mandag 15. august 2011

Tur til Eikesdal med Stikk UT

13-Aug-2011 :

Lørdag 13 august tok vi turen til Eikesdalen. Det var slutten på Eikesdalsdagene med marked og salgsboder og i tillegg ville vi benytte sjansen til å gå ein Stikk UT tur. Aursjørittet hadde allerde starta då vi kom innover. Etter ein runde i markedet køyrde vi opp til Finset for å gå Stikk UT tur til Slettet og Per-Nilse Spranget. Det er start på god skogsveg frå Finset og vegen går vidare oppover dalen heilt til der dalen slutter og elva kaster seg utfor i fossen Aurstøypet. For å komme til fossen må ein gå på sørsida av elva, så det får bli ein annan tur. Denne gongen var målet ein stor gapahuk på Slettet. Her er det beiteområde for ungdyr og sau. Det var ein svært stor og flott gapahuk som egna seg godt som Stikk UT mål. Etter turen til Slettet dro vi igjen ned i Eikesdalen og prøvde oss i kano på på Eikesdalsvatnet. Dette var eit tilbud i forbindelse med Eikesdalsdagene. Avslutta besøket i Eiksedalen med kjøttkake-middag i Eidkesdal Vertshus.
Her er nokre av bildene frå dagens tur.
3 stk i Eikesdalen. Bak til høgre er markedsplassen.
Her starter vegen opp til Stikk UT posten Slettet på Finset.
Ut på tur frå Finset.
Martin har funne plass i ei uthola trestamme.
Utsikt oppover vegen mot Slettet.
Steinalderboer Ida i ei av mange spennende huler langs vegen oppover mot Slettet.
Jentene på veg opp ein bratt bakke.
Info-tavle ved Per-Nilse Spranget.
Infotavle og turbok-kasse ved Per-Nilse Spranget.
Dette er Per-Nilse Spranget over elva. No er det kun rester av ei gammel bru på kvar sideBrua vart bygd for å kunne benytte beitemarka på andre sida av elva. Motsol har ført til ein rød flekk midt i bildet.
Martin ser turmålet : Gapahuken på beitemarka som har det litt underlige namnet Slettet.
Martin ved gapahuken på Slettet. Her er det Stikk UT post.
Matpause i gapahuken på Slettet.
På turen ned igjen tok vi oss ei pause ved ei fin strand i elva. Det var nok litt kaldt i vannet, men det var godt å få avkjølt seg litt.

2 steinalderboere i ei hule langs vegen til Slettet, Eikesdal

Martin prøvesitter den gamle dumperen som er hensatt langs vegen til Slettet.
Frå skogsvegen til Slettet, Finset, Eikesdal.
Ida ville også prøve den uthola trestammen. Dette varr ein god gjemmeplass.
Slik ser treet ut frå andre sida.

Idylliske Oppigård med den flotte hagen. Den er like ved Eikesdal kirke.
Nord Helikopter hadde sightseeingturer i helikopter under Eikesdalsdagene.
3 stk på kanotur på Eikesdalsvatnet.

I kanotur på Eikesdalsvatnet.
 
Mardalsfossen

Mardalsfossen

tirsdag 12. juli 2011

Tur til Tarløysa, 1086 moh

06-Jul-2011 :
Tok meg ein kveldstur til Tarløysa den 6-Juli. Køyrde bomvegen opp til Nysetra og fulgte stien opp til toppen. Det er flott utsikt heimover mot Nesjestranda på denne turen. Det var litt disig om kvelden, men ellers flott turver. Her er ein del bilder tatt under turen :
Vegviser til Tarløysa på Nysetra.
Utsikt ned mot markene på Nysetra på Åfarnesnakken.

Tarløysa, toppen er heilt til høgre.

Pause på tur opp til Tarløysa.

Utsikt mot sør frå kanten av aksla. Stupbratt ned på østsida av fjellet. Ser såvidt Selsetervatnet i Skorgedalen i bakgrunnen.

Utsikt langs ryggen av Tarløysa. 2 varder markerer høgaste punktet på ryggen. Høgaste toppen er i bakgrunnen.

Utsikt mot toppen frå ryggen av Tarløysa.

Utsikt mot aksla og Herjevatnet. Vi ser Langfjorden bak til venstre.
Oppe på ryggen ligg det fortsatt ein stor snøbre.

Toppen av Tarløysa på 1086 moh.. Dette er siste bakken opp. Stien går langs kanten til venstre.

Ein Steinskvett markerte reviret sitt ved stien oppe på Tarløysa.

Utsikt ned mot den bratte midtryggen på østsida av Tarløysa.

Utsikt frå toppen tilbake mot ryggplatået.
På toppen av Tarløysa er det satt opp ei lita hytte.
Utsikt frå hytta mot Nesjestranda på nordsida av Langfjorden.
Dette skiltet står på veggen til hytta.
Hytta på Tarløysa. Utsikt ned mot Rødvenfjorden.

Utsikt frå toppen av Tarløysa mot midtryggen, aksla og Herjevatnet.

Dei 2 vardane nede på hovedryggen av Tarløysa.

På tur ned igjen. Utsikt frå trimposten på Telen mot Herjevatnet.
http://bloggurat.net/kart/registrere/7802/nesjestranda


mandag 11. juli 2011

Tur til Trollveggen Besøkssenter og Kylling bru, Verma

10-Jul-2011 :
Tok oss ein tur til Romsdalen på søndag 10-Jul-2011. Ville sjå korleis det har blitt på nye Trollveggen Besøkssenter. Dette nye senteret med stor souvenirkiosk, kafeteria og filmsal vart offisielt åpna den 11-Juni i år. Det har blitt eit flott byggverk med svært karakteristisk arkitektur. Det er også laga ei stor utetribune der folk kan sitte og sjå på den mektige Trollveggen. Kanskje er det fjellklatrere i sikte ....  Vi prøvde også maten i kafeteriaen. Kafeteriaen er i eit stort lyst lokale med uteplasser. Maten var god og serveringa gjekk raskt. Kan absolutt anbefale eit stopp her for dei som har tid til det.
Trollveggen er Nord-Europas høgaste loddrette fjellvegg med loddrett fall på over 1000 m. Store Trolltind er på 1788 moh og besøkssenteret på 54 moh, så høgdeforskjellen her er på heile 1734 m !
Sjekk linken : http://www.visit-trollveggen.com/

Trollveggen og Trolltindane 10.07.11. Litt skodde på dei øverste tindane.

Trollveggen Besøkssenter 10.07.11.
Trollveggen Besøkssenter.

Trollveggen Besøkssenter med uteservering og tribune.

Ida og Martin øverst på utetribunen.
Trollveggen Besøkssenter.

Toget i turistruta Åndalsnes - Bjorli stoppa rett framfor besøkssenteret.
 Like ved Trollveggen Besøkssenter står gamle Romsdalshorn jernbanestasjon. Den vart flytta hit for ein del år sidan og er no restaurert. No er den i bruk som utsalgsplass for lokale kunsthåndverkere. Stasjonen har fått nytt navn : "Trollveggen".

Gamle Romsdalshorn jernbanestasjon.



Vi køyrde vidare opp til Verma. Ville ta ein tur ned til fotopunktet for Kylling bru. Det er merka sti frå vegen ved Verma Nærbutikk. Stien går ned til ein utkikksplass der det er eit stup rett ned i elva. Plassen er sikra med solid gjerde. Flott utsikt opp til Kylling bru. Her er det også ei Info-tavle med informasjon og bilder frå bygginga av brua. Brua vart bygd over 9 år frå 1913 til 1921 og har ei lengde på 76 m der hovedhvelvet er 42 m. Det er 59 m ned til elva Rauma. Dette er utan tvil Norges flottaste jernbanebru og ein viktig del av Raumabanen som gjer at dette er ei av dei flottaste jernbanestrekningane i landet.
No er det berre å ønske seg oppslag om tidene for passering av tog. Det kom i alle fall ingen tog den stunda vi var der nede. Det hadde vore kjekt med eit bilde av Kylling bru med passerende damptog !
Kylling bru, Verma.
Kylling bru.

Info-tavle ved utkikkspunktet.