok turen som joggetur. Frå Kammen og opp på Heian var det ikkje spor etter folk og det vart vaspasamt i nysnøen som målte 30 - 35 cm. Kom meg opp siste berget og opp på Heian.  Snødybden målte eg her oppe til minst 42 cm og det var langt over støvlane mine. Hadde med tommestokk for nøyaktig måling av snødybde. Det var berre å snu for det kom til å bli kaldt og vått med snø i støvlane og svært tungt å fortsette oppover mot toppen av Horja. Turen vart såleis ein test av Fjellvettregel nr 8 "Vend i tide, det er ingen skam å snu".Tok meg i alle fall ei velfortjent pause på kanten av Heian og kunne nyte den flotte utsikta i solvarmen. Turen ned gjekk naturlegvis raskare enn opp ga ekstra god balansetrening ved å gå/jogge ned ein svært smaltrakka sti. Her er nokre bilder frå turen :

Flott snølandskap oppover Kamvegen.
Snøen kom tidleg i år og bjørka har ikkje felt lauvet endå. Blir det meir blaut snø, kan det bli store skader på lauvskogen.
Kamsetra i vinterdrakt.
Myra øverst i Kamvegen.
Flott furugrein på Kammen.
Postkassa øverst på Kammen med utsikt mot Molde by.
Stien vidare frå postkassa var ubrukt etter at snøen kom 25-Okt-2012.
Ustikt frå kanten av Heian.
Utsikt mot Horja frå Heian.
Hit men ikkje lenger. Oppe på Heian målte eg 42 cm nysnø. Vaspa i snø til langt over støvlane, så det var mest fornuftig å snu.
Pause i solvarmen på kanten av Heian.

fredag 26. oktober 2012

Høstbilder Oktober 2012

Har her samla ein del av årets høstbilder. Høstfargene er flotte, men det kan vere vanskeleg å fange dei rette motiva. Her er det berre å knipse i veg for å bli flinkare.
Bildene er tatt i tidsrommet 17/10 til 26/10, altså litt over ei veke i oktober. Første snøfallet i år kom den 25/10 og varte ei vekes tid.

17-OKT-2012 :

Kaprifolblomstene har blitt til flotte røde bær. Borg, Nesjestranda.
Kaprifolbær, Borg, Nesjestranda.
Blåbærlyng i hagen på Borg, Nesjestranda.
Veggen på uthuset har også fått høstfarger, Borg, Nesjestranda.
Nærbilder av bladene til slyngplanta på uthusveggen. Borg, Nesjestranda.
Det var blader i mange farger på uthusveggen, Borg, Nesjestranda.

24-OKT-2012 :

Snøen har no komme langt ned i fjella. Dei neste 2 bildene er tatt av ein jordbæråker med flott rødfarge. Åkeren ligg rett nedfor boligfeltet Hestehagen mellom Røbekk og Strande. Marken høyrer vel til garden Elsås, men er utleid til Krohn Jordbær. Dagen etter kom det meir snø, så denne dagen var muligens siste sjanse til å få tatt bilde av denne flotte jordbæråkeren. Andre jordbæråkrer i området hadde meir normal grønnfarge, så det kan vel vere ein spesiell sort jordbær som har så flotte høstfarger.

Flott rødfarge på bladene i denne jordbæråkeren på Røbekk. Vi ser over Fannefjorden mot Brokstad og Grønnes. Skåla har snø heilt ned til skoggrensa.
Flotte farger i jordbæråkeren.

25-OKT-2012 :

Den første snøen kom på torsdag 25-Okt-2012.

Borg etter det første snøfallet, 25.10.12.

26-OKT-2012 :

Dagen etter hadde det komme meir snø og været var fint. Måtte ta nokre fleire bilder. Dette snøfallet varte omtrent ei veke, og det vart nokre kalde dager med temperaturer ned mot 7-8 kuldegrader.


Borg. Har starta på den første snømåkesjauen.

Rosene stod fortsatt i blomst. Borg, Nesjestranda.
Flotte røde roser med snø.
Gule roser med snø.

Været skifta fort denne dagen frå sol og fint til kraftige snøbyger. Anne Torill og Silje vart overraska av snøkave på tur heim frå Skålasenteret.



torsdag 20. september 2012

Kristiansund

19-21-Sep-2012 var eg på standby i Kristiansund for utreise til flyteriggen "Transocean Spitsbergen". Det vart 3 netter på Quality Grand Hotel, mens eg venta på å bli kalt ut til riggen. Fekk dermed god tid til sightseeing i Kristiansund og tok ein del bilder med tanke på blogginnlegg. Så her følger ein del bilder frå mange av dei mest kjente landemerka og turistattraksjonane i Kristiansund. Har laga egetblogginnlegg for Sundbåten, men det har sneke seg med eit par bilder her også.
Bildene er tatt den 20-Sep-2012 såfremt ikkje anna dato er oppgitt i bildebeskrivelsen.
Denne dagen starta på brygga i Kristiansund og tur over til Innlandet (Tahiti) med Sundbåten "Rapp".

Klippfiskkjerringa på Sundbåtkaia i Kristiansund.
Sundbåten "Rapp" ved kai på Innlandet. 
Dødeladen Cafe, Innlandet.
Bak dette gjerdet arrangeres Tahiti-festivalen.
Dette huset står igjen på ein bergknaus på Innlandet. Fjellet er sprengt bort rundt heile huset.
Måsestativ på Innlandet. Dårleg med måser denne dagen.
Her er den einaste klippfiskbutikken i Norge.
Etter retur til Kirkelandet med Sundbåten var eg ein tur og besøkte Knut Garshol Klippfisk. Dette er vel den einaste klippfiskbutikken i Norge. Om sommaren kjem det busslaster med spanjoler hit for å besøke Baccalaoens heimby.

Fasaden til Knut Garshol Klippfisk i Kristiansund.
Baccalao-kasse hos Knut Garshol Klippfisk.


Dette er ekte klippfisk av ypperste kvalitet.
Turen gjekk vidare forbi Nordmørskafeen og Smia Fiskerestaurant til Mellomverftet i Vågen. Her er det mykje sjøfartshistorie og kystkultur og absolutt verdt eit besøk.
Nordmørskafeen er plassen for god, norsk tradisjonsmat i Kristiansund.
Smia Fiskerestaurant.
Frå Mellomverftet. Den gamle fiskebåten "Frimann" ligg på slippen.
Mellomverftet i Vågen i Kristiansund.
Den gamle redningsskøyta "Christiansund" er restaurert og ligg til kai ved Mellomverftet.
Mellomverftet med "Frimann".
Mellomverftet. Dette er restane av den gamle treferja "Rjånes", bygd i 1936. 21.09.12.
I Kristiansund må eg alltid ta ein tur opp til Vanndamman og sjå på fuglelivet. Her var det no mest måser, stokkender og duer, men det også alltid påfugl og knoppsvane. I år har dei også nokre moskusender.

Vanndamman.
Vanndamman er kjent for sitt fugleliv. Her er blant anna ein blå Påfugl.
Vanndamman. Denne "flotte" fuglen er ei Moskusand.
Knoppsvane er ein fast hekkefugl i Vanndamman.
Tissegutten i Vanndamman blir visst aldri ferdig.
På veg ned igjen frå Vanndamman passerer ein den flotte fossen nederst i Langveien.

Denne fossen vart laga i anledning Kristiansund sitt 200 års-jubileum i 1992.
Eg budde 3 netter på Quality Hotel Grand.
Comfort Hotel Fosna har flott beliggenhet med utsikt over havna. 21.09.12.
Til slutt tar eg med nokre bilder av kjente båter på havna i Kristiansund.

Fiskebåt på havna. Her får ein kjøpe alt av fisk, sjømat og Hjortekjøtt !!!
"Ramsøyfjord" M-144-M frå Smøla. Bildet tatt 21.09.12.
Redningsskøyta "Christiansund" på tur i Nordmørsbyen.
Kystekspressen er eit vanleg syn på havna i Kristiansund. Dette er "Ladejarl".
Hurtigruta "Nordnorge" forlet Kristiansund og gjer at Sundbåten "Rapp" må ta ein unnamanøver.