tirsdag 4. mai 2021

K/F "Solskjel Kabelferge", 04.05.2021

I Norge er det svært få kabelferger i drift. I Møre og Romsdal har vi eitt kabelfergesamband. Det er sambandet over til Solskjelsøya på Nordmøre. Dette var fram til 2006 i Tustna Kommune, deretter i Aure Kommune etter kommunesammenslåing. 
Tustna Kabelferge BA vart stifta 20.10.2001. Kabelferge vart bestilt og levert 20.12.2008 frå Promek AS, Dyrnes på Smøla. Sambandet vart åpna 16.01.2009 og er "fastlandsforbindelse" for Solskjelsøya over Nordheimsundet til Nordheim på Stabblandet i dagens Aure Kommune. Strekninga er på ca 500 m og det er satt opp 2 daglige avganger. Frå 01.01.2013 skifta selskapet navn til Solskjel Kabelferge SA.
Kabelferga heiter K/F "Solskjel Kabelferge" og er 14.2 m lang med lastekapasitet på 24 tonn. Den tar opp til 4 biler og 12 passasjerer. Maskineriet er ein hydraulisk winch drevet av ein Deutz 81kW Dieselmotor.
Var heldig og fekk sjå ferga i fart under mitt besøk på Nordheim. Med kun 2 avganger daglig er det stor sjanse for at ferga ligg i ro på Solskjelsøya. 
Sjekk bildene nedenfor. Klikk på bildene for å sjå større bilde.

K/F "Solskjel Kabelferge" ligg ved fergeleiet på Solskjelsøya. Foto tatt frå Nordheim på Stabblandet.

Utsikt rett over Nordheimsundet til Solskjelsøya frå fergeleiet på Nordheim. 

Utsikt rett over Nordheimsundet til Solskjelsøya frå fergeleiet på Nordheim. 

K/F "Solskjel Kabelferge" ligg ved fergeleiet på Solskjelsøya. Foto tatt frå Nordheim på Stabblandet.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over Nordheimsundet.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over Nordheimsundet.

K/F "Solskjel Kabelferge" er nesten framme ved fergeleiet på Nordheim.

K/F "Solskjel Kabelferge" ved fergeleiet på Nordheim. Fergelemmen er lagt ned. Denne turen som gjekk utenom rutetabellen var for å hente ein passasjer.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur over til Solskjelsøya igjen.

K/F "Solskjel Kabelferge" på tur frå Nordheim over til Solskjelsøya.



M/F "Driva" i rute 49 Hennset - Arasvika, 04.05.2021

Tok ein del bilder under min rundtur på Nordmøre 04.05.2021. Her er ein fotopresentasjon av M/F "Driva" og fergesambandet Hennset - Arasvika som går mellom fastlandet i nye Heim Kommune, Trøndelag og Ertvågøya i Aure Kommune, Møre og Romsdal. Hennset var som kjent i tidlegare Halsa Kommune i Møre og Romsdal, men Halsa slo seg sammen med Hemne og ein del av Snillfjord Kommune den 01.01.2020 og valgte dermed å forlate Møre og Romsdal Fylke. Sambandet (rute 49) heitte tidlegare Hendset - Aresvik, men navna vart vel endra etter påtrykk frå Språkrådet. Dette er Fjord1's beste fergerute meinte ein frå mannskapet. Ferga går ein tur omtrent kvar time og trafikken er moderat, så det er lite stress for mannskapet. Overfartstida er ca 13 minutt, så det blir litt liggetid for ferga. Sambandet trafikkeres av M/F "Driva" frå Fjord1, tidlegare MRF. Ferga er den eldste ex MRF-ferga som Fjord1 har i drift. Den vart bygd av Ulstein Mek. Verksted i Ulsteinvik i 1963. Rute 49 er eit flott fergesamband i flott Nordmørsnatur. 

M/F "Driva" ved Hennset fergekai, Heim Kommune, 04.05.2021. 20 minutt ventetid på neste tur over Arasvikfjorden.

M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021.

M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021.

M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021. Hadde lenge einaste bil i fergekøa, men det kom etterkvart fleire biler som skulle vere med.

M/F "Driva" ved Hennset fergekai, 04.05.2021.

M/F "Driva" i rute 49, Hennset - Arasvika, 04.05.2021.

M/F "Driva" i rute 49, Hennset - Arasvika, 04.05.2021.

Ferga nærmer seg fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.

Ferga nærmer seg fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.

Fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.

M/F "Driva" ved fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.

M/F "Driva" med avgang kl 14:16 frå fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.

Eit kaihus ved fergekaia i Arasvika viser det gamle navnet Aresvik, 04.05.2021.

Fergekaia i Arasvika, Aure Kommune, 04.05.2021.


fredag 30. april 2021

Naturbilder frå Molde Kommune 30.04.2021

Køyrde meg ein rundtur i Molde Kommune på den siste dagen i april. Det er fortsatt ein del snø igjen på markene og temperaturen er fortsatt lav 5-10 grader. Tranene har spredd seg utover i kommunen og deres høge rop kan høyrest mange plasser i kommunen. Endene har returnert til delvis islagte vatn. 

Froskene har for lengst starta med å legge froskeegg. Men nattefrost kan føre til at ein del av egga går tapt. Kom over eit lite tjern med stor aktivitet rundt ein stor klase med froskeegg. På det eine bildet eg fekk tatt kan ein sjå 6 frosker.  

Sjølv om tranene er blitt vant til biltrafikk er dei fortsatt ganske sky og trekker unna vegen om ein kjem dei for nær. Fekk tatt eit bilde av ei trane som tok til vingane. Ho hadde nok komme litt for nær bilvegen. Observerte totalt 14 traner på turen. 

Alle bildene er tatt med speilreflekskamera med zoom-objektiv.
Her er nokre av bildene frå mitt "Naturmagasin" datert 30.04.2021 :

Trane, 30.04.2021. Det er fortsatt delvis snødekte marker.

Trane, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Laksand, hann, 30.04.2021.

2 laksender, hanner, 30.04.2021.

Kvinand, hann,  30.04.2021.


Kvinand, hunn, 30.04.2021.

Canadagås, 30.04.2021.

Siland, hann, 30.04.2021.

Frosker i ein stor klase med froskeegg. Det er totalt 6 frosker som titter opp av vatnet. Klarer du å finne alle ?

Tranepar, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Trane, 30.04.2021.

Trane i flukt. 30.04.2021.