lørdag 4. juni 2022

Kveldstur langs Røa til Kroken, 04.06.2022

Gjekk meg ein fin kveldstur langs elva Røa frå Gammelsagsvadet / Småsteinsvadet og opp til Kroken. Det går ein fin sti langs elvebredden som fiskarane i elva har brukt. I Kroken har det i lang tid stått ei hytte som er åpen for alle, turgåarar og fiskarar. Denne hytta har i seinare år blitt ombygd og endra. 
Her er nokre bilder frå Kroken. Har også tatt med 2 bilder av hytta som eg tok i 2015, forskjellen er stor.


Frå Kroken i elva Røa, Hovdenakken, Molde Kommune, 04.06.2022. Bjørka ved elvebredden midt i bildet har fått seg ein knekk av vinterens snø. (Sjå nest siste bildet kordan det såg ut for 7 år sidan).

Hytta ved Kroken har vorte ombygd, 04.06.2022. Hytta ligg på eiendommen til Hovdenakken Gård, gnr 16/1.

Hytta ved Kroken har vorte ombygd, 04.06.2022.

Frå Kroken i elva Røa, Hovdenakken, 04.06.2022.

Viser også eit par bilder som eg tok frå samme plass i august 2015. Hytta har fått ei brtydeleg oppgradering.

Frå Kroken i Røa, Hovdenakken, 22.08.2015.

Dette er hytta ved Kroken i Røa 22.08.2015, før oppgradering.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar