mandag 6. april 2015

Skitur til Trøbua

2. Påskedag var siste sjanse for Påskeskitur på Skaret. Det vart eg og Martin som tok turen i rimeleg bra vær. Turen gjekk frå P-plassen ved Skarstua på Skaret og innover Langdalen til Trøbua. Dette er ei gammel høyløe som ligg innerst i Langdalen like over grensa til Gjemnes Kommune. Skiløypene frå Skaret passerer like forbi Trøbua. I Trøbua har Batnfjord IL hengt opp ei postkasse med turbok. Det er eit fint turmål for dei som ikkje vil gå alt for lang tur. Denne dagen var det stengt på MRT's Langdalsbu, så det var bedre å gå eit stykke til for å ta pause og snu ved Trøbua.  Det vart ein fin dag med sol og bra skiføre.  Takk for turen, Martin !

Martin på vegen opp mot fellesfjøset ved Gunilla. 06.04.15.

Her er vi nesten oppe ved fellesfjøset og har utsikt innover mot Langdalen.

Skiløypa går over markene til fellesfjøset på veg inn til Langdalen. 06.04.15.
Martin er oppe på det høgaste punktet på skiløypa inn i Langdalen. Utsikta innover er mot Åndalssetra og fjella i Gjemnes Kommune. 06.04.15.
Martin på veg ned bakken mot Langdalen.  06.04.15.
Martin er framme ved Trøbua, ei gammel høyløe innerst i Langdalen. 06.04.15.
Ved Trøbua, Gjemnes Kommune, 06.04.15.
Pause ved Trøbua, 06.04.15.
Martin skriv oss inn i turboka,  Trøbua 06.04.15.
2 skiløparar kviler seg i Trøbua, 06.04.15.
Trøbua ligg vakkert til litt opp for Botnvatnet. Bak Trøbua kan vi sjå vegen som kjem frå Åndalsetra. Fjella bak er Stortussen og Snøfjellet. 
På veg tilbake i skiløypa ved Langvatnet. 06.04.15.
Utsikt ned den lange bakken frå Langdalen mot fellesfjøset ved Gunilla. 06.04.15.
Martin i fin stil nedover bakken frå Langdalen.  06.04.15.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar