søndag 27. september 2020

Tur til Kramkista, 27.09.2020

Dette er eit innlegg frå 2020 som eg ikkje har publisert før.  Innlegget er laga etter ein tur eg gjekk til Kramkista oppe i Stor Skåla. Turen starta frå Ytter Horsgård ved å gå skogsvegen som starter vest for Ytter-Horsgårdelvene. Følg skogsvegen til endes og gå rett opp i Horsgårddalen. Kramkista er ein stor stein som ligg øverst på Ytter-Horsgårdheia på sørsida av Stor Skåla i Molde Kommune. Steinen er sannsynlegvis ei blokk som har rast ut frå fjellet lenger opp. Men det kan også vere ei flyttblokk. Uansett har steinen fått namnet Kramkista eller Kramkistå (dialekt). Namnet kjem frå at steinen ligner på den kista som kramkarane bar med seg når dei dro land og strand rundt for å framby sine handelsvarer i "gamle" dager.  

Eg kjenner til steinen frå mange turer til dette området for å jage heim sauene som gjekk i fjellet. Sauene på gardane Reitan og Ytter Horsgård gjekk gjerne samla i fjellet og på turane om hausten for å jage sauene til gards var det folk frå begge gardane som gjekk i følge. Som guttunge var eg med min bestefar Knut Reitan og det var enten Martin Horsgård eller Lorents Horsgård som var med.

Eg har også tatt bilde av Kramkista ein gong tidlegare, den 10.08.2000. Landskapet har endra seg ein del på dei siste 20 åra. Bjørkeskogen har vokse opp og har delvis skjult Kramkista. 
For moro skyld tok eg nokre mål på Kramkista. Den er 12 m lang og gjennomsnittleg 5 m brei, 60 m² flate. Høgdene varierte frå 3 - 4.7 m i øst og 5 - 6 m i vest, gjennomsnittleg 5 m. Dermed er det ein stor stein på ca 300 m³.
Kramkista er synleg på flyfoto som vist nederst i dette innlegget. Informasjon om Kramkista finnes også i boka "Stadnamn i Molde Kommune" av Kåre Magne Holsbøvåg.

Kan vel ikkje seie at dette er eit "populært" turmål, men det er uansett ein fin tur med flott utsikt. Tur til Stor Skåla kan ein gå frå Ytter Horsgård om Horsgårddalen og då kan ein velge å gå via Kramkista på opp- eller nedtur.  God Tur !


Klempen ruver over skogen på turen opp lia til Horsgårddalen, 27.09.2020.

På tur opp til Horsgårddalen. Utsikt mot Klempen, Øvre Klempen og Blåbergknausen (til venstre). 27.09.2020.

Utsikt opp mot Blåbergknausen. Kan ikkje sjå toppen av Stor Skåla herifrå. Eg gjekk opp den bratte lia omtrent midt på bildet. Det var tett bjørkeskog og til dels vanskeleg å komme opp. 27.09.2020.

Tjernet oppe i Horsgårddalen ca 444 m.o.h. Her oppe låg Ytter Horsgårdsetra. Den vart nedlagt ca 1840-1850, så det er ingen rester igjen i dag. Tjernet ligg i den vestlege greina av Ytter-Horsgårdelva som starter litt lenger oppe i Reset mellom Litle Skåla og Stor Skåla. 27.09.2020.

Utsikt mot Reset mellom Litle Skåla og Stor Skåla. 27.09.2020.

Her er Kramkista. Det har vokst opp ein del bjørkeskog rundt steinen. 27.09.2020.

Kramkista sett frå nersida (sørsida). Dette er ein stor stein eller fjellblokk. 27.09.2020.

Kramkista sett frå øversida. Toppen av Kramkista ligg på 652.1 m.o.h. Utsikt mot Langfjorden og Mittet. 27.09.2020. 

Kramkista sett frå øversida. Ved steinane midt på bildet er det muleg  å klyve opp på steinen. 27.09.2020. 

Dette er eit bilde av Kramkista som eg tok 10.08.2000. Litt mindre skog den gongen.

Frå toppen av Kramkista. Utsikt vestover mot Langfjorden og Mannfjellet. 27.09.2020.

Slapper av på toppen av Kramkista, 27.09.2020.

Frå toppen av Kramkista, 27.09.2020.

Frå toppen av Kramkista, 27.09.2020.

Frå toppen av Kramkista, 27.09.2020. Utsikt mot Langfjorden og Mittet. Ser også kraftspennet over Langfjorden.

Rypelyng på Ytter-Horsgårdheia, 27.09.2020.

Flyfoto som viser Kramkista. Frå Norgeskart.

Flyfoto som viser Kramkista. Frå Norgeskart.


fredag 11. september 2020

Hybridferga "Eresfjord" på første besøk til Sølsnes

I dag kom hybridferga "Eresfjord" på besøk til Langfjorden for å prøve fergekaiene på Sølsnes og Åfarnes. Etter sigende skal ferga inn i rute 36, Sølsnes - Åfarnes om eit par veker. Den skal ligge ved Bolsønes Verft for å få gjort noko garantiarbeid frå byggeverftet. Plana er så at "Eresfjord" og "Lifjord" skal trafikkere sambandet. Ferge nr 2 som bygges for dette sambandet er "Rødvenfjord". Ho er forventa ferdigbygd på Tersan Shipyard i Tyrkia om ca 1 år. Det skal også bygges ny fergekai med liggekai på Åfarnes, så det kan vel drøye lenge før dei 2 store nye hybrid-fergene er i full drift i sambandet.

M/F "ERESFJORD" :
Bygd 2019 ved Tersan Shipyard, Altinova, Yalova, Tyrkia.  Hybrid framdrift, Design : Multi Maritime MM104FE EL.  2797 grt, 107.5 m lengde, 17.7 m bredde. Passasjerkapasitet 343 inkludert mannskap. Bilkapasitet 120 PBE. Kan frakte 12 vogntog.  Levert 26.11.2019 til Fjord1, Florø.
Kom til Norge på nyåret 2020 og vart først satt inn i sambandet Halsa - Kanestraum (Rute 48).

Artig at 2 ferger med namn frå samme bygd i Romsdal skulle møtes i dette sambandet. Både "Eira" og "Eresfjord" er bygd for sambandet over Langfjorden mellom Sølsnes i Molde Kommune og Åfarnes i Rauma Kommune. Eira er namnet på elva som renn gjennom bygda Eresfjord og munnar ut i Eresfjorden som er ei fjordarm innerst i Langfjorden.
Her er nokre bilder frå "Eresfjord" sitt første anløp på Sølsnes.


Hybridferga "Eresfjord" kom til Sølsnes for første gong i 16-tida, 11.09.2020.

"Eresfjord" venter ute på fjorden til det er ledig plass ved fergekaia på Sølsnes, 11.09.2020.

"Eira" har gått frå Sølsnes og "Eresfjord" sig inntil kaia for første gong, 11.09.2020.

"Eresfjord" på veg til kai på Sølsnes, 11.09.2020.

"Eresfjord" på veg til kai på Sølsnes, 11.09.2020.

"Eresfjord" på veg til kai på Sølsnes, 11.09.2020. Ferga er breiare enn kaia.

"Eresfjord" ved Sølsnes Fergekai, 11.09.2020. 

"Eresfjord" legg frå kai for å gi plass til M/F "Stryn", Sølsnes 11.09.2020.

"Eresfjord" venter ute på fjorden for å gi plass til "Stryn" som var i rute 36, Sølsnes - Åfarnes. 11.09.2020.

"Stryn" går fullasta frå kai. Det er 2 gjenstående biler. Det er fredag og stor trafikk over sambandet. 11.09.2020.

"Eresfjord" og "Stryn" ved Sølsnes Fergekai, 11.09.2020.

"Eresfjord" på veg til kai for test nr 2, Sølsnes 11.09.2020.

"Eresfjord" på veg til kai for test nr 2, Sølsnes 11.09.2020.

"Eresfjord" ved fergekaia, Sølsnes 11.09.2020. 

"Eresfjord" ved fergekaia, Sølsnes 11.09.2020. Ambulansen frå Rauma var heldig og fekk vere med på første turen med "Eresfjord" frå Sølsnes til Åfarnes, 11.09.2020.

"Eresfjord" ved fergekaia, Sølsnes 11.09.2020.

"Eresfjord" gjekk svært elegant sidelengs ut frå kaia, Thrustarane virka svært bra. Sølsnes 11.09.2020.

"Eia" og "Eresfjord" møtes ved fergekaia på Sølsnes 11.09.2020. 

lørdag 22. august 2020

Dugnad hos Havnevik Småbåtforening, dag 2 - 22-Aug-2020

Det har vore dugnad i Havnevik Småbåtforening for oppgradering av båthavna. Gamle utriggere / bommer på den innerste brygga vart skifta ut og det vart montert utriggere for 2 ekstra båtplasser på den ytterste brygga. Totalt 41 utriggere / bommer vart montert. Utrigger kalles den delen som skal brukes til ombordstigning av båten, bommer kalles dei smalare utriggerne som skiller to båtplasser. 
Arbeidet med utskifting av utriggere og bommer starta på fredag 21.08.2020 kl 10. Arbeidet var ferdig i 15-tida på lørdag 22.08.2020.  Det var stor dugnadsvilje og innsats blant foreningas medlemmer. 
Eg var med på dugnaden på lørdag, og tok meg tid til å ta nokre bilder på tampen av dugnaden.
Bildene er frå montering av nye utriggere / bommer på den ytterste brygga. 
Utriggere / bommer kom i deler og vart først montert på land. Dette vart gjort før arbeidet med utskifting starta. Så vart dei "sjøsatt" med kranbil og slepa på plass i havna med småbåt. På brygga var folk i arbeid med demontering av gammel utrigger eller bom og så montering av ny. Gamle utriggere og bommer vart slept på land og nye frakta ut. Dette gjekk svært bra og effektiviteten auka etter kvart som mannskapet fekk erfaring med jobben. Dei gamle utriggerne og bommene har alle fått nye eiere. 

Her er ein billedserie frå slutten av dugnaden. Klikk på bildene for å sjå større bilde.

Ein kranbil løfta utriggerne ned på sjøen. Dei var utstyrt med ekstra flyteelement. Det vart full flo mot slutten av dugnaden og det gjorde arbeidet litt enklere.  Møbelfabrikken Nesje AS hadde velvillig stilt plass til disposisjon for dugnadsarbeidet.

Dugnadsgjengen på landsida venter på båt før krana kan slippe tak i neste utrigger.

Ein del av dugnadsgjengen på den ytterste brygga venter på neste utrigger / bom.

Ein småbåt slepa utriggere og bommer frå land og over til bryggene i båthavna.

Karane i småbåten har levert ein ny bom og er klar til å hente den gamle som skiftes ut.

Her venter dei på at den gamle bommen skal bli klar til slep.

Ein bom har komme over til brygga. Det må moteres beslag før den kan settes på plass og skrus fast.

Klart til å løfte på plass ein bom.

På den ytterste brygga vart nye utriggere og bommer festa med spesialbeslag til treplanken som går langs kanten.

Her kjem karane med den nest siste utriggeren. Den har rød farge i enden som betyr at her er det montert sikkerhetsutstyr (stige). Alle andre utriggere og bommer er blåfarga i enden.

Småbåten gjekk i skytteltrafikk heile dagen. 

Den nest siste utriggeren bogseres på plass.

Så var arbeidet ferdig og det var ikkje bruk for flyteelementa lenger.

Båtmannskapet avslutta med å frakte flyteelementa i land.

Her monteres den siste bommen i båthavna for denne gongen. Havnevik Småbåthavn, Nesjestranda, 22.08.2020.

Dei siste boltane skrus på plass. Så er arbeidet ferdig kl 14:55.

Plassplan over Havnevik Småbåthavn etter oppgraderinga.